Bunadsbua As

Bunadsbua As Me leverer komplett Hardangerbunad til dame,herre og barn. Me har alt tilbehør til bunaden.

Sko frå Klaveness
Sølv frå Vossasylv og Sylvsmidja
Salg av stoff, perler og broderingspakkar

27/05/2026

Hei alle 🤩🤩
I sommar, frå juni og ut august, er det ikkje laurdsgsope på Bunadsbua. Me har ope 8-15 alle kvardagar unntatt torsdag då me har ope 8-17.
me har sommerstengt i veke 30 og 31 😎

Ny drakt – same stolte røter 🌿Med god hjelp frå Glynt har Bunadsbua fått seg ny logo – eit uttrykk som speglar både kven...
30/04/2026

Ny drakt – same stolte røter 🌿

Med god hjelp frå Glynt har Bunadsbua fått seg ny logo – eit uttrykk som speglar både kven me er, og kvar me vil vidare.

Etter at Bunadsbua fekk nye eigarar for to år sidan har me hatt lyst til å ta meir eigarskap til bedrifta. Den nye logoen vår er eit steg vidare for noko me verkeleg bryr oss om - samstundes som me ønskjer å ta vare på det viktigaste: kunnskapen, handverket og den historiske kulturarven.

Med røter i Hardangertradisjonen syr me Hardangerbunad med stoltheit og respekt for detaljane. Det meste vert framleis produsert lokalt – slik me meiner det skal vere.

Me gler oss til å vise fram den nye logoen vår og me set stor pris på å få vere ein del av bunadsgleda dykkar. 🎉🎉🎉

24/03/2026

Vil ynskja alle ei god påskefeiring 🐣🐣
I påsken har me ope palmelaurdag kl 10-14, mandag 30.03 og tysdag 31.03 kl 8-15.
☀️☀️☀️☀️☀️☀️☀️

Hei og Godt Nyttår alle😊Tysdag 13.januar mista nokon eine høyreapparatet sitt her hjå oss.
15/01/2026

Hei og Godt Nyttår alle😊
Tysdag 13.januar mista nokon eine høyreapparatet sitt her hjå oss.

19/12/2025

Me vil ynskja alle våre kundar og følgjarar ei riktig god jul og eit godt nytt år 🎄🎄❤️

Minner om opningstidene våre i jula:
23. - 28. desember STENGT
29. og 30. desember ope 10 - 14
31. desember - 4. januar STENGT

10/12/2025

⭐️OPNINGSTIDER I DESEMBER ⭐️
Tysdag 16. desember stenger me kl 12.30.
23. - 28. desember - STENGT
29. og 30. desember - 10-14
31. desember - 4. januar - STENGT

Me rydder litt i butikken og sel diverse hårpynt til   halv pris!! Salget gjeld hårband og hårruller og berre dei varene...
05/12/2025

Me rydder litt i butikken og sel diverse hårpynt til halv pris!! Salget gjeld hårband og hårruller og berre dei varene som heng på salgsstativet i butikken 🎅🏻🎅🏻

29/11/2025
⭐️Hårbøylekampanje⭐️17. november til 20. desember 2025 har me 30 % avslag på smale hårbøylar. Prisen no er 420 kr. Kom i...
17/11/2025

⭐️Hårbøylekampanje⭐️
17. november til 20. desember 2025 har me 30 % avslag på smale hårbøylar. Prisen no er 420 kr. Kom innom butikken eller ta kontakt dersom du vil ha ein 🤩🤩 Husk å bestille i god tid før jul dersom me skal sende til deg i posten 📮😊

Ein flott konfirmant i ny fin Hardangerbunad 🤩🤩Ho er ei av dei siste konfirmantane me lagar bunad til i år. Alt er produ...
10/09/2025

Ein flott konfirmant i ny fin Hardangerbunad 🤩🤩Ho er ei av dei siste konfirmantane me lagar bunad til i år. Alt er produsert av oss lokalt, med unntak av Hardangersaumane som dei hadde sjølv.
Det har vore eit travelt år, og me har laga bunader til over 70 konfirmanter i 2025 💪😊 Det er veldig kjekt å få vere med å lage kvar og ein av dei, og me håpar dei alle får mykje glede av bunadane sine 😊
Me er allereie i gang med neste års konfirmantar, og satsar på å få vist fram mange av dei her!

Address


Opening Hours

Monday 08:00 - 15:00
Tuesday 08:00 - 15:00
Wednesday 08:00 - 15:00
Thursday 08:00 - 17:00
Friday 08:00 - 15:00
Saturday 10:00 - 14:00

Telephone

+4795007764

Website

Alerts

Be the first to know and let us send you an email when Bunadsbua As posts news and promotions. Your email address will not be used for any other purpose, and you can unsubscribe at any time.

Contact The Business

Send a message to Bunadsbua As:

Shortcuts

  • Want your business to be the top-listed Shop?

Share