Dale Mannskor

Dale Mannskor Dale Mannskor stiftet 3. Juni 1931 Kort historikk om Dale Mannskor. Koret vart stifta 3.juni 1931 og kunne såleis feira 80-års jubileum i 2011. i St. OJD

Som namnet tilseier var medlemene den første tida frå tettstaden Dale. I dag kjem dei 34 medlemene for det meste frå ulike stader i Vaksdal kommune. Song og musikk har engasjert mange lokalt gjennom tidene, og Dale Mannskor har vore ein berebjelke i kulturlivet i kommunen heilt sidan oppstarten. Stor aktivitet og høg kvalitet har gjort dalekoret til ein viktig ambassadør for kor-songen langt ut ov

er kommunegrensene. Koret har eit rikhaldig "fest-repertoar" av lettare songar, bordviser og drikkeviser, som gjer at det kan skapa stemning og underhaldning når songarar møtest. Men aktivitetsnivået er nok mykje vidare enn dette. Dale Mannskor nyttar ofte karakteristikken "frå børs til katedral" om det allsidige repertoaret som inneheld profan-musikk og kyrkje-musikk frå ulike tidsepokar og varierande stilartar. Nettopp mangfaldet i musikkutvalet gjer at koret kan ta del med song i svært ulike arrangement, og slik har det også vore gjennom den siste mannsalderen både lokalt i eigen kommune, regionalt, på landsplan og i utlandet. Koret reiser mykje, og har sunge i eit 50-tals katedralar rundt om i Europa m.a. Paul katedralen i London, Kølner-domen, Notre Dame og Sacre Ceur i Paris, St.Vitus-katedralen i Praha, Mathias-katedralen i Budapest, Tempelkyrkjan i Helsinki, Domkyrkja i Tallinn, St.Peterskyrkja i Riga, St. Katarzyna-katedralen i Krakow, St. Johannes-katedralen i Warszawa, framføre Den Sorte Madonna i Jasna-Gora-klosteret i Czestochowa i Polen og den største hendelsen i Dale Mannskor si historie, song under "ei heilag messe" i Peterskyrkja i Vatikanstaten i Italia, september 2009. I jubileumsåret 2011 var koret på jubileumstur til Barcelona og Catalonia. Koret hadde fem offisielle opptreden. Koret deltok blant under messe i hovudkatedralen i Barcelona og Girona, men den største opplevinga var opplevinga i Montserrat – klosteret i Montserrat framføre vel 2000 menneske. I 2013 gjekk turen til Portugal og Lisboa med konsert i Lisbon Cathedral og Mosteiro Dos Jeronimos. Dale Mannskor har teke del i ei rekkje kor-konkurransar. Internasjonalt i Llangollen i Wales, på landsplan gjennom NRK og Korforbundet, og dessutan i mange "Syng for oss"-konkurransar som Norges Korforbund Hordaland har arrangert. Sist våren 2004 der koret kom på 2.plass i klasse A for mannskor. I perioden 1999 til 2001 hadde koret eit samarbeidsprosjekt med den kjende korpedagogen Thomas Caplin, med hovudfokus på korutvikling. Dale Mannskor har stått som vertskap for fleire songarstemner gjennom åra. I samband med 75-års jubileet i 2006 vart det arrangert stort stemne på Dale på vegne av Norges Korforbund Hordaland. Koret fekk i 1981 spelt inn musikk-kasetten "Dale Mannskor i alvor og skjemt" og CD-plata "frå børs til katedral" i 2001. I forbindelse med 75-års i jubileet i 2006 vart jubileumsboka, "Me fylles av jublande song" og CD- plata ”musikalske julegleder” gitt ut. Dale Mannskor sin faste dirigent er Lars Ragnvaldsen. Gjennom vel 50 år har han hatt ei sikker hand om koret, både som inspirator og som ansvarleg for den musikalske utviklinga. Under hans leiing har Dale Mannskor teke nye utfordringar, og som amatørkor halde eit høgt nivå.

Dale Mannskor har ein travel, innhaldsrik og spanande korhaust framføre seg. I anledning feiring av Modalens store dikta...
29/08/2024

Dale Mannskor har ein travel, innhaldsrik og spanande korhaust framføre seg. I anledning feiring av Modalens store diktarhøvding, Olav Nygard sitt 100 års jubileum så skal dette feirast med to konserter, den første allereie 13. september i Osasalen på Voss og deretter i Modalen i Mo kyrkje laurdag 19. oktober. I mellom desse to konsertane så vert det utanlandstur til Barcelona i månadskiftet september/oktober. Koret skal delta under ei Heilag messe i La Sagrada Familie først og så med ein konsert etter messa. Palau de la musica Catalana, eit av dei flottaste konsertlokala i verden skal også vitjast, og sjølvsagt så skal Dale Mannskor syngja. Vel heimatt frå Barcelona så er det å førebu seg til julekonsertar, i år vert det igjen samarbeidskonsertar med Marianne Juvik Sæbø, på Dale den 12. desember og Voss den 13. desember. Mykje å sjå fram til her, me gler oss!!

08/02/2024

Etter ein lang juleferie var det endeleg tid for øving igjen, og for ein gledens kveld det vart, heile 7 nye fjes dukka opp på øvinga, dette til stor glede for oss som har vore med ei stund, velkomen til dekå! Dale Mannskor har eit kjekt år framføre seg med mange kjekke hendingar. Allereie laurdag 2 mars vert det miniseminar med fokus på drikke og skåleviser, og sjølvsagt noko godt å drikke og ein matabet. Året vidare: Songarstemne i Lofthus i april, Daledagar i juni, markering av 100 års-jubileum for Olav Nygard i september, utanlandstur til Barcelona med song i La Sagrada familie og Palau de la musica, og så håper me å avslutte året i desember med julekonserter med Marianne Juvik Sæbø. Har du lyst å prøve deg som korsongar, nøl ikkje med å ta kontakt, me har alltid behov for fleire songarbrør. Du er velkomen til oss!!

Dale Mannskor vert å høyra i Dalesalen under årets Daledagar🎶 sjå Daledagsavis for utfyllende info🎶
31/05/2022

Dale Mannskor vert å høyra i Dalesalen under årets Daledagar🎶 sjå Daledagsavis for utfyllende info🎶

Kjekt å få skryt😁🎶
16/12/2021

Kjekt å få skryt😁🎶

Dale Mannskor starter oppatt med øvingar, onsdag 18. august kl. 18:00 i Dale kyrkje. Har du lyst å vera med, ta kontakt ...
12/08/2021

Dale Mannskor starter oppatt med øvingar, onsdag 18. august kl. 18:00 i Dale kyrkje. Har du lyst å vera med, ta kontakt med leiar, Ole Johnny Domben på tlf 90636556 eller på annan måte🎶😁

Dale Mannskor tek førstkomande fredag turen til Vinje på Voss for å halda konsert i Vinje kyrkje. Koret skal halda den s...
24/10/2016

Dale Mannskor tek førstkomande fredag turen til Vinje på Voss for å halda konsert i Vinje kyrkje. Koret skal halda den same konserten som dei hadde under årets Daledagar.

Dale Mannskor tek til at med øvingar førstkomande, onsdag, 17. August kl. 18:00 i Dalehallen. Gamle og spesielt nye song...
15/08/2016

Dale Mannskor tek til at med øvingar førstkomande, onsdag, 17. August kl. 18:00 i Dalehallen. Gamle og spesielt nye songarar er hjarteleg velkomne. Ta kontakt med leiar, Ole Johnny Domben på tlf, 90636556 eller møt direkte opp på øving. Velkomen til alle, gamal som ny!

JUBILEUMSKONSERT! Dale Mannskor m/band syng Negro Spirituals under årets Daledagar, torsdag 2. juni kl. 19:30. Dette er ...
30/05/2016

JUBILEUMSKONSERT! Dale Mannskor m/band syng Negro Spirituals under årets Daledagar, torsdag 2. juni kl. 19:30. Dette er ein konsert du absolutt ikkje, må gå glipp av.

DALEDAGANE MAT & KULTURFESTDALE KYRKJE TORSDAG 2. JUNI KL. 19.30Dale Mannskor jubilerer med stor jubileumskonsert i Dale...
24/05/2016

DALEDAGANE MAT & KULTURFEST
DALE KYRKJE TORSDAG 2. JUNI KL. 19.30
Dale Mannskor jubilerer med stor jubileumskonsert i Dale kyrkje under årets Daledagar. Tema for konserten er negro spirituals, ein musikksjanger som vart skapt og sunge av dei svarte under slavetida i USA. Tekstane byggjer på bibelske motiver, især frå jødefolkets lidelser slik dei skildrast i "det gamle testamentet".

Travle tider for "ungdommen" i Dale Mannskor, nett heimkomen frå songarstemne, "leve songen ved Bjørnafjorden". Fleire k...
22/05/2016

Travle tider for "ungdommen" i Dale Mannskor, nett heimkomen frå songarstemne, "leve songen ved Bjørnafjorden". Fleire konsertopplevingar og song og moro mange plassar. No står Daledagane for tur med storslått jubileumskonsert i Dale kyrkje, torsdag 2. Juni kl. 19:30.

Adresse

Lia 13
Dalekvam
5722

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Dale Mannskor legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del