Hareid historielag

Hareid historielag EI TID VA' Hareid historielag vart skipa 21.3.1974. Møtet vart halde på Hareid ungdomskule. Drivkrafta der var Ludvik N. Holstad. Adolf Brandal var også med.

Desse møtte: Alf Kvammen, Johan Måseide, Magnulv Bjørndal, Henrik Landmark, Inga Skarbakk, Edit Skarbakk, Severin Brandal, Fridtjof Hareide, Laurits Brandal og Einar Holm. Der var ein forløpar for Hareid historielag, nemleg den kommunevalde sogenemnda i Hareid, som eksisterte frå 1946 til 1971. Og arbeidet i nemnda gjekk svært godt så lenge han hadde helsa. Då han vart dårleg på synet, kom Magnulv Bjørndal med i nemnda. Konstituerande styremøte i Hareid historielag vart halde 24.4.1974 heime hjå Henrik Landmark i Brandal. Det første styret i laget såg slik ut: Henrik Landmark formann, nestformann Norleif Holstad, kasserar Tore Nedrelid, sekretær Hans Røyset, styremedlem Einar Holm.

Flott sak på Vikebladet av kulturvandringa til Hareid Historielag, søndag 28. august!😀Les saka på www.vikebladet.no Link...
31/08/2026

Flott sak på Vikebladet av kulturvandringa til Hareid Historielag, søndag 28. august!😀
Les saka på www.vikebladet.no

Linken saka finn du i kommentarfeltet.

https://www.sunnmorsboker.no/boker/hareid/ei-tid-va-2025/💥Her kan du kjøpe årets utgåve av "Ei tid va'" - på nett. Sikke...
17/11/2025

https://www.sunnmorsboker.no/boker/hareid/ei-tid-va-2025/

💥Her kan du kjøpe årets utgåve av "Ei tid va'" - på nett.

Sikker vinnar under juletreet!🤩

I år kjem ”Ei tid va`” ut for 37.gong. Årsskriftet inneheld også denne gongen eit breitt utval av lokale historier, frå kyst til fjell, med ein sveip innom idrettsbana. Innhald: Aasta Teigene «Ein trenar som fekk stell på det» Fisk og ufisk Kvinner i lokal idrett Emma Ulset og Karl Alme, ...

💥Årets "Ei tid va' " har godt opplag på begge Norli-butikkane i Ulsteinvik!💥Dette er ei flott julegåve for den som har a...
15/11/2025

💥Årets "Ei tid va' " har godt opplag på begge Norli-butikkane i Ulsteinvik!
💥Dette er ei flott julegåve for den som har alt, men ikkje får nok av lokalhistorie frå Hareid!🤩

No er endeleg årskrifta ute igjen! Ei perfekt julegåve til dei som er interessert i lokalhistorie, frå Hareid!  I år kje...
09/11/2025

No er endeleg årskrifta ute igjen! Ei perfekt julegåve til dei som er interessert i lokalhistorie, frå Hareid!
I år kjem ”Ei tid va`” ut for 37.gong. Årsskriftet inneheld også denne gongen eit breitt utval av lokale historier, frå kyst til fjell, med ein sveip innom idrettsbana.

Innhald:

Aasta Teigene
«Ein trenar som fekk stell på det»
Fisk og ufisk
Kvinner i lokal idrett
Emma Ulset og Karl Alme, og borna deira
Morka-Johans og svarteboka
Hjellefolket 200 år på Hareid
Hareid barnestrykeorkester
Gamal vise
Historia om Bruk nr 1 på Store Alme
Troppstur til Holesanden
Minne frå barndomen
Skogplanting på Hareidlandet rundt 1960
Eit bilde fortel

Boka får du kjøpt
- Norli på Blåhuset i Ulsteinvik
- Norli på Amfi i Ulsteinvik.
- Hareid Folkebibliotek
- www.sunnmorsboker.no
Link: https://www.sunnmorsboker.no/boker/hareid/ei-tid-va-2025/

Dei som er medlem i Hareid Historielag kan være trygg på at boka allereie ligg i postkassa, , om ikkje - like rundt hjørnet

💥Historievandring💥 Søndag 21.09. kl. 1300.Hareid Historielag skal på vandring igjen, denne gongen til inst i Snipsøyrdal...
17/09/2025

💥Historievandring💥
Søndag 21.09. kl. 1300.

Hareid Historielag skal på vandring igjen, denne gongen til inst i Snipsøyrdalen. Der finn vi to historiske bygningar, eldste skulen på Hareidlandet og Nessetverket.

Vi startar på skulen der Marit Kvammen vil fortelje om utviklinga av skulevesenet frå omgangsskule til eigne bygg. Snipsøyr skule er det einaste attverande av desse første skulehusa på heile øya.

Skulen vart nedlagd i 1961, og vart sidan brukt som grendahus. Siste åra har der ikkje vore nokon aktivitet, skuleplassen heldt på å gro igjen og måling flassa av. Men så var det nokre av dalingane som ikkje ville sjå på dette lenger.

Når du kjem til vandringa komande søndag, kan du sjølv sjå kva som skjer der inne, utandørs. Innandørs kan du framleis sjå minna etter tidlegare undervisning.
Dalingane lovar også å ha klar kaffi og noko attåt.

Det er ca 2 km frå skulen til Nessetverket. Dei som likevel vel å bruke bil, finn parkeringsplassar i nærleiken.

Nessetverket stod ferdig i 1947, og var i drift heilt eller delvis til utpå 2000-talet. Tussa starta ei oppgradering av verket for eit par år sidan med å fornye rørgata frå vasskjeldene på fjellet. No er dei i full gang med å bygge på - eller snarare bygge nytt kraftverk. Sidan dette såleis er ein byggeplass, får vi ikkje kome inn i el-verket. Men utanfor skal vi få ei orientering om starten og utviklinga i denne viktige delen av el-forsyninga i Hareid.

Styret.


💥Hugs historievandringa i dag kl 13.00. Arkeolog Arve Eiken Nytun, tek oss med på ei flott vandring i eit område folk ha...
11/05/2025

💥Hugs historievandringa i dag kl 13.00. Arkeolog Arve Eiken Nytun, tek oss med på ei flott vandring i eit område folk har budd og levd i tusenvis av år. Vi går frå monumentet på Ovra til Hodr Hørungavåg Vikingsete.
Velkomne! 😀

Adresse

Hareid

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Hareid historielag legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Snarveier

Del