18/08/2026
Hei!
Det kjem til å bli nokre endringar i drifta framover. På grunn av rotasjonsjobb blir det mindre tid tilgjengeleg på verkstaden heime, og eg har derfor valt å redusere verkstadarbeid og sal av våpen og varer.
Det vil også bli endringar i opningstidene. Framover vil eg ikkje ha faste opningstider, og når verkstaden er open vil variere frå veke til veke. Ta derfor gjerne kontakt på førehand dersom du ønsker å komme innom.
Leveringstida på arbeid vil også bli noko lengre enn tidlegare, då arbeidet må tilpassast rotasjonsjobben.
Framover vil eg i hovudsak tilby:
• Gjenging og salg av lyddempar
• Montering av kikkertsikte
• Service på standard våpen (rifle og hagle)
Salg av nye våpen vil utgå, og vareutvalet vil bli redusert. Eg kjem likevel til å ha noko ammunisjon i standardkaliber på lager ei stund framover.
Har du allereie fått eit tilbod på arbeid, våpen eller varer, kjem dette sjølvsagt til å bli følgt opp som avtalt.
Har du kjøpt våpen eller varer hos meg tidlegare, vil eg framleis hjelpe til dersom det skulle vere behov for service, justeringar eller anna oppfølging.
Takk til alle som har handla hos meg, brukt verkstaden og følgt meg og Terje gjennom åra😊