13/08/2026
Å bli tildelt Håslåttfestivalprisen for 2026 var totalt uventa og overraskande, men veldig gledeleg😃. Det er kjekt å bli verdsett for det arbeidet og innsatsen ein gjer for å skape eit godt og framtidsretta tilbod til bygda.
Eg set derfor stor pris på å få tildelt prisen, men vi skal ikkje gløyme dei eg har med på laget (Solveig, Ina, Magne og dei kjekke ungdommane våre)🥰 . Det hadde ikkje nytta utan deira daglege innsats.
No har eg hatt litt ferie og er klar til ny innsats i veka som kjem😉.