22/03/2023
Me gratulera!
Tysdag 21.mars var det årsmøte i Osterøy IL og det kom til to nye medlemmar i den eksklusive gruppa av personar med æresmedlemsskap i idrettslaget. Eit samrøystes årsmøte utnemnde Øyvind Aasheim (til venstre) og Bernt Johan Flæsland til æresmedlemmar etter det dei har lagt ned av innsats for Osterøy IL gjennom mange tiår. Det er særleg skigruppa, og særleg skismørjing, som har stått nær siste åra, men dei har óg ei lang karriere som utøvarar og store bidragsytarar på dei fleste felt. Begge har i tillegg vore innom friidrett i ulike roller. At skigruppa hadde tromma saman ein stor gjeng med born og unge til markeringa på klubbhuset trur me begge sette stor pris på. Osterøy IL takkar for det desse to veteranane har lagt ned av tid og krefter, særleg for born og unge, gjennom lang, lang tid og me gratulerer med eit vel fortent æresmedlemsskap i laget!