23/02/2026
TUR TIL UTSIRA
Ølen og Bjoa Historielag inviter på tur til Utsira onsdag 10.juni kl. 9.15 - kl.20!
Me reiser med buss frå Ølen Senter kl.9.15, stoppar i Ølensvåg, Knapphus og Skjold på vegen utover og tek båten kl. 11. Båten tek 70 min. og legg til kai i Norevågen.
Her ventar Lodvar Mathiassen, leiar i Utsira historielag, på oss. Han vert guiden vår denne dagen.
Me vandrar frå Norevågen, gamal havn frå 1870 talet, forbi den gamle kyrkja frå 1785 og utover mot fyret. Er veret fint denne dagen, så et me lunsjen vår her. Både benker og bord til disposisjon. Skulle det (- noko me ikkje trur ) verta regn, så må me eta ved framkomst.
Etter maten, vandrar me sørover til museet. Her vert det omvising.
Etter dette, har de fri fram til middag på Dalanaustet.kl.16 -17.30
På vegen nordover går me forbi sentrale bygg for lokalsamfunnet på Utsira.
Båten attende går kl. 17.45. Bussen hentar oss kl.19 på Garpaskjærskaien og er i Ølen ca kl. 20
Pris kr 1000.-
Skulle nokon vera skrale til beins, så stiller historielaget på Utsira med bil for transport!
Har du / de interesse for å bli med, meld frå straks. Me prioriterar historie medlemmene,
før me lyser det ut i Grannar. Meir info kjem når reisa nærmar seg.
Håpar at me ser deg på tur !!!!
Påmelding
SMS 93660485 Epost [email protected]
Ølen og Bjoa Historielag