Ørsta IL friidrett

Ørsta IL friidrett Ørsta IL friidrett er friidrettsgruppa i Ørsta. ØIL friidrett arrangerer 12-14 stemne kvart år. Besøk nettsida vår www.orstail.no

Grete tok endå ein gang gull på NM!Grete Bjørdalsbakke tok i dag gull i kulestøt med gode 9,86 m på NM Masters (veteran)...
31/07/2026

Grete tok endå ein gang gull på NM!

Grete Bjørdalsbakke tok i dag gull i kulestøt med gode 9,86 m på NM Masters (veteran) i friidrett i klassen KV65-69.
Grete viste igjen at ho er den klart beste kulestøtaren i si aldersklasse i Norge. Resultatet var nesten to meter lenger enn andre- og tredjeplassen.
- Kjekt å ta eit nytt gull 46 år etter sist eg var i Bodø på NM, sa Grete etter ho hadde fått medaljen.

Bilete:
1) Grete med gullmedaljen
2) Live Båsen til venstre, Grete i midten og Heidi Barth til høgre.

NM Masters i friidrett vert arrangert i Bodø 31. juli - 2. august.

Flott NM-debut for Madelene!Sjå nettsida vår.
25/07/2026

Flott NM-debut for Madelene!
Sjå nettsida vår.

Ho hoppa 5,00 meter i finalen i lengde. Det heldt til ein ein god 13. plass i konkurranse med dei beste seniorane i landet.Første senior-NM vart ei god oppleving og erfaring for Madelene. Idrettsgleda kom tydeleg fram då ho drog i gang klapping då ho skulle hoppe.

Det er framleis ledige plassar på friidrettsskulen 10.-12. august.Det bruker å verte rift om plassane, så meld på i god ...
15/07/2026

Det er framleis ledige plassar på friidrettsskulen 10.-12. august.
Det bruker å verte rift om plassane, så meld på i god tid.

Landslagets friidrettsskule gir barna ei spennande og leikprega innføring i friidrett. Her står meistringsglede, aktivitet og trivsel i sentrum – uansett nivå.

• Fart, spenning og mykje leik
• Varierte friidrettsøvingar
• Ei sosial og aktiv avslutning på sommaren
• Nye vennskap og gode opplevingar

Meir info på:

Ørsta IL friidrett arrangerer Landslagets Friidrettsskule på Ørsta stadion måndag 10. august - onsdag 12. august 2026. Det er no opna for påmelding. Det er lurt å vere tidleg ute, for det er avgrensa tal på plassar.

Arild til topps igjen!Sjå nettsida vår:
05/07/2026

Arild til topps igjen!
Sjå nettsida vår:

Arild Stokke sprang i dag inn til gull i klassen M70-74 på Jølster halvmaraton på gode 1:33:45. Han forbetra årsbeste med heile fire minutt. Endå ein gong fekk Arild vist at han er god for gull, og at han er i landstoppen i si aldersklasse.

Historisk trippelgull på nordisk!Grete, Tone og Erik tok kvart sitt gull på nordisk meisterskap i friidrett for veterana...
04/07/2026

Historisk trippelgull på nordisk!
Grete, Tone og Erik tok kvart sitt gull på nordisk meisterskap i friidrett for veteranar. Sjå meir på nettsida vår:

Grete Bjørdalsbakke, Tone Bjørdalsbakke Saure og Erik Drange Tønnessen sikra at 4. juli vart historisk for Ørsta IL friidrett då dei tok kvart sitt gull på Nordisk meisterskap for masters (veteran) i friidrett.

Grete, Tone og Erik er i gang på Nordisk Meisterskap for Masters på Bislett/Rud. 584 deltakarar frå alle dei nordiske la...
04/07/2026

Grete, Tone og Erik er i gang på Nordisk Meisterskap for Masters på Bislett/Rud. 584 deltakarar frå alle dei nordiske landa skal delta. Alle aldersgrupper frå 35 til 90 år er representerte. Det er første gang Ørsta Friidrett har med tre deltakarar. Vi kjem med oppdatering undervegs.
Resultatliste vert fortløpande oppdatert på: https://data.opentrack.run/en-gb/x/2026/NOR/nordicmasters/timetable/

Flotte Ørsta-resultat på Lillehammerleikane!Sjå meir info på nettsida vår:
21/06/2026

Flotte Ørsta-resultat på Lillehammerleikane!
Sjå meir info på nettsida vår:

Ørsta IL friidrett stilte med 15 ivrige utøvarar på Lillehammerleikane. Det vart svært mange personlege rekordar, medaljar og resultat over 900 poeng på Tyrvingtabellen.

Topp stemning på Lillehammerleikane!Ørsta IL friidrett stiller med 15 topp motiverte utøvarar på familieturen til Lilleh...
19/06/2026

Topp stemning på Lillehammerleikane!
Ørsta IL friidrett stiller med 15 topp motiverte utøvarar på familieturen til Lillehammerleikane denne helga (19.-21. juni).
Allereie på første dag vart det mange nye personlege rekordar.
Meir info og bilete kjem i løpet av helga.
Resultatliste for fredag finn de på:
https://liveres.andro.no/results/?competition_id=335&day_id=1

Bileta under:
- Kaisa Bjørdalsbakke Saure (J-10) fekk tre medaljar første dag.
- Kristoffer Aam (G-14-para) fekk pers i både spyd og på 200 m og fekk gull i begge øvingane.
- Mina Almestad (J-9) imponerte stort på 200 m og liten ball

Påmelding til Landslagets Friidrettsskule 10.-12. august er opna.Ørsta IL friidrett arrangerer Landslagets Friidrettssku...
12/06/2026

Påmelding til Landslagets Friidrettsskule 10.-12. august er opna.

Ørsta IL friidrett arrangerer Landslagets Friidrettsskule på Ørsta stadion måndag 10. august - onsdag 12. august 2026. Det er no opna for påmelding. Det er lurt å vere tidleg ute, for det er avgrensa tal på plassar.

Ørsta IL friidrett arrangerer Landslagets Friidrettsskule på Ørsta stadion måndag 10. august - onsdag 12. august 2026. Det er no opna for påmelding. Det er lurt å vere tidleg ute, for det er avgrensa tal på plassar.

Resultaliste frå SpareBank1-leikane finn ein på:
07/06/2026

Resultaliste frå SpareBank1-leikane finn ein på:

Adresse

Holmegata 20
Ørsta
6150

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Ørsta IL friidrett legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Snarveier

Del