Austevoll Vatn og Avløp SA

Austevoll Vatn og Avløp SA Austevoll Vatn og Avløp SA (AVA) er eit kunde eigd samvirkelag som byggjer og driftar vass- og avl?

AVA arbeider for tida med utskiftning av vassledningar langs Storebøvegen.Når ein ny vassledning er lagt, er det viktig ...
02/09/2026

AVA arbeider for tida med utskiftning av vassledningar langs Storebøvegen.
Når ein ny vassledning er lagt, er det viktig å reingjere den skikkelig før den settes i drift 💦.
Ledningen blir fylt med klor i 24 timer, før vi tar ein grundig utspyling. Deretter settes vassledninga i drift, og vi kan fortsette levering av reint og godt drikkevatn til våre kundar i området🙂.

22/07/2026

Rebus er de gode på!👏 Riktig svar var Grautaskjærvika og vinneren av et festivalpass til Palepop er….

🥁🥁🥁🥁🥁🥁🥁🥁🥁🥁🥁🥁🥁🥁🥁

Ann May Storebø 🥳🥳

Gratulerer! Vinnaren blir kontakta😊

🌊 SOMMARKONKURRANSE – KLARER DU REBUSEN? 🌊Austevoll Vatn og Avløp jobbar kvar dag for å sikre innbyggjarane reint og try...
20/07/2026

🌊 SOMMARKONKURRANSE – KLARER DU REBUSEN? 🌊

Austevoll Vatn og Avløp jobbar kvar dag for å sikre innbyggjarane reint og trygt drikkevatn. Me driftar og vedlikeheld vatn- og avløpsanlegg rundt omkring i Austevoll, og rykkjer ut dersom det oppstår lekkasjar eller andre problem på anlegga våre. Mykje av arbeidet skjer kanskje utan at du legg merke til det – men me er på jobb over heile kommunen!💧

Løysingsordet i denne rebusen er namnet på ein stad i Austevoll. Klarer du å finne ut kvar? 👀

For å delta:

💧 Følg Austevoll Vatn og Avløp på Facebook
💬 Skriv løysingsordet i kommentarfeltet

Ein heldig vinnar får eit festivalpass til Palepop!

Lukke til! 🎉

16/07/2026

Vinnaren av sommerkonkurransen og to billettar til sommarkonserten er…..

🥁🥁🥁🥁🥁🥁🥁🥁🥁🥁🥁🥁🥁🥁🥁🥁

Wenche Blix 🥳🥳🥳

Vinnaren blir kontakta!📞

💦 SOMMARKONKURRANSE ☀️Sommaren er her, og Austevoll Vatn og Avløp er stolte av å levere vatn til både store og små glede...
14/07/2026

💦 SOMMARKONKURRANSE ☀️

Sommaren er her, og Austevoll Vatn og Avløp er stolte av å levere vatn til både store og små gleder! Vatn høyrer sommaren til 💙

Slik deltek du:

✅ Følg Austevoll Vatn og Avløp på Facebook
✅ Kommenter din favorittsommaraktivitet som involverer vatn 🌊

Då er du med i trekninga av to billettar til Sommarkonserten 🎶

Lukke til! 💦☀️

12/07/2026

Vinnaren av sommerkonkurransen og eit festivalpass til palepop er…..

🥁🥁🥁🥁🥁🥁🥁🥁🥁🥁🥁🥁🥁🥁🥁🥁

Gøril Kjeilen Drivenes

Vinnaren blir kontakta. Vant du ikkje denne gongen? Fleire sjansar kjem! Følg med😎☀️

🌊🔎SOMMARKONKURRANSE!☀️Klarer du å finne logoen til Austevoll Vatn og Avløp som er gøymt seg på stranda? 👀💧Logoen er godt...
06/07/2026

🌊🔎SOMMARKONKURRANSE!☀️

Klarer du å finne logoen til Austevoll Vatn og Avløp som er gøymt seg på stranda? 👀💧

Logoen er godt gøymd, men den er synleg om du leitar godt! 😄

💙 Slik deltek du:
✅ Lik innlegget
✅ Finn logoen i biletet.
✅ Kommenter kvar du fann den i kommentarfeltet (ikkje avslør for mykje 😉).

🎉 Vi trekkjer ein heldig vinnar som får festivalpass til Palepop!

Lykke til - og god jakt! 🔍🌊☀️

Når ei vasskjelde ikkje lenger er i bruk som drikkevatn må eit gammal anlegg koblast i frå.For nokre veker sida var me å...
24/06/2026

Når ei vasskjelde ikkje lenger er i bruk som drikkevatn må eit gammal anlegg koblast i frå.
For nokre veker sida var me å fjerna ein gammal sluseventil og plugga røret ved Eriksvatnet på Hille.
I dag har alle i Austevoll det same gode drikkevatnet frå vassbehandlingsanlegget på Huftarøy💦

Me vil ynskja Øyvind Bruntveit velkommen til oss i Austevoll Vatn og Avløp SA!Han starta i stilling som teknisk leiar hj...
05/05/2026

Me vil ynskja Øyvind Bruntveit velkommen til oss i Austevoll Vatn og Avløp SA!

Han starta i stilling som teknisk leiar hjå oss 4. mai og me er svært glade for å få han med på laget vårt. 😊
I starten vil han jobbe ein del i felt, for å lære våre anlegg og system, og verte godt kjent med våre tilsette.
Etter kvart vert det meir kontorarbeid, men Øyvind er ein praktikar som vil veksle mellom arbeidsoppgåver ute og på kontor.

Øyvind er spent på alt det nye han no skal lære seg, for i tida framover skal han stå ansvarleg for vass og avløpstenestene i Austevoll

I vinter har me hatt periodar med mykje frost.❄️ I slike tider ser me gjerne at vassforbruket aukar noko, då mange let v...
15/04/2026

I vinter har me hatt periodar med mykje frost.❄️ I slike tider ser me gjerne at vassforbruket aukar noko, då mange let vatnet renne for å førebygge frost i røyra. For å unngå unødvendig vassbruk oppmodar me kundane våre til å vurdere montering av varmekabel i vassleidninga.
Ta gjerne kontakt med røyrleggar for gode løysingar – dette er ei investering som kan førebygge utfordringar neste vinter.

Då mildvêret kom, registrerte me også periodar med auka vassforbruk. Dette heng ofte saman med lekkasjar frå røyr, ventilar og koplingar som har blitt påverka av frosten. Det er difor svært positivt å sjå at vassforbruket går ned att etter kvart som desse lekkasjane vert utbetra.😀

Den siste tida har fleire lekkasjar blitt reparerte eller stengde, mellom anna i områda Kolbeinsvik, Haukanes, Haugland/Birkeland og Bakka. Me set stor pris på innsatsen frå alle som bidreg til å redusere vassforbruket – dette er viktig både for miljøet og for vassforsyninga vår.

Samtidig vil me oppmode alle som oppdagar eller utbetrar lekkasjar om å gi oss beskjed. Det gjer arbeidet vårt med lekkasjesøk enklare og gir oss verdifull oversikt over leidningsnettet.

Tusen takk til alle som bidreg – saman tek me vare på vassressursane våre!

Adresse

Solesvika 136
Austevoll
5396

Åpningstider

Mandag 08:00 - 15:30
Tirsdag 08:00 - 15:30
Onsdag 08:00 - 15:30
Torsdag 08:00 - 15:30
Fredag 08:00 - 15:30

Telefon

55080000

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Austevoll Vatn og Avløp SA legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Austevoll Vatn og Avløp SA:

Snarveier

Del