Bitibua

Bitibua Utsal for lokalprodusert mat.

21/08/2026

OPNINGSTIDER
Mange spør meg kva opningstidene er. Svaret er at det varierer mykje i løpet av sesongen. No går vi mot stillare dagar, då har eg ei kjernetid frå 10-16, sjølv om eg ofte har lengre dagar enn det.
Etterkvart vil eg nok halde stengt nokre vekedagar, men det er garantert ope fredag-laurdag-syndag fram t.o.m veke 40.
Om du lurer, send meg ei melding, her eller på mobil 97181545😊
Velkomne!

05/08/2026

Takk til ASKO for fin video og stødig varelevering🤩

🥳TREKNING!Gratulerer til Sølvi Bergheim Heimdal som vinnar av brun geitost frå Undredal, ostehøvel og ei flott fjøl! Tak...
01/08/2026

🥳TREKNING!
Gratulerer til Sølvi Bergheim Heimdal som vinnar av brun geitost frå Undredal, ostehøvel og ei flott fjøl!
Takk til alle som likte og kommenterte! Dette var moro, så det kan godt hende vi kjører fleire trekningar med andre godsaker utover sesongen🤩

🥳TREKNING: Det er høgsesong og etterspørselen etter brun geitost er enorm!No har vi vore i vakre Undredal og henta med o...
27/07/2026

🥳TREKNING:
Det er høgsesong og etterspørselen etter brun geitost er enorm!
No har vi vore i vakre Undredal og henta med oss eit begrensa opplag av brun geitost.
Vi fekk også med ein ekstra ost og ein flott ostehøvel som vi ynskjer å gje bort til ein av dykk!
Lik og kommenter på dette innlegget, så trekkjer vi ein heldig vinnar på laurdag 1. august! ☀️🩷

Ta-daaa!! 🎺🥁Då er sesongen i gang!Litt begrensa vareutval første veka, men hyllene fyllest dag for dag:) Velkomne til fj...
06/06/2026

Ta-daaa!! 🎺🥁
Då er sesongen i gang!
Litt begrensa vareutval første veka, men hyllene fyllest dag for dag:) Velkomne til fjells! ❤️

Gratulerer med dagen frå Bitibua! ❤️🤍💙Endeleg vår i fjellet! I vinddraget ligg lukt av myr og barmark, tranene trompeter...
17/05/2026

Gratulerer med dagen frå Bitibua!
❤️🤍💙
Endeleg vår i fjellet! I vinddraget ligg lukt av myr og barmark, tranene trompeterer og Bitibua tittar fram frå snøen. Helga 6.-7. juni startar nedvask og oppfylling av nye varer og så er drifta i gang for årets sesong🤩

02/10/2025

VINTER I VENTE ❄️❄️❄️
Laurdag er det spådd snøstorm i fjellet, og eg kjem difor til å STENGE BITIBUA i morgon, fredag ettermiddag. Eg har att ein del brun geitost og sender gjerne i posten dersom nokon treng å bunkre opp! Send meg i såfall ei melding på 97181545☺️
Det som er att av varelager, overlet eg til Valdres Vilt i Ulnes, så då kan de, i tilleg til mykje andre godsaker, også kjøpe ost der utover hausten🫎🥩☺️
Eg står altså i bua i morgon, fredag 3. oktober, og så skalkar eg luka.

Eg vil difor takke alle som har vore innom og handla, slått av ein prat, ete ein lapp og støtta drifta! Takk også til eminente produsentar som fyller bua med førsteklasses kortreist mat❤️
God vinter til alle, vi sjåast neste år! 😍😍😍

OPNINGSTIDER ut sesongen:Kvar dag fram til søndag 05.10. held vi ope frå kl 10-16.Vi har ostar og rømme og kjekjøt og sp...
24/09/2025

OPNINGSTIDER ut sesongen:
Kvar dag fram til søndag 05.10. held vi ope frå kl 10-16.
Vi har ostar og rømme og kjekjøt og speka elg og honning og mykje meir! Vi vil etter kvart gå tom for nokre varer, så løp og kjøp om du vil bunkre opp vinterlageret!
Eg lovar at takka skal gå varm gjennom heile haustferien og sørge for varme nysteikte lappar til fjellfolket ☺️🩷🍁⛰️
Velkomne!

Gratulerer!🤩 Blåtimen får du også i Bitibua🩵
19/09/2025

Gratulerer!🤩 Blåtimen får du også i Bitibua🩵

Avisa Valdres si sommarpatrulje kom innom og testa ost og lappar😊🤩
27/07/2025

Avisa Valdres si sommarpatrulje kom innom og testa ost og lappar😊🤩

Den vesle bua som ligger langs fylkesveg 51, noen kilometer nord for Beitostølen sentrum, drar til seg både lokale og langtreisende som ønsker å ta seg en bit.

Adresse

Gardli
Beitostølen
2952

Telefon

97181545

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Bitibua legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Snarveier

Del