Helse Vest IKT

Helse Vest IKT Helse Vest IKT bryr oss om personvernet. Hugs å ikkje publisere innhald med sensitiv informasjon. Ver varsam med kva du deler!

Det er alltid ein risiko for at personopplysingar som kjem på avvege kan bli misbrukt. Ikkje del noko som kan gje ut informasjon om deg og dine. Info om kva Facebook og Meta bruker informasjonen din til finn du her: https://www.facebook.com/privacy/policy

-For at mobilen skal vere eit godt arbeidsverktøy, må han vere oversiktleg og lett å bruke, slik at han dekkjer dei beho...
12/06/2026

-For at mobilen skal vere eit godt arbeidsverktøy, må han vere oversiktleg og lett å bruke, slik at han dekkjer dei behova vi har i ein arbeidskvardag, fortel Amalie Hauglund. ⏱️

Sjukepleiarane Amalie Hauglund og Malene Brunborg bruker mobiltelefonen som arbeidsverktøy ved Barne- og ungdomsklinikken på Haukeland universitetssjukehus. Allereie no blir han brukt aktivt for å administrere kvardagen og følgje pasientbehandlinga. 🏥 🩺 🧒

– Det må vere lett å finne fram til kven som har kva pasientar, og lett å søkje opp kollegaer eg treng å kontakte, som er i ulike ansvarsroller. Der legg vi oss inn som ansvarlege for pasientane vi har den vakta, og vi får varsel når pasientane ringjer på, fortset Amalie. 👩‍⚕️ 👩‍⚕️

Både Malene og Amalie bruker mobilen for å følgje pasientane sitt behandlingsløp:

-Vi registrerer pasienten sitt kosthald og samhandlar med kjøkenet, og kan bestille portør. Han blir også brukt til å ta bilete av utslett og sår, som vi legg inn i pasientjournalen, og vi abonnerer på blodprøver slik at vi får varsel når svara ligg føre, seier Malene. 🛏️ 💊 🩹 🚨

På travle vakter kan det vere lite tid til dokumentasjon undervegs i vakta, eller mangel på ledige PC-ar. Draumescenarioet er difor å kunne få pasientkurva på mobil. 📈

– Dersom pasientkurva hadde vore tilgjengeleg på mobil, kunne vi dokumentert til dømes medisinar, vitale opplysningar om pasienten og væskebalanse undervegs. Då blir det lettare å følgje med på utviklinga i løpet av vakta, og ein slepp å sitje i etterkant og dokumentere frå eit ark i lomma. 📑 ⭐

Fotograf: Ingvild Festervoll Melien

Det lyser rødt på overvåkningstavlen. 🚨 Et kritisk system må følges opp – raskt. Da er det gjengen i Driftsovervåking 24...
22/05/2026

Det lyser rødt på overvåkningstavlen. 🚨 Et kritisk system må følges opp – raskt. Da er det gjengen i Driftsovervåking 24/7 som tar oppdraget i Helse Vest IKT.

Malin Årvik sammen med 11 flinke kollegaer sørger for at viktige systemer på sykehusene i Vest fungerer – hele døgnet. 🥼 💊 🩻 ⏱️

-Dette er en jobb hvor teknologi, samarbeid og raske beslutninger virkelig gjør en forskjell hver eneste dag. Vi jobber turnus, og i helgene står vi i 12-timers vakter. 🩵 👩‍💻

Når noe skjer, er HelseCIM ett av de viktigste verktøyene. -Her registrerer vi hendelser, setter beredskap og sender ut informasjon til sykehusene på sekunder.

Men mye av jobben skjer også “bak kulissene”:
-Vi følger med, feilsøker, restarter systemer, håndterer kritiske saker – og sørger for at viktig pasientdata faktisk kommer frem og blir dokumentert. 🔎 📑 📤 🏥

Målet hennes på vakt er enkelt: 🎯
- At ting blir løst – raskt og riktig. Og hvis ikke, at det blir tatt videre til rett person. Dette er en jobb hvor små handlinger kan ha stor betydning. Og det er nettopp det som gjør den så viktig. 🩵

Fotograf: Ingvild Festervoll Melien

-Sjukehusa tek aldri ferie, og det gjer ikkje vi på Datakommunikasjon heller, fortel teamleiar Asle Haugland Bøyum. 👩‍⚕️...
18/07/2025

-Sjukehusa tek aldri ferie, og det gjer ikkje vi på Datakommunikasjon heller, fortel teamleiar Asle Haugland Bøyum. 👩‍⚕️ 🖥️ ⏱️

Saman med kollegaene sine sørger han for at PC-ar og serverar på sjukehusa i Helse Vest kan snakke saman. Kort fortalt – dei binder sjukehusa saman! 🏥🖥️ 🏥 🖥️

Men sjølv om det er juli, betyr det ikkje at arbeidsmengda til Asle og dei andre minkar. -Vi brukar sommaren på å førebu endringar som skal komme til hausten. Vi er òg færre personar på jobb, noko som gjer at vi får fleire oppgåver å bryne oss på enn til vanleg. Det gir oss variasjon i arbeidet. 🤓 👌

Heldigvis er ikkje alt berre jobb-jobb-jobb i juli. - Om vi er heldige, kan det hende ein leiar stikk nedom butikken for å kjøpe inn is til oss, avsluttar Asle. Då bør det helst vere over tjue grader ute! 🌞 🌡️ 🍧

Haukeland universitetssjukehus Helse Førde Helse Fonna Haraldsplass diakonale sykehus

– Det er mange sommarvikarar som ringer inn, og det går mykje i gløymde passord, tilgangar og hjelp med Teams og Microso...
04/07/2025

– Det er mange sommarvikarar som ringer inn, og det går mykje i gløymde passord, tilgangar og hjelp med Teams og Microsoft 365. Vi er klare til å hjelpe – uansett kva det gjeld! 😇 ❣️

Medan andre nyt late dagar på ferie, er Michael Dahlstrøm ein av dei som held hjula i gang på Helse Vest IKT sitt Kundesenter. Dei skal handtere ulike tekniske problem som kan oppstå på sjukehusa i regionen, 24/7, heile sommaren. Litt av eit ansvar! 🤔 🤓

Heldigvis står ikkje Kundesenteret åleine: – Vi jobbar tett med driftsvaktene i Helse Vest IKT. Dei kan løyse større og mindre avvik på system, og er òg på jobb døgnet rundt heile sommaren. Det gir tryggleik å vite at dei alltid er klare til å ta ting vidare, seier Michael. 💯 🙌

Og sjølv om han trivst med å vere på jobb på regnfulle sommardagar, gler han seg til litt fri: 🌧️ ☂️

– Eg kjenner det ekstra godt dei dagane sola faktisk skin her i Bergen. Då skulle eg gjerne ha vore ute! Men vi kryssar fingrane for litt finvêr etter kvart – det har vi fortent. 🌞 🙏

Haukeland universitetssjukehus Helse Fonna Helse Førde Haraldsplass diakonale sykehus

“Vi bidrar til å gjere pasientbehandlinga enklare.” Dette er visjonen vår i Helse Vest IKT.  I 20 år har vi gjort det vi...
06/12/2024

“Vi bidrar til å gjere pasientbehandlinga enklare.” Dette er visjonen vår i Helse Vest IKT. I 20 år har vi gjort det vi kan for å leve opp til denne. 🩺 🩼 🔬 🏥

Den 7. desember 2004 vart Helse Vest IKT formelt registrert som eit selskap. Sidan den gong har vi vakse betydeleg. Ansvarsområda har blitt fleire og spisskompetansen sterkare – alt for å støtte sjukehusa sitt viktige oppdrag. 🤝

– På 20 år har Helse Vest IKT utvikla seg til å bli eit sterkt fagmiljø på Vestlandet. Breidda i kva vi leverer til sjukehusa er omfattande, og vi set høge krav til oss sjølv. Slik må det vere dersom vi skal levere på visjonen vår. Dagen i dag er ei viktig milepæl og ei påminning om kva vi har fått til gjennom denne tida, men også ei påminning til kvar enkelt tilsett, og framtida. For meg er det også ei feiring av det som kjem. Eg er veldig stolt og takksam, seier Ole Jørgen Kirkeluten, vår administrerande direktør. ✨ 💡 🙏

Les meir ved å gå inn på helse-vest-ikt.no

Då Agnete fekk oppleve helsevesenet som nær pårørande, bestemte ho seg for at ho måtte forsøke å bidra til ei betre og t...
25/09/2024

Då Agnete fekk oppleve helsevesenet som nær pårørande, bestemte ho seg for at ho måtte forsøke å bidra til ei betre og tryggare verd for pasientar og tilsette i sjukehusa. I dag jobbar Agnete som UX-designar i Helse Vest IKT.

- Når vi lukkast med å lage gode brukaropplevingar i det vi leverer, har det stor verdi for alle dei som jobbar i sjukehusa, som skal ta vare på oss når vi, eller dei vi er glade i, blir sjuke og treng helsehjelp.

Les meir om dette og korleis Helse Vest IKT skapar framtidas IKT-løysingar for sjukehusa i vest på nettsidene våre.🚑🏥👩🏽‍💻❤️‍🩹

Då Agnete fekk oppleve helsevesenet som nær pårørande, bestemte ho seg for at ho måtte forsøke å bidra til ei betre og tryggare verd for pasientar og tilsette i sjukehusa. Difor jobbar ho som UX-designar i Helse Vest IKT.

23/09/2024

– Effektive løysingar er nøkkelen til ein lettare kvardag for helsepersonellet på sjukehusa, seier Mads Holger Nergård. Han jobbar på Helse Vest IKT sitt kundemottak i Bergen, og har, saman med kollegaene sine, ansvaret for det meste av sluttbrukarutstyret på sjukehusa i Helse Vest.

For tida jobbar han med ein Klikk-og-hent-pilot for utlevering av IKT-utstyr. Eit skap er allereie blitt plassert i Sentralblokka på Haukeland universitetssjukehus, og fungerer i stor grad som ein pakkeautomat – brukaren får tilsendt ein kode, og kan så hente utstyrsbestillinga si direkte i skapet.

Mads gler seg til systemet kjem på plass i heile Helse Bergen.

– Då slepp brukarane å ta turen innom kundemottaket, seier han. Det å gjere ting lettast mogleg for brukarane, er det viktigaste eg har lært meg her i Helse Vest IKT.

Meir om korleis vi skapar framtidas IKT-løysingar for sjukehusa i vest, kan du lese om på nettsidene våre. Ta ein tur innom, for akkurat no har vi fleire ledige stillingar som kanskje kan passe for deg! Søknadsfristen er 30. september.

– Vi kastar ikkje bort tida her i Helse Vest IKT, og kvar einaste dag gjer vi noko som bringer helse-Noreg nokre steg vi...
10/09/2024

– Vi kastar ikkje bort tida her i Helse Vest IKT, og kvar einaste dag gjer vi noko som bringer helse-Noreg nokre steg vidare inn i framtida. Vi er langt framme i skoa når det gjeld å ta i bruk ny teknologi, og journalsystemet DIPS har vore i frontlinja på fleire store prosjekt dei siste åra.

Mona Knarvik jobbar med den tekniske forvaltninga av DIPS Arena, journalsystemet som sørger for at helsepersonell alltid har tilgang på oppdatert informasjon om pasientane. 👩‍⚕️💻💪

Dette, og meir om korleis vi skapar framtidas IKT-løysingar for sjukehusa i vest, kan du lese om på karrieresidene våre. Ta ein tur innom, for akkurat no har vi fleire ledige stillingar som kanskje kan passe for deg! Søknadsfristen er 30. september.

Hos oss kan du bli del av eit innovativt teknologimiljø som jobbar for å betre pasientbehandlinga gjennom nye IKT-løysingar.

-Det er superspanande å sjå korleis systema våre fungerer, og korleis vi kan påverke utviklinga av systema slik at dei b...
10/05/2024

-Det er superspanande å sjå korleis systema våre fungerer, og korleis vi kan påverke utviklinga av systema slik at dei blir meir brukarvenlege, seier Solange Francisca Leon. Ho er IKT-konsulent i Helse Vest IKT. 👩‍💻

Ni års erfaring frå IT-bransjen, innan teknisk support og som faktura- og fagkonsulent, gjorde vegen til Helse Vest IKT kort for Solange. 👌

-Det var skummelt å gå frå ein fast jobb til ein 12-månaders avtale, men eg er veldig glad for at eg gjorde det, seier Solange Morales.

Som IKT-konsulent på Kundesenteret, sit ho saman med sine dyktige kollegaer og tek imot innkomne saker 24/7 frå heile Helse Vest.
Solange og to andre hjelper helsepersonell som har tekniske problem med LIBRA, eit program som blir brukt av sjukehusa til å bestille varer og tenester. 🎧 🛒 🙋‍♀️ 👨‍⚕️

Solange elskar å snakke med folk, og hovudmotivasjonen hennar er å finne løysingar på problemstillingane innringarane kjem med. Etter fire månader hos i jobben, har ho allereie tileigna seg mykje kunnskap, og ho ser fram til å lære seg endå meir i tida framover. 🗨 🔎 🤩

-Det er nye utfordringar heile tida, ein lærer noko nytt kvar dag. Det beste av alt er å avslutte ein samtale med ein glad og takksam person i andre enden av linja. 🤝 🙌

Haukeland universitetssjukehus Helse Førde Helse Fonna

Adresse

Bjørnsons Gate 29
Bergen
5052

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Helse Vest IKT legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Helse Vest IKT:

Snarveier

Del