12/06/2026
Oversiktelig og fin informasjon om camping i området her 😊
Planlegg du tur med telt ⛺ eller bubil🚐 i Jotunheimen i sommar?
🙆♀️🙆♂️🙆Allemannsretten*gjev deg rett til å ferdast fritt i naturen, så lenge du forlet naturen slik du gjerne vil finne han sjølv!
Om du ynskjer å campe i telt eller bu i bobil i nærleiken av turisthytter- og nytte deg av godene dei tilbyr, må du betale litt for deg. Her er ei oversikt over prisar og campingreglar for fjellstuene knytt til Visit Jotunheimen:
📍 Gjendebu Turisthytte DNT : Har ca. 30 markerte teltplassar mellom Gjendebu og brygga. Du kan velge ein ledig plass og deretter sjekke inn i resepsjonen.
- DNT-medlem: kr 145,-
- Ikkje medlem: 175,-
Inkl. tilgang på toaletter, dusj og tørkerom
Det er mogleg å kjøpe seg frukost og middag, samt smøre niste på turisthytta.
⛔️Merk: Det er ikkje bilveg inn til hytta. Gjendebåten har daglege avgangar.
📍 Gjendesheim Turisthytte DNT :
Tilbyr ikkje campingplassar, men høve til dagsbesøk kr. 100,-. Da kan du nytte alle hytta sine fasiliteter, inkl. dusj
- Kun dusj: 50,-
Fricamping: Minimum 150 m. frå hytta*
📍 Glitterheim Turisthytte :
Telting ved hytta er lov mot betaling.
- DNT- medlem: 125,-
- Ikkje- medlem: 160,-
- Barn (under 13 år): Halv pris
Tilgang til dusj/ toalett og tørkerom.
Det er mogleg å kjøpe seg frukost og middag, samt smøre niste på turisthytta.
Fritelting utanom dette tilbodet må skje minimum 150 meter frå hytta.
⛔️Merk: Det er ikkje bilveg inn til hytta. Syklar kan leigast ved nasjonalparkgrensa.
📍 Jotunheimen Fjellstue :
Bubil: 300,- Kan stå gratis ved kjøp av middag eller frukost.
Medlemmer av Nortrip kan booke i forvegen og stå gratis.
Merk: Det er begrensa med plassar. Ikkje tilgang på straum eller sanitæranlegg, men kan bruke toalett inne til kr. 20,-
📍Juvasshytta:
Telt: Mogleg å telte, men ikkje mange teltplassar (Plass til rundt 8-10 telt).
- Pris pr. telt: 200,-
- Bruk av toalett: 20,-
- Bruk av dusj: 30,-
Peisestua i hovudhytta kan brukast. Det er mogleg å kjøpe seg frukost og middag, samt smøre niste på turisthytta.
🚐Bubil:
Pris: 300,- utan straum
Bruk av toalett: 20,-
Bruk av dusj: 30,-
📍 Krossbu Turisthytte:
🚐Bubil og campingvogn: 250,-
⚡Straum: 100,-
⛺Telt: 125,-
- Bilparkering: 60,- pr. døgn – 200,- pr. uke.
- Sanitæranlegg tilgjengleg kun for buande gjester.
📍 Leirvassbu:
Mogleg å telte og parkere bubilar mot betaling (blir henvist teltplass).
Same pris for telt og bubil:
- DNT-medlem: 124,-
- Ikkje- medlem: 155,-
- Barn (under 12 år): Halv pris
Inkludert i prisen er dusj- og toalettfasiliteter.
Det er mogleg å kjøpe seg frukost og middag, samt smøre niste på turisthytta.
📍 Memurubu:
Har teltplassar med eigen strandlinje og panoramautsikt nede ved Gjende.
- 195,- per pers per natt. Halv pris for barn (4-12år)
Tilgang til dusj, wc og tørkerom.
Ta kontakt med resepsjonen for å få tildelt teltplass.
⛔️Merk: Det er ikkje bilveg inn til hytta.
📍 Raubergstulen:
Alle campere betaler 150,- pr. døgn.
Dusj: 10,-
Straum: 40,-
Camping-gjestarkan bruke dusj, toalett og felleskjøkken. Det er mogleg å kjøpe frukost, middag og niste inne på hytta.
📍 Sognefjellshytta:
Tilbyr ikkje camping.
📍 Spiterstulen :
Alle campere betaler 130,- pr. døgn. Barn (3-12 år): 65,- per natt.
Inkl. gratis parkering og tilgang på tørkerom, toalett og gjestearealer.
Dusj: 35,-
Tømmestasjon for gråvatn fra bubil.
Toalett er gratis for alle gjestar.
📍 Fjelleventyret: Har to ekslusive plassar til bubil inn på den lille ridebana på garden - for 900 kr pr natt. Tilgang til dusj og toalett.
🛌🏻 Bu inne? Om du plutseleg blir gira på litt ekstra komfort, er du sølvsagt hjartleg velkomen til å trekkje inn på alle desse trivelege hyttene og overnattingsstadene ❣️
🚧BOM:
Vegen inn til både Leirvassbu, Spiterstulen og Juvasshytta er private veger med automatisk bom.
- Bil: 150,-
- Minibuss/campingbil: 200,-
- Buss: 500,-
Betaling skjer enkelt via www.passpay.no eller i terminal på fjellhyttene. (Må betalast innan 48 timer etter passering for å unngå faktura+ gebyr.)
🚌 Spar penger (og miljø ♻️ ) - ta bussen til fjells!
https://innlandstrafikk.no/reise/sesongruter/fjellruter/
Billetten kostar berre 10 (!) kr. på Innlandstrafikk sine ruter fram til 16.august - i heile Innlandet!
🥾🥾🥾
Camping i og kring Lom sentrum?
Vi oppmodar vi deg til å finne plass på ein av dei fine campingplassane som finst her: Lom camping, Nordal Turistsenter, Gjeilo Camping og Bøverdalen Vandrerhjem & Camping.
🏕️Fricamping: Ferdsel og camping i utmark
Det er lov å campe med bubil langs veg i utmark så lenge det ikkje er til utilbørlig fortrengsel eller ulempe for andre. ❗Sørg for at du held god avstand til bebyggelse. Du har ikkje rett til å campe nærmare enn 150 meter frå bebudd hus eller hytte.
⚠️Faktitisk så gjeld ikkje allemannsretten for bubilar: https://bobilverden.no/kommentar-allemannsretten-gjelder-ikke-bobiler/
Sjå campingvettreglane her, så blir det ei triveleg oppleving for både deg som besøker og oss som bur her: https://www.nhoreiseliv.no/bransjer/camping/nyhet/2025/campingvettreglene/
- eller spør oss i turistinformasjonen i Lom!
Velkomen til fjells i sommar!
📸: Øyvind Pedersen