07/06/2026
Så var årets Oldemors gatefrukost over, og det var Gunn som sat vakt. Nydeleg vêr, og ein summande lyd av kjentfolk som prata. Gata var full av folk, og på andre sida av vegen sat barn og selde loppene sine. Lokalbui var òg så full at det fleire gonger var kø godt ut på trappa. Det vart selt pølser, is, flatbrød (det kjem påfyll til veka), salt, nøttemarengs og anna. Moro, men travelt!
Vi har òg fått inn ein del nye varer, og nokre påfyll. Skredtveit Gard har fylt på med brett med egg, Marianne Stømner har kome med Peaso/Miso (laga av økologiske gule erter og gir umamismak i supper, gryter o.l.), medan Finn Lie har kome med granskottsirup i tillegg til ripsgeleen sin. Julie sine herlege hekla kosedyr forsvinn fort, og ho har no fylt på med fleire nye store og små variantar. Mona har kome med barnestrikk i rosa, Harriet Berntsen har fylt på hyller fulle av strikka halsar, sitjeunderlag og anna, medan Vigdis har kome med mellom anna ny veske. Knut Kristensen har funne plass til eit par måleri, og Småbruket Moen har kome med marengstoppar og nydelege, velduftande lavendelposar laga av damask ho har vove sjølv, fylte med lavendel. Desse er perfekte å leggje ved bunaden eller ullkleda, då lavendel er kjend for å hjelpe med å halde møll borte.
Sundag var det òg ope med Knut som vakt (og Adele den siste timen), og då kom det ein jamn straum med folk frå Sveits, alle svært livlege og pratsame – veldig hyggeleg. Vi håpar dei får eit flott opphald i Dalen medan dei er her.
Elles er det nye opningstider. Generell opningstid er no kl. 11–16, då det vart erfart at det er fleire kundar på ettermiddagen enn om morgonen. Oversikt kjem i neste innlegg.
Takk for ein nydeleg gatefrukost saman med dykk!