Alti Førde

Alti Førde Alti Førde er med over 45 butikkar det største kjøpesenteret mellom Bergen og Ålesund. Vi har ca.250 parkeringsplassar.

Vi har 5 ulike eteplassar(Burger King, Peppes Pizza, Restaurant Bambus, Espresso House og Erketunet Gardsbakeri).

Oppdag sesongens nyheiter på Princess 🤍🕯️🍂 Fine haustfargar, lune tekstilar og lekre detaljar!
05/09/2026

Oppdag sesongens nyheiter på Princess 🤍🕯️🍂 Fine haustfargar, lune tekstilar og lekre detaljar!

SMAKSGARANTI PÅ LARS MONSENS TØRRFÔR🐶Nytt på Sport Outlet er at dei har fått inn ei rekke hundeutstyr og ikkje minst Lar...
04/09/2026

SMAKSGARANTI PÅ LARS MONSENS TØRRFÔR🐶

Nytt på Sport Outlet er at dei har fått inn ei rekke hundeutstyr og ikkje minst Lars Monsen sitt tørrfôr - med smaksgaranti🤩 Kjøp ein 2 kg-pose og om hunden ikkje likar fôret får du pengane tilbake.

Spør betjeninga om vilkåra for smaksgarantien😊

Etter ein sommar med mykje sol og saltvatn er dette Ann Helen sine favorittar på Life:💧Natural Magic Serum: fuktar, løft...
03/09/2026

Etter ein sommar med mykje sol og saltvatn er dette Ann Helen sine favorittar på Life:

💧Natural Magic Serum: fuktar, løftar og strammar huda.
🧴Hair Volume Repair Mask: gir g***s og fukt til tørt hår.
🌱 Deep Cleanse: skrubbar bort tørr hud med deilig duft.

LEDIG STILLINGEkstrahjelp – Vero Moda / Jack & JonesVi i BRN Best Retail Norge er no på utkikk etter ei energisk og moti...
02/09/2026

LEDIG STILLING
Ekstrahjelp – Vero Moda / Jack & Jones

Vi i BRN Best Retail Norge er no på utkikk etter ei energisk og motivert ekstrahjelp til teamet vårt på Vero Moda / Jack & Jones Alti Førde!

Behovet vil variere, og vi søkjer deg som har høve til å jobbe både på dagtid, ettermiddag og i helg. Tilgjengelegheit på dagtid blir lagt stor vekt på. Her vil du òg vere ei viktig støtte ved behov i travle periodar, ved sjukdom og ferieavvikling, til dømes i den komande juleferien.

Dette er per no ei ekstrahjelpsstilling, men stillinga kan utvikle seg til noko større på sikt.

I butikken vår står service og produktkompetanse i fokus. Kundane våre skal møte positive, trygge og kunnskapsrike medarbeidarar. Vi ser for oss at du trivst med å vere synleg og med å jobbe med menneske. Som ein del av teamet vårt vil du få ein variert og spennande arbeidskvardag, med høve til å jobbe med nokre av dei mest populære merkevarene i Norden.

Butikken er delt inn i Vero Moda og Jack & Jones. Her får du høve til å jobbe med sterke merkevarer, og ikkje minst sjansen til å bidra både på dame- og herreavdelinga. Dette gjer deg til ein allsidig ressurs. Som ekstrahjelp blir du ein del av eit sterkt team, der du gjennom å lytte, inspirere og hjelpe sørgjer for ei unik handleoppleving frå start til slutt.

Vi ser etter deg som:

*Er over 18 år
*Er positiv, engasjert og serviceinnstilt
*Trivst med kundekontakt og likar å jobbe med menneske
*Er fleksibel og kan stille opp ved behov
*Har høve til å jobbe både på dagtid, kveld og i helg
*Trivst i eit høgt tempo og likar ein variert arbeidskvardag
*Er ansvarsfull og bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Vi kan tilby ein spennande arbeidskvardag med fokus på utvikling, vekst og resultat. Ambisjonane våre er store, og vi har det gøy på jobb!
Om dette høyrest ut som noko for deg, ikkje nøl med å ta kontakt.
Og kven veit – kanskje vi blir kollegaer om litt!

Kom gjerne innom butikken vår på Alti Førde, eller send CV-en og søknaden din til [email protected].

– DU BØR TA TUREN HIT NESTE VEKE 😲😲😲Dei tre siste dagane i neste veke vil det vere heile 45 prosent avslag på dei fleste...
02/09/2026

– DU BØR TA TUREN HIT NESTE VEKE 😲😲😲

Dei tre siste dagane i neste veke vil det vere heile 45 prosent avslag på dei fleste varer hos Anita! – Vi skal feira 45 år med Nille i Norge, smiler Anita Liljedahl ved Nille-butikken på Alti Førde.

I 1981 vart den første Nille-butikken opna i Norge, og sidan har kjeden berre vakse seg større og større. I dag finst det totalt 282 butikkar i Norge, og berre i Førde er det to Nille-butikkar.

Store avslag 👏👏👏

– Det er bestemt at vi skal feire dette 45-årsjubileet med kundane våre, og det blir sjølvsagt skikkeleg bursdagsfeiring her i butikken. For kundane er det viktig å få med seg at det blir heile 45 prosent avslag på alle varer som har ordinær pris når du kjøper to eller fleire varer, smiler Anita Liljedahl.

Ho har vore dagleg leiar ved Nille på Alti Førde dei to siste åra, og har elles vore tilsett ved Nille sidan dei flytte ned frå 2. etasje.

– Nille har lang fartstid her i Førde, og den første butikken vart opna i Sentrum Sør i 1994. Etter kvart vart butikken flytta hit til handelssentra, og i dag har vi to avdelingar. Dei lokala vi har i dag på Alti Førde er ganske nye. Vi opna dei i november 2021, minnast Anita Liljedahl og håpar mange tek vegen til jubileumsfeiringa.

Tre dagars feiring 🥳🤩🥳

– Dei unike tilboda vil vere torsdag 10., fredag 11. og laurdag 12. september komande veke. Vi skal pynte i lokalet, og reknar med at det er mange som vil feire med oss. Så du skal vere hjarteleg velkomen, seier butikksjef Anita Liljedahl ved Nille-butikken på Alti Førde.

Senterkontoret ved Alti Førde gratulerer Nille-kjeden med 45-årsjubileum!🥳🤩🥳

Tekst og foto: Stig Roger Eide

KNALLPRIS!💇🏼‍♀️ Cera digital care hairdryer ord.pris 3490.- kampanjepris 1490.-
02/09/2026

KNALLPRIS!💇🏼‍♀️ Cera digital care hairdryer ord.pris 3490.- kampanjepris 1490.-

NYHEIT! "NÆR undertøy" Apotek 1 si nye undertøysserie🤍 No hos oss på Alti Førde! Mjuke og behagelege plagg med fokus på ...
01/09/2026

NYHEIT! "NÆR undertøy" Apotek 1 si nye undertøysserie🤍 No hos oss på Alti Førde! Mjuke og behagelege plagg med fokus på komfort, kvalitet og god passform☺️

Nille støttar barnekreftforeninga,gjer det du også 🎗️ September er barnekreftmånaden og Nille markerar den i butikken!🎗️...
01/09/2026

Nille støttar barnekreftforeninga,
gjer det du også 🎗️

September er barnekreftmånaden og Nille markerar den i butikken!🎗️

-Mellom anna sel Nille Barnekreftforeninga si gullsløyfe for 30,- der heile summen
går til Barnekreftforeningen

Takk for at du hjelpe oss å hjelpe

Lomelde gard kjem til Førde med plommer,  moreller, eple, pærer, kirsebær, rips, honning og jus tysdag 1. september. Vi ...
31/08/2026

Lomelde gard kjem til Førde med plommer, moreller, eple, pærer, kirsebær, rips, honning og jus tysdag 1. september. Vi står utanfor Alti Førde inngangen ved Burger King frå klokka 11 til klokka 16.
Vi har med Mallard, Methley og Opal plommer. Både bordfrukt og sylteplommer og Lapins moreller🍒.
Neste tur til Førde blir lørdag 5. september🙂.

FLYTTA HEIM FOR Å BLI SJEF 😀😀😀Etter fleire år i Bergen som frisør, flyttar Maria Nielssen heim igjen for å bli dagleg le...
31/08/2026

FLYTTA HEIM FOR Å BLI SJEF 😀😀😀

Etter fleire år i Bergen som frisør, flyttar Maria Nielssen heim igjen for å bli dagleg leiar på Nikita på Alti Førde. – Eg elskar frisørjobben, og ser fram til å begynne her, smiler 25-åringen.

Dei fem siste åra har Maria Nielssen budd i Bergen, delvis under frisørutdanning og som lærling i ein Nikita-salong. Og når tidlegare leiar ved Nikita-salongen Jana Grosse hadde sin siste arbeidsdag i Førde, var det naturleg for Maria å søke den jobben.

Flyttar tilbake 👏👏👏

– Eg har hatt nokre tilkallingsvakter her på Nikita før, og tenkte kvifor ikkje jobbe her. Så no er eg her, strålar 25-åringen då senterkontoret sin skribent stikk innom på hennar første arbeidsdag som sjef i salongen på nordbygget på Alti Førde.

– Ei stund etter vidaregåande skule i Førde begynte eg på Norsk Frisørskole i Bergen. Deretter var eg fire år som lærling ved ein Nikita-salong i Bergen. Og eg må berre innrømme at eg elskar dette arbeidet, og er ikkje framand for å starte opp for meg sjølv viss det skulle bli aktuelt ein gong i framtida, smiler 25-åringen i ein hektisk kvardag ved salongen.

Travelt 💃💃💃

– Akkurat no er det litt hektisk her. Eg skal lære opp nokre tilkallingsvakter i systema våre, og eg skal ha intervju med ein eventuell ny ekstrahjelp. Og så må eg heile tida innimellom ha fokus på kundane. Så ingen tvil om at det er hektisk, smiler ho og vedgår at ho set stor pris på stort tempo.

Reiseglad 🕌🏫🌅

– Ja, eg likar at det skjer ting. Bortsett frå jobb, så elskar eg å vere med venner og ikkje minst reise. Berre i løpet av det siste året har det blitt turar til seks-sju forskjellige plassar i utlandet. Det har blitt fleire turar til Frankrike, samt England og Spania. Og saman med nokre venninner har vi no fundert på om vi skal feire nyttårsaften i Paris, smiler 25-åringen som for tida bur i Naustdal og pendlar til arbeidsplassen i Førde.

– Det er jo ikkje lange biten. Etter å ha budd i Bergen og opplevd trafikken der, så er dei ti-femten minutta mellom Førde og Naustdal ikkje noko å snakke om, seier den nye daglege leiaren ved Nikita-salongen i Førde.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Adresse

Storehagen 9
Førde
6800

Åpningstider

Mandag 10:00 - 20:00
Tirsdag 10:00 - 20:00
Onsdag 10:00 - 20:00
Torsdag 10:00 - 20:00
Fredag 10:00 - 20:00
Lørdag 10:00 - 18:00

Telefon

+4757832500

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Alti Førde legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Alti Førde:

Snarveier

Del