12/06/2026
Før me rettar blikket mot årets festival 22.August, må me berre sjå litt tilbake til fjoråret.
Judaberg var fylt med besøkande, kjekke aktivitetar og mykje god lokal mat. Me fekk sjå Hummer, gardenpulling, konsertar og sjølvsagt masse tomatar hos tomatgartnarane.
Me er så utruleg glade for at me har moglegheita til å arrangere ein festival som dette, og det er berre på grunn av alle våre fantastiske besøkande, utstillarar, dugnadsgjengen og ikkje minst dei fantastiske sponsorane våre.
Tusen takk for minna – me gler oss til august! 🍅
Foto: og Lindland Media