Kinn i sikte

Kinn i sikte Kinn i Sikte skal gjennom lokal mobilisering og nasjonal posisjonering fronte den nye Kinn Kommune, samt dei to byane Måløy og Florø.

Det skjer og kjem til å skje utruleg mykje i Kinn og regionen, større byggjeprosjekt som vil utvikle løysingar for framtida, og ikkje minst satsinga på å lage to smartare og grønare byar, innovasjonar og gründermiljlø, samt store kultur- og idrettsarrangement. Rundt Kinn er havet stort, og med enorme moglegheiter. Kinn skal ha som mål å bli kåra til ein av Norge sin mest attraktive kommune i 2022.

Heile regionen har fantastiske omgjevnader og spennande moglegheiter for store og små, med kanskje verdas vakraste kystlinje. Og når Kinn legg til rette for å få modernisert både fly- og båtrutetilbodet, vil det opne seg nye utviklingsmoglegheiter for samfunnet, for bedrifter og gründerar – og for privatpersonar.

Adresse

Strandgata 15
Florø
6900

Telefon

99626362

Nettsted

Produkter

I denne grenselause kommunen er vi er rett og slett både offensive, stolte, optimistiske – og det med kinn mot kinn :-)

Kinn i Sikte skal formidlast til eigne innbyggarar og til eksterne målgrupper. Målet er å få endå fleire stolte ambassadørar og fleire innbyggjarar i Kinn og regionen, samt kommunen sine to byar.

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Kinn i sikte legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Kinn i sikte:

Snarveier

Del