Styving - Landbruksmessa i Vestland

Styving - Landbruksmessa i Vestland Styving - landbruksmessa i Vestland blir halden for første gong i september 2020

I dag skulle Styving vore i gang for fullt. Vi ser framover mot 2021 og vonar det blir eit betre år for arrangment, saml...
18/09/2020

I dag skulle Styving vore i gang for fullt. Vi ser framover mot 2021 og vonar det blir eit betre år for arrangment, samling og moro!

Sjølv om nokre ting er stengt og stogga, skjer det heldigvis positive ting elles i landbruket lokalt. Gratulerer til Mo og Øyrane vidaregåande skule avdeling Mo og Fagskulen Sogn og Fjordane, som saman har utvikla det nye studiet «Mjølkeproduksjon med bruk av robotteknologi».

Om du er interessert i moderne mjølkeproduksjon, vil fagskulestudiet på Mo vere rette plassen for deg.

Diverre blir Styving - Landbruksmessa i Vestland, utsett til neste år.
01/06/2020

Diverre blir Styving - Landbruksmessa i Vestland, utsett til neste år.

– Arbeidet med Styving, landbruksmessa i Vestland, var godt i gang då landet stengde 12.mars, seier arrangementsansvarleg i Rein Design AS, Tom Farsund, som er prosjektleiar for messa.– No er messa, som var planlagt halden på Mo i Førde 18. – 20. september i år, utsett til midten av septem...

Men kvitost må vi ha!Tine Meieriet på Byrkjelo har gått frå to til tre skift for å dekke auka etterspurnad etter kvitost...
24/03/2020

Men kvitost må vi ha!
Tine Meieriet på Byrkjelo har gått frå to til tre skift for å dekke auka etterspurnad etter kvitost.
- Imponert er også Tore Naustdal, mannen som har ansvaret for å hente mjølk frå dei 900 mjølkebruka i Sogn og Fjordane. Og han tenkjer då på jobben sjåførane på dei 13 bilane som hentar mjølka gjer.

– Dei har fått klare beskjedar for korleis dei skal stelle seg både i bilane og ute på gardane. Dei hentar mjølk frå alle tre gonger i veka, og kan lett bli smittespreiarar viss ikkje rutinane blir følgt. Dermed skal eingongshanskar og antibac brukast systematisk. Viss mogleg skal dei også vaske på mjølkerommet. Samstundes skal produsentane vaske dørhandtak som sjåførane er i kontakt med, seier Naustdal.

Aslak Johnsen jobbar vanlegvis med å selje kvitost og andre meieriprodukt. No pakkar han ost og bidreg til at meierianlegget på Byrkjelo kan produsere døgnet rundt.

17/03/2020

- I tillegg til å auke mjølkemengda, og spare bonden for mykje arbeid, hentar mjølkeroboten mykje informasjon om mjølka, men og om kvart dyr, seier Roar Husetuft i Fjøssystemer. - Slik kan ein sjå om helsetilstanden til dyret er god, eller om ein må gjere tiltak 🐄

Høyr meir om korleis Fjøssystemer har vore totalleverandør av fjøsen til Anders Mundal i Fjærland, i denne tredje episoden av Studio Styving frå fjøsen.

NB. Episoden blei filma før Corona-alvoret slo innover oss.

13/03/2020

-Heile matindustrien har skjerpa rutinane slik at vi held flyten av mat gåande. Det vil sikre at folk får handla i butikkane, og ingen treng å hamstre, seier Anders Felde.

13/03/2020

- Bøndene er hardtarbeidande, flinke og pliktoppfyllande, og vi har difor lite tap på landbrukssatsinga vår, seier Ragnhild Helgheim, landbruksansvarleg i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Ragnhild driv sjølv gard på Byrkjelo, i Gloppen kommune, saman med mannen, og meinar landbruksnæringa med alle sine ringverknader er særs viktig i vårt område. 12% av banken sine utlån til næringslivet går til landbruk, slik som fjøsen til Anders Mundal i Fjærland, der du no kan sjå og høyre ny episode av Studio Styving.

Er du einig med Emilie Enger Mehl?
11/03/2020

Er du einig med Emilie Enger Mehl?

10/03/2020

- Det viktigaste for meg er at landbruksarealet i Vestland vert halde oppe. Difor trur eg det er viktig at vi har eit mangfald i typar bruk, der kvar brukar tek omsyn både til kva arbeidskraft, og kva arealressurs ein har, seier bonde Anders Mundal i Fjærland 👨‍🌾

Sjølv satsar han etter våre tilhøve stort, men vil ikkje at hans satsing skal vere mal for andre.
Bli med Studio Styving inn i nyefjøsen hans, og opplev ein ung, hardtsatsande bonde, som også har velformulerte meiningar om landbruk 👍

Dagens landbruk må forsvarast meir frimodig og sterkt, også av landbruket sine eigne organisasjonar, samvirkebedriftene,...
09/03/2020

Dagens landbruk må forsvarast meir frimodig og sterkt, også av landbruket sine eigne organisasjonar, samvirkebedriftene, og av fagfolk som han sjølv, skriv professor Birger Svihus ved NMBU
- Det er lov å si rett ut at melk, egg og kjøtt, proppfulle som de er av viktige næringsstoffer, er en viktig årsak til at nordmenn lever lenger enn noensinne, og at det er vårt fossilbaserte samfunn og ikke kua som er årsak til klimaproblemene.

Ingen kjenner mangelen på helhjertet støtte mer på kroppen enn bonden.

I dag har vi vore på besøk hjå bonden Anders Mundal i Fjærland, saman med Ragnhild Helgheim i Sparebanken Sogn og Fjorda...
06/03/2020

I dag har vi vore på besøk hjå bonden Anders Mundal i Fjærland, saman med Ragnhild Helgheim i Sparebanken Sogn og Fjordane og Roar Husetuft i Fjøssystemer.

Sjå og høyr meir om denne spennande satsinga i neste episode av Studio Styving!

God helg! 🐄

Vestlandsk kjøt er bærekraftig og klimavenleg seier bønder i Førdefjorden: "Det mest openberre argumentet er at store de...
03/03/2020

Vestlandsk kjøt er bærekraftig og klimavenleg seier bønder i Førdefjorden: "Det mest openberre argumentet er at store delar av landsdelen ikkje eignar seg til anna enn å dyrke gras. Vi er eit grasland, og då må det kunne nyttast.

– Dyra utnyttar eit protein med låg verdi, gras, og omformar det til kjøt, eit protein med høg verdi, forklarer Bjørkelund."

Kjøt og klima blir eit av dei heitaste tema, før og under messa.

– Kven vil slå graset den dagen det vert slutt på kjøtproduksjon på Vestlandet? I Frammarsvika ved Førdefjorden kan heile grenda gro igjen, åtvarar folk som er glade i plassen.

Adresse

Fords
6819

Telefon

+4790118254

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Styving - Landbruksmessa i Vestland legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Styving - Landbruksmessa i Vestland:

Snarveier

Del