26/01/2023
Kjære alle kjekke kundane våra❤️
Vi starta i 2020 4 Youth med eit genuint ønske om å gi dokke ein fin butikk med godt utval og være med å gi eit bidrag til Fosnavåg sentrum i tillegg til alle dei andre fine butikkane vi har her ute.
Dokke tok godt imot oss og ga oss mykje ros og fine tilbakemeldingar❤️ dette ga oss motivasjon og inspirasjon til å jobbe vidare med konseptet og utvikle oss vidare.
Siden starten for nesten to og eit halvt år siden har det vore veldig mykje jobb (som forventa) og veldig mykje kjekt i butikken og med alle dei kjekke kundane våra og ikkje minst alle kjekke samarbeidspartnere vi har blitt kjent med.
Men det har heile tida også vore litt usikkert, med restriksjonar/Corona, krig og nå til slutt nedgang og usikkerhet i økonomien for alle.
Vi kan vel med tryggheit seie at vi har vore maksimalt uheldig siden oppstarten i 2020.
Vi har derfor med tungt hjerte valt å starte med avvikling av butikken. Vi synes det er veldig trist og skulle ønske vi fant en annen løysing på det. Vi har gått «all inn» i dette, men resultatet har dessverre ikkje blitt som forventa/ønska. Vi vel derfor å seie stopp no og avvikle det på ein skikkeleg måte.
Vi ønsker å takke alle kundane våra og alle samarbeidpartnare.
Vi starter med opphøyrsalg i butikken imorgen 27.01.2023 kl 11.00, vi har også åpent til kl 18.00. Da går heile butikken 20- 30%. Der er også noko salgs varer på 50 og 70%.
Håper dere besøker oss og hjelper oss å tømme butikken. Her er veldig mye gode varer🤩