Herøy produksjon

Herøy produksjon Herøy Produksjon er ei kommunal bedrift som er ein del av Bu-Hab tenesta i Herøy kommune. Velkomen til Herøy produksjon si Facebook-side. JA TAKK!

Her får du nyttig informasjon. Denne Facebook-sida er drifta av Herøy produksjon. PERSONVERN
Du styrer sjølv kva du deler og kven du besøker på Facebook. Derfor er din eigen policy like viktig som kommunen sin. Når du følgjer, liker eller kommenterer noko på Facebook-sidene våre, får Facebook tilgang og vil bruke opplysningane og spora du legg igjen etter deg. Deler du noko med status «offentleg»

gir du alle tilgang og tillating til å nytte informasjonen og knyte den til deg. I Facebook sine retningslinjer står det at «at offentlig informasjon er tilgjengelig for alle i eller utenfor tenestene våre, og kan sees eller fås tilgang til gjennom søkemotorer på Internett, API’er eller media mv.» Det vil seie at spørsmåla du stiller og det du kommenterer på våre Facebook-sider, kan lesast og brukast av andre. SPØRSMÅL ELLER KOMMENTARAR? Vi set pris på at du engasjerer deg i innhaldet vårt. Vi er på Facebook som ein service for innbyggarane våre og svarer gjerne på spørsmål og tek imot innspel. Innspel som er arkivverdige, blir lagra i arkivsystemet vårt og vil kome i postlistene våre, som er offentlege. Oversikt over vakttelefonar finn du på nettsida: www.heroy.kommune.no Vi kan ikkje sakshandsame her på Facebook. Slike meldingar må du sende til [email protected] eller den enkelte sakshandsamar. Kontaktinfo til dei tilsette finn du på heimesidene våre. BLEI INNLEGGET DITT SLETTA? Det er sjølvsagt heilt OK å vere ueinig med oss. Vi tar også imot sakleg og konstruktiv kritikk. God debatt og diskusjon er bra for demokratiet. Facebook slettar innlegg som inneheld enkelte upassande ord og uttrykk. Vi slettar også innlegg med upassande språk, som angrip person i staden for sak eller som kan opplevast som krenkande. Vi kan også velje å slette feilinformasjon som blir spreidd, som eit bidrag i kampen styresmakter og medium står i for å stanse villeiande, falsk og skadeleg informasjon. Vi slettar også innlegg eller kommentarar der vi meiner forfattar utleverer seg sjølv eller andre og som bryt med personvern eller teieplikt. Kommentarar som ikkje har med saka å gjere eller som inneheld reklame for kommersielle produkt og tenester, blir også fjerna. HAR DU SPØRSMÅL TIL DENNE POLICYEN? Har du spørsmål til denne policyen? Send oss ein e-post på [email protected] eller direkte her på Facebook.

----------

🏡💚 Andre bestilling for sesongen – på veg til Geiranger!
10/06/2026

🏡💚 Andre bestilling for sesongen – på veg til Geiranger!

Endelig er det påfyll av unike hus og sauer fra den fantastiske gjengen ved Herøy Produksjon🤩👌 Vi gleder oss masse😊

Frå Herøy til Geiranger ❤️Produkta våre har fått ein fantastisk mottaking hos Havila Hotel Geiranger, og no kjem det ny ...
04/06/2026

Frå Herøy til Geiranger ❤️

Produkta våre har fått ein fantastisk mottaking hos Havila Hotel Geiranger, og no kjem det ny bestilling.

Vi er stolte og takksame for det gode samarbeidet med Havila Hotels og for den flotte omtalen i Vestlandsnytt. Takk til alle som støttar lokalt handverk med meining ❤️

Les saka i Vestlandsnytt 👇

Eit gledeleg nytt samarbeid mellom den verna bedrifta Herøy produksjon og Havila Hotel Geiranger har fatta stor interesse blant turistane i sunnmørsbygda.

☀️ Monsiaden – ein dag fylt med glede og meistring! ☀️Onsdag deltok vi på Monsiaden i strålande solskin. Deltakarane frå...
03/06/2026

☀️ Monsiaden – ein dag fylt med glede og meistring! ☀️

Onsdag deltok vi på Monsiaden i strålande solskin. Deltakarane frå Herøy Produksjon gjorde ein fantastisk innsats på alle aktivitetsstasjonane og viste både engasjement, pågangsmot og godt humør gjennom heile dagen.

Det vart ein kjekk dag med aktivitet, fellesskap og mange gode opplevingar. Vi er stolte av innsatsen til alle som var med!

Takk for ein flott dag – vi gler oss allereie til neste gong! 🌞🏅👏

🌿 Dei populære fuglane på drivvedpinne er endeleg tilbake! 🖤No har vi fått inn igjen desse unike og dekorative fuglane p...
20/05/2026

🌿 Dei populære fuglane på drivvedpinne er endeleg tilbake! 🖤

No har vi fått inn igjen desse unike og dekorative fuglane på naturleg drivved — kvar og ein med sitt eige uttrykk.
Pris fra 150,- opp til 300,-

Dei passar nydeleg både i hagen, på altanen, ved inngangspartiet eller på hytta. Saman med fuglekassene og pyntehusa våre skaper dei ei lun, koseleg og levande sommarstemning ute 🌸🏡

Perfekt for deg som vil lage ein fin atmosfære med naturlege material, fargar og små detaljar som gjer hagen ekstra triveleg.

Velkomen innom butikken for å sjå utvalet! 🌿✨

☀️ Sommarstemning i butikken! 🌸🌿No er butikken fylt opp med både nye varer og populære favorittar som blei utselde sist!...
18/05/2026

☀️ Sommarstemning i butikken! 🌸🌿

No er butikken fylt opp med både nye varer og populære favorittar som blei utselde sist!

Vi har fått inn fargerike fiskesnøre til barn, servietthaldarar, pyntehus med populære motiv, sauer, blomsterkasser og mykje meir 🏠🐑🌼

Blomsterkassene har vi på lager, og vi tek imot bestillingar på rastebord og benkar — perfekt til hage, hytte og fine sommardagar ute.

Kom innom og sjå alt det fine vi har laga klart til sommaren ☀️
Velkomen innom! 💛

🌊 Nyheit i butikken – lokal suvenir frå Herøy! 🇳🇴No kan du ta med deg ein bit av Herøy heim 🏡Vi lanserer vår nyaste hand...
20/04/2026

🌊 Nyheit i butikken – lokal suvenir frå Herøy! 🇳🇴

No kan du ta med deg ein bit av Herøy heim 🏡
Vi lanserer vår nyaste handlaga suvenir:
Seilbåten “Fosnavåg” ⛵

✨ Kvar båt er laga i tre, behandla med maling og beis, og fint dekorert med tau – ein rustikk og maritim stil som passar perfekt i heimen eller på hytta.

📏 Mål:
– Høgde: 31 cm
– Breidde: 17 cm
– Djupne: 5 cm

💰 Pris: 249,-

Vi har også eit breitt utval av andre handlaga suvenirar inspirert av kystlivet:
🐦 lundefugl og måke
🏠 små pyntehus
🎣 fiskar
🐑 sau med ekte pels

🎁 Perfekt som gåve – eller som eit varig minne frå vakre kysten vår.

Velkomen innom for ein hyggeleg handel!

🌿 No er Treavdelingen i full produksjon av sesongvarer! 🌿Vi tilbyr solide og handlaga produkt som passar perfekt til hag...
13/04/2026

🌿 No er Treavdelingen i full produksjon av sesongvarer! 🌿

Vi tilbyr solide og handlaga produkt som passar perfekt til hage og uteområde:

🔹 Rastebord i god kvalitet
🔹 Hagebenkar – med og utan rygg
🔹 Blomekassar i ulike storleikar
🔹 Fuglekassar og fuglematarar

Alt er laga med fokus på kvalitet, haldbarheit og godt handverk 🙂👍

Vi har varer på lager – ta kontakt for bestilling!

📞 Ring oss for bestilling:: 70084665

No har du sjansen – bli ein del av Herøy Produksjon! 💚❤️💛Vi søkjer ein engasjert snikkar/miljøarbeidar som vil jobbe med...
07/04/2026

No har du sjansen – bli ein del av Herøy Produksjon! 💚❤️💛

Vi søkjer ein engasjert snikkar/miljøarbeidar som vil jobbe med tilrettelegging og praktiske oppgåver i eit godt og inkluderande arbeidsfellesskap.

👉 Sjå stillinga og søk her:

https://606500.webcruiter.no/Main/Recruit/Public/5100703946?language=nn&link_source_id=0&showExpired=False

Del gjerne vidare!🙂👍

Har du sans for folk, fiksfakseri og furu?Vil du vere med å skape meining, glede og gode kvardagar? Vi søkjer deg som ønskjer å vere ein del av eit arbeidsmiljø prega av inkludering, hjarte, humor, samarbeid og fagleg engasjement.Herøy Produksjon er ei tilrettelagd bedrift for menneske med uli...

Adresse

Kvithaugsmyra 2
Fosnavåg
6092

Åpningstider

Mandag 08:00 - 15:30
Tirsdag 08:00 - 15:30
Onsdag 08:00 - 15:30
Torsdag 08:00 - 15:30
Fredag 08:00 - 15:30

Telefon

+4748997860

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Herøy produksjon legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Herøy produksjon:

Snarveier

Del