13/06/2026
🌿 Takk for ein flott torgdag på Frekhaug! 🌿
Det er lenge sidan det har vore torgdag her på Frekhaug, og det var veldig kjekt å sjå torget fyllast med folk, boder, musikk og liv igjen.
Når ein berre ser føre seg ein full torgplass med telt og boder i teorien, er det ikkje alltid så lett å vite heilt nøyaktig korleis alt skal bli. Men jammen gjekk det fint! Det vart plass til alle marknadsbodene, og det vart god plass på sjølve torget til både publikum, handel og gode møte.
Og det beste av alt: det vart sol! ☀️
Vi treng slike møteplassar. Vi treng at torget vert teke i bruk. Ein torgplass blir først levande når folk kjem, stoppar opp, handlar, pratar, lyttar og deltek.
Tusen takk til alle utstillarane som kom, rigga opp, selde varer, smilte til folk og var med på å skape liv på torget. Vi trur dei fleste påmelde var til stades, sjølv om vi veit at nokon mangla. Vi håpar de som var her, koste dykk i sola – og at det vart litt sal også.
Takk også til alle som tok turen innom marknaden. Det betyr mykje for både små og store utstillarar at folk kjem, ser, handlar og slår av ein prat.
“Scenen er din” var også eit nytt konsept for oss. Som arrangør veit ein ikkje heilt kva som kjem når scena vert opna på denne måten – og nettopp det er noko av poenget. Vi ønskjer at scena skal vere ein stad der musikkrefter i nærmiljøet kan prøve seg, vise seg fram og kjenne at det finst ein plass for dei.
🎶I dag er vi særleg imponerte dei unge, der nokon lagar sin eigen musikk og går opp på scena som om dette er noko dei har gjort heile livet. Det står det respekt av!
Så her er oppmodinga vår vidare: Ta torget i bruk. Ta scena i bruk.
Har du noko du vil dele, spele, synge, selje, vise fram eller skape – så håpar vi dette berre er starten.
Tusen takk til alle som bidrog til ein kjekk og levande torgdag. Vi sjåast💚