05/08/2019
Fann harmonien i Ryfylke
Han bruker hender og øyrer for å få alt til å stemma. Og han set to strekar under svaret om at Ryfylke er beste plassen å bu. István Horváth er opphavleg frå Ungarn, er utdanna i Norge og har vore pianostemmar sidan 2005 og nordmann nesten like lenge. – Men, eg treivst ikkje i Oslo. Det var liksom, ja kva skal me seia… seier István og løfter skuldrene. – Det er her eg vil vera, understrekar István, som saman med kona fann lukka i livet på Hjelmeland. István fartar rundt og stemmer piano i heile Ryfylke, på Jæren og i Stavanger. – Eg stemmer flygelet i Stavanger konserthus også, smiler ungar-ryfylkingen stolt. Og når du les dette er han kanskje heime hjå deg og stemmer pianoet