22/08/2026
Patrick Reksten 👏🏼😍
Patrick, ein fantastisk ungdom, med sitt nye førarkort.
Arbeidslivet på han kalla, utsetting av oppkjøring vart gjort.
Så heim etter førstegangsreis, det endeleg vart hans «tjangs»
Alltid reflektert og dyktig, med kommentar frå sensor «bestått med glans».
Me møttes på ungdomsskulen, valfag trafikk og ein ivrig gut.
Mykje plager du hadde siste året, uheldigvis og mykje sjuk.
Men du jobba på, det du kunne, ville ha ein god karakter.
Så stor interesse du viste for faget og tok initiativ til å «få alle med»!
Du gleda deg stort til å gå frå to til fire hjul - varmt og godt.
Så når lett-sykkelen vart bytta ut med Mercedes, du følte det så flott.
Du trives med motor, har kjørt dine mange og gode mil.
Heilt frå du var liten gutt har du jobba og opparbeida deg ein kjempefin stil.
Lett å samarbeide med, sjølvstendig, kunnskapsrik og engasjert.
Ein god mix av det du gjennom fleire år har erfart og det du har fått lært.
Teknikk og presisjon gjer eit førsteinntrykk som set deg heilt i tet.
Overblikk og rytme, hensynsfull, og med fart etter forhold og variert.
No «seglar du på bøljan blå», i lære, den plassen du aller helst drømte om og ville ha.
Og få ein ungdom som deg med på laget, så heldige me er som fekk ditt «ja».
Eg vil takka for tida i lag og for at du tok meg med på timar i bil.
Så alt det beste vidare frå meg, må du få, og at du gjer det bra, eg er aldri i tvil….
Stor klem Christel 😀