Steinvik

Steinvik Starten var i 1986 då Steinvik fekk sin fyrste konsesjon i sjø.

I dag har vi 9 matfisklokalitetar, Visningssenter, settefiskanlegg, rensefiskanlegg og storsmoltanlegg i naturskjønne Kinn, Bremanger og Askvoll – i nærleiken av byane Førde og Florø.

Då har vi hatt storfint besøk på Steinvik og Visningssenteret av ARTIC SUN RALLY med 40 veteranbilar frå heile verda!🚗🏎️...
04/07/2026

Då har vi hatt storfint besøk på Steinvik og Visningssenteret av ARTIC SUN RALLY med 40 veteranbilar frå heile verda!🚗🏎️🛻🚙
Rallyet gjekk frå Tromsø til Bergen med nest siste stopp i Florø og på Steinvik!

Dei hadde onsdag 1. juli parkert bilane sine i Florø, og kom med Veteran-båtane Atløy og Granvin til Steinvik.⛴️🚢
Det var eit mektig syn med 2 so flotte veteran-båtar bygde i 1931 (95 år gamle) koma siglande i lag til Steinvik!🙏

Då har Visningssenteret hatt besøk av dei siste skuleklassane for dette skuleåret.😊Dei 2 siste dagane har Halbrend skule...
12/06/2026

Då har Visningssenteret hatt besøk av dei siste skuleklassane for dette skuleåret.😊
Dei 2 siste dagane har Halbrend skule vore hjå oss med alle 8. klassane sine.😊
Det er alltid like kjekt å treffa desse ungdomane!👍
Neste skuleår vert dei samanslegne med Førde Ungdomsskule og flyttar inn i det gamle Hafstad-skulebygget. Vi ynskjer dei lukke til med overgangen, og velkommen attende neste skuleår med dobbelt så mange klassar!🤗

Etter Open Dag på Steinvik, etterlyser vi LUKAS HOLME. Han vann nemleg 2. premie på fiskekonkurransen vår, ei god fiskes...
01/06/2026

Etter Open Dag på Steinvik, etterlyser vi LUKAS HOLME. Han vann nemleg 2. premie på fiskekonkurransen vår, ei god fiskestang med diplom. Den står nede på Steinvik. Håpar nokon kjenner han, slik at han får premien sin for: 7,39 kg. fiska fisk!🙏🐟🐟

VEL BLÅST OPEN DAG på Steinvik laurdag, med ca. 700 besøkande!🙏Besøkstalet er vi godt nøgde med når ein tek i betraktnin...
31/05/2026

VEL BLÅST OPEN DAG på Steinvik laurdag, med ca. 700 besøkande!🙏

Besøkstalet er vi godt nøgde med når ein tek i betraktning alle konkurrerande arrangement og det litt tunge veret denne helga!👍

Arrangementet gjekk heilt knirkefritt på alle måtar: Berre glade folk i alle aldrar, kjekke attendemeldingar og vi kosa oss verkeleg med alle dei varierte aktivitetane der mange frivillige stiller opp og gjer ein kjempejobb for oss! Tusen takk til alle hjelparane våre!👏👏👏

I år var det ekstra stas med dåp av den nyaste, heil-elektriske arbeidsbåten vår: Høydalsfjord, som vart døypt av den flinke 7 år gamle gudmora: Hanna Hopen. Ho er etterkomar etter Almar og Steinar Hopen, som dreiv skyssbåtane Høydalsfjord her i fjorden.🇳🇴🍾⛴️

Sjå bilete frå arrangementet vårt her!🤗

Då e vi i gang med Open Dag-KOM!😊
30/05/2026

Då e vi i gang med Open Dag-KOM!😊

Mykje RART å sjå i fisketanken på Open Dag i morgo!🐟Kom og sjå sjølv!🤗No er det meste klart nede på Steinvik. Mange sitt...
29/05/2026

Mykje RART å sjå i fisketanken på Open Dag i morgo!🐟Kom og sjå sjølv!🤗

No er det meste klart nede på Steinvik. Mange sitteplassar inne og ute, der ein kan nyta ein god laksemiddag. Og inntektene går til Grendalaget.👌🏼

Det vert ikkje regn i år heller-så vi håpar at de tek turen hit i morgo frå kl.11-16.
Vi gledar oss!🤗

ELIAS-båten er klar for Open Dag på laurdag!⛴️Vi håpar at du er klar også🙏Og utvida og fornya Visningssenter er klart fo...
28/05/2026

ELIAS-båten er klar for Open Dag på laurdag!⛴️Vi håpar at du er klar også🙏

Og utvida og fornya Visningssenter er klart for besøk med ny QUIZ OGSÅ!👍🐟

WOW så mykje fisk å få på fiskekonkurransen på Open Dag!🐟🙏👌🏼Litt av ein fangst då 9. klasse frå Eikefjord testa fiskekon...
27/05/2026

WOW så mykje fisk å få på fiskekonkurransen på Open Dag!🐟🙏👌🏼
Litt av ein fangst då 9. klasse frå Eikefjord testa fiskekonkurransen før Open Dag👏👏🐟🐟
Sjå her korleis det gjekk i dag! 👍

Kom å bli med på fisket no på laurdag 30. mai-borna er nesten sikra å få fisk.🐟

Skikkeleg kjekke og flinke 8. klassingar frå Florø på besøk hjå oss dei siste 3 dagane!Nærare 150 elevar og lærarar har ...
13/05/2026

Skikkeleg kjekke og flinke 8. klassingar frå Florø på besøk hjå oss dei siste 3 dagane!

Nærare 150 elevar og lærarar har vore på Visningssenteret og på mærkanten denne veka.🐟🐟

Vi er veldig imponert over den kunnskapen elevane har om næringa, og kor godt førebudde fleire klassar var til besøket.👏
Gode spørsmål og gode attendemeldingar til oss!🙏

Tusen takk for kjekke besøk, og velkommen attende på vår Open Dag laurdag 30. mai!🐟🤗🐟

🎉 OPEN DAG – Steinvik Fiskefarm 🎉📅 Når: 30. mai⏰ Tid: kl. 11.00–16.00📍 Kvar: Steinvik Fiskefarm VisningssenterI tillegg ...
30/04/2026

🎉 OPEN DAG – Steinvik Fiskefarm 🎉

📅 Når: 30. mai
⏰ Tid: kl. 11.00–16.00
📍 Kvar: Steinvik Fiskefarm Visningssenter

I tillegg feirar Steinvik Fiskefarm 40 år med
👉 GRATIS inngang
👉 Aktivitetar
👉 Jubileumskaker

✨ KOM, SJÅ OG OPPLEV:

🐟 Fornya oppdrettsutstilling på Visningssenteret + Quiz
🌊 Økologisk laks i mærane – og kanskje anna fisk?
🎣 Fiskekonkurranse for barn (ta med redningsvest for dei minste)
🚤 Båt-turar med raftingbåtar
🚨 Redningsselskapet med Eliastbåten og Redningsskøyta
⛑️ Røde Kors med stand
🚲 4H med smoothiesykkel
⚓ Rederiet Godfisken og store arbeidsbåtar
🚗 Utstilling og besøk av veteranbilar
🌭 Sal av grilla laks, pølse, is og drikke v/ Grendalaget
🍰 Gratis kaker og gode sitteplassar inne og ute
🎁 Trekking av premiar på inngangsklistremerke og konkurransar
✨ Og heilt sikkert meir spennande program!

📢 Les meir detaljert program under Open Dag
👍 Følg oss her på Facebook!

💙 GRATIS INNGANG • AKTIVITETAR • KAKER

💙 ALLE VELKOMMEN!

Adresse

Steinvik
Kinn
6940EIKEFJORD

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Steinvik legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Steinvik:

Snarveier

Del