Anda blomstergard

Anda blomstergard Kortreiste snittblomar frå eigen produksjon. Sesongopen.

Sesongen er på hell. Vi har framleis mykje fine blomar for salg, men har valt å redusere opningstidene nå når sesongen g...
21/09/2026

Sesongen er på hell. Vi har framleis mykje fine blomar for salg, men har valt å redusere opningstidene nå når sesongen går mot slutten.

Frå og med denne veka og ut sesongen blir opningstidene som følgjer:

Fredag 10-18
Laurdag 10-18.

Du kan framleis bestille bukettar alle dagar forutan søndag. Bestillinga bør vere inne seinast dagen før.

Vil du ha ein helgebukett til deg sjølv eller til å gje bort? Vi har flotte bykettar i ulike fargenyansar. Vi har også m...
18/09/2026

Vil du ha ein helgebukett til deg sjølv eller til å gje bort? Vi har flotte bykettar i ulike fargenyansar.

Vi har også miksbuntar og buntar for salg.

Ope fredag og laurdag kl 10-18.

Har du lyst på ein tur ut i blomsteråkeren mellom regnbygene, er du også velkommen på sjølvplukk fredag kl 15-18 og laurdag kl 12-18.

Med bilete av Sara sin brurebukett (fotograf ) frå tidlegare i sommar seier eg takk til alle som har valt blomar frå And...
15/09/2026

Med bilete av Sara sin brurebukett (fotograf ) frå tidlegare i sommar seier eg takk til alle som har valt blomar frå Anda blomstergard til bryllaup i år!

Vi har levert blomar til å pynt med i kyrkja, bøtter med blomar til bordpynt, brurebukettar, knappholsblomar og forlovarbukett. Nokre gonger berre bukett, nokre gonger berre bøtter med blomar og andre gonger både det eine andre. Siste bryllaupsbestilling vart levert sist helg, så nå er det rolegare dagar her på blomstergarden.

Sjølv om bryllaupssesongen er over, er ikkje blomstersesongen over.

Vi har ope blomsterutsalg torsdag, fredag og laurdag kl 10-18 også denne veka. Vermeldingane for veka er ikkje så gode, så vi får plukka blomar mellom bygene.

Har du heller lyst å plukka blomane sjølv, så har vi sjølvplukk også denne helga, fredag kl 15-18 og laurdag kl 12-18.

Solsikker høyrer seinsommaren til. 🌻Har du lagt merke til det vakre spiralforma mønsteret i midten på solsikkene?For ein...
13/09/2026

Solsikker høyrer seinsommaren til. 🌻

Har du lagt merke til det vakre spiralforma mønsteret i midten på solsikkene?

For ein tidlegare matematikklærar er dette meir enn berre vakkert, så her kjem litt info om noko eg syns er veldig fascinerande (andre syns nok det er litt sært å vera fascinert av dette 😂):

Antalet spiraler som svingar seg med klokka og antalet spiraler som svingar seg mot klokka skal visstnok alltid vera to tal som ligg etter kvarandre i Fibonaccirekka? (Viss du aldri har høyrt om Fibonaccitala og skulle vere interessert i å vite meir 😊, så er det berre å google det eller kanskje spørje AI.)

Eg prøvde å telje på denne solsikka og kom til 34 og 55, to påfølgjande Fibonaccital. Du finn liknande spiraler andre stader i naturen, f.eks hos kongler eller hos verdas vakraste grønnsak (syns eg) - romanesco. Antalet spiraler med og mot klokka er også der to påfølgjande Fibonaccital.

Det store filosofiske spørsmålet er då: Har menneska oppfunne Fibonnacitala og annan matematikk, eller har dei berre oppdaga Fibonaccitala og matematikken?

Kva tenkjer du?

Har du sett pris på kunna kjøpa lokalproduserte usprøyta blomar gjennom sesongen, eller har du ikkje ennå kome så langt ...
09/09/2026

Har du sett pris på kunna kjøpa lokalproduserte usprøyta blomar gjennom sesongen, eller har du ikkje ennå kome så langt at du har vore innom vårt vesle blomsterutsalg?

Uansett har du framleis sjansen til å nyta vakre, friske blomar frå oss nokre veker til, både veka og nokre veker framover. Vi har framleis ope blomsterutsalg torsdag, fredag og laurdag kl 10-18.

Men fortvil ikkje for at sesongen går mot slutten. Oppe på låven heng det mykje blomar til tørk, så når det blir oktober og sesongen for ferske blomar går mot slutten, kjem vi i år til å selja tørka blomar, både buntar og bukettar og kanskje noko anna spennande.

Våre tørka blomar - eller evighetsblomar som nokre av dei blir kalla - er sjølvsagt produserte her, plukka her og tørka her. Dei har kun naturleg farge og er ikkje blitt sprøyta gjennom sesongen.

Så når hausten og vinteren kjem for fullt, kan du ta med deg noko av sommaren inn i stova med våre vakre tørka blomar. Du kan sjå på dei og gle deg over dei heilt til neste blomstersesong startar og endå lenger.

Det er blitt september månad og hausten er her, men framleis kan du ta noko av sommaren med deg inn frå Anda blomstergar...
06/09/2026

Det er blitt september månad og hausten er her, men framleis kan du ta noko av sommaren med deg inn frå Anda blomstergard. På bileta kan du sjå eit lite utval av det som blomstrar på garden akkurat nå.

Me har som vanleg ope blomsterutsalg torsdag, fredag og laurdag kl 10-18.
Torsdag er det salg av buntar og miksbuntar.
Fredag og laurdag kan du i tillegg få kjøpt flotte sesongbukettar i ulike fargar.

Elles har vi sjølvplukk heile tre dagar denne veka:
Måndag kl 17-19, fredag kl 15-18 og laurdag kl 12-18.
Du treng ikkje bestille tid, men det er berre å møte opp og ta med seg bøtte og saks ut i åkeren. Du finn bøtte, saks og info om plukking og prisar inne i blomsterutsalget. Du vel sjølv om du vil plukka 15, 25 eller 40 stelkar.

Minner også om at vi tek i mot bestilling av bukettar og anna også utanom opningstidene, alle dagar forutan søndag. Bestill seinast dagen før.

Hugs også at om du skal feire noko og treng blomar til å pynta med, så hjelper vi det også med det. Du kan kjøpa bøtter med blomar som du sjølv set i vase, eller du kan bestille blomar i småvasar som vi gjer klar til henting når du måtte ønskje det.

Litt avhenging av veret framover, reknar vi med å ha ferske blomar for sal fram til ca midten av oktober.

Då var september her. Blomane kom seg velberga gjennom både vind og regn i helga som var. Vi er klare for ei ny veke med...
01/09/2026

Då var september her. Blomane kom seg velberga gjennom både vind og regn i helga som var. Vi er klare for ei ny veke med bestillingar til både bryllaup og konfirmasjon og sjølvsagt ope blomsterutsalg.

Torsdag, fredag og laurdag 10-18.

Denne helga har vi to dagar med sjølvplukk: Fredag 15-18 og laurdag 12-18. NB. Vi harutvida tida for sjølvplukk laurdag til kl 18 i håp om litt betre ver utover dagen.

Velkommen til kjøp av blomar dyrka her på garden, dei fleste ute i jærsk vind og ver, og nokre inne i ein uoppvarma plasttunnell.

Det blomstrar! Jippi! Komande veke har vi to dagar med sjølvplukk; måndag og fredag kl 15-18. Hugs at vi tek også i mot ...
23/08/2026

Det blomstrar!

Jippi! Komande veke har vi to dagar med sjølvplukk; måndag og fredag kl 15-18.

Hugs at vi tek også i mot bestillingar alle dagar i veka forutan søndag.

Og som vanleg har vi ope blomsterutsalg torsdag, fredag og laurdag kl 10-18.

Nyt seinsommaren med ureiste, vakre blomar frå Anda blomstergard!

Mykje fint i blomsterutsalget også denne helga. Nå kjem solsikkene og dahlian for fullt. Elles har vi også mykje anna fi...
20/08/2026

Mykje fint i blomsterutsalget også denne helga. Nå kjem solsikkene og dahlian for fullt. Elles har vi også mykje anna fint.

Opningstider:
Torsdag 10-18
Fredag 10-18
Laurdag 10-18

Sjølvplukk fredag 15-18

Velkommen til lokal blomsterhandel!

I går presenterte eg løvemunn, ein blom som eg trur mange ikkje har fått augene opp for. I dag vil eg snakka varmt om ei...
18/08/2026

I går presenterte eg løvemunn, ein blom som eg trur mange ikkje har fått augene opp for. I dag vil eg snakka varmt om ein annan blom som heller ikkje så mange av våre kundar etterspør, nemleg sommarasters.

Akkurat nå blomstrar astersen for fullt. Eg har for det meste valt sortar med lyse duse fargar, i tillegg til ein sterkt rosa, mange av sortane med store fylte blomar.

Eg plukkar dei ofte før dei er heilt utsprungne og stelkene er ikkje så veldig lange, så buntane med asters som eg sel, kan nokre gonger sjå litt små og puslete ut. Men når dei får stå i vasen og springa ut, er dei så flotte, og så står dei også godt i vasen. Dei er fine åleine men også i bukettar, så kanskje du skal mikse dei saman med nokre andre blomar denne helga.

Velkommen innom for å kjøpe asters eller andre vakre blomar, torsdag, fredag og laurdag 10-18.

Fredag blir det også sjølvplukk ute i blomsteråkeren (men ikkje inne i veksttunnellen denne veka).

Adresse

Brekkevegen 5
Klepp Stasjon
4353

Åpningstider

Torsdag 10:00 - 18:00
Fredag 10:00 - 20:00
Lørdag 10:00 - 18:00

Telefon

+4797197462

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Anda blomstergard legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Anda blomstergard:

Snarveier

Del