Alsaker Fjordbruk

Alsaker Fjordbruk Alsaker Fjordbruk er eitt av dei leiande oppdrettskonserna i Noreg, når det gjeld produksjon av laks Fokuset vårt er å gjera det me er best på!

Alsaker Fjordbruk er eitt av dei leiande oppdrettskonserna i Noreg, når det gjeld produksjon av laks. Dette betyr at me konsentrerer oss om produksjon av laks; Frå innlegg av rogn, til settefisk og vidare til matfisk og slakteri. Sluttproduktet vårt er sløyd, fersk laks i kassar for den internasjonale marknaden. I konsernet har me ein kapasitet på nærare 30 millionar settefisk og ein matfiskproduksjon, med utgangspunkt i 22 konsesjonar. På slakteriet vårt, Viking Fjord på Sunde i Kvinnherad, har me nyleg gjennomført ei større modernisering, som medfører ei optimalisering, bygd på den mest moderne teknologien som finns på marknaden i dag. Aktiviteten vår har sitt utspring i Sunnhordland, nærare lokalisert til Onarheim i Tysnes kommune. Her kjem friskt brevatn frå m.a. Folgefonna og møter ein av Noregs rikaste fjordsystem – Hardangerfjorden!

Snart er det halvanna år sidan brannen, og me har virkeleg begynt å glede oss til den dagen me kan flytte inn att 😊Med g...
10/09/2026

Snart er det halvanna år sidan brannen, og me har virkeleg begynt å glede oss til den dagen me kan flytte inn att 😊

Med gjengen frå Bolaks på laget og endå fleire tilsette i administrasjonen byrjar det å bli trongt om kontorplassane i det gamle bygget.

Samstundes tek det nye bygget form framfor auga på oss, og for kvar veke som går, liknar det meir og meir på bygget me flytta inn i for snart to år sidan. Dei store glassflatene i det opne og romslege E-bygget, som skal huse kantina, er på plass og minner oss om at me snart får den etterlengta plassen rundt lunsjbordet att ✨

☀️ Førre veke møttest dei nye lærlingane våre til oppstartssamling på Onarheim.Desse sju skal ha læretida si på matfisk ...
04/09/2026

☀️ Førre veke møttest dei nye lærlingane våre til oppstartssamling på Onarheim.

Desse sju skal ha læretida si på matfisk og rensefisk. Fleire av dei har allereie jobba hos oss som vikarar, medan andre er nye fjes.

Magne Sildelid, Mina Linea Risnes, William Kyvik, Mathias Aksland, Sturla Paulsen, Knut Benjamin Dalland Nesse og Jonathan Rød: Me er glade for å ha alle med på laget, og gler oss til å følgje utviklinga gjennom læretida.

Velkomne til oss! Sjå mindre

Veit du kva fisk dette er? 🐟Han er kanskje ikkje så lett å kjenna att enno.  Gjennom sommaren har me lagt inn rogn i anl...
20/08/2026

Veit du kva fisk dette er? 🐟
Han er kanskje ikkje så lett å kjenna att enno.

Gjennom sommaren har me lagt inn rogn i anlegget på Onarheim Bruk, og no har me ein stor gjeng med små rognkjeks i klekkeriet som må passast godt på.

Enno manglar dei den karakteristiske blåfargen me kjenner på rognkjeks, og dei største veg berre kring 0,6 gram.

I klekkeriet er det mykje å gjere for dei drevne røktarane no. Rundt årsskiftet skal dei første leveringane være klare. Då skal rognkjeksene ut å gjera jobben sin som lusebeitar i merdene.

📸 Dei let seg ikkje så godt fange med kamera når dei veg mindre enn eit halvt gram, men her er eit lite glimt frå kvardagen i klekkeriet.

I førre veke blei det ein litt annleis arbeidsdag om bord på servicebåten Vesuv, som var filmsett for Sjøfartsdirektorat...
14/08/2026

I førre veke blei det ein litt annleis arbeidsdag om bord på servicebåten Vesuv, som var filmsett for Sjøfartsdirektoratet sin nye tryggleiksfilm.

Denne gongen handla det om trygg bruk av kran, og som i tidlegare filmar dukkar det opp nokre karakterar med eit veldig avslappa forhold til gode rutinar 🙈⚠️

I Fjordbruk Service har dei full kontroll på både kranar og tryggleiksrutinar, og dei hjelpte til med å finne scenario som viser kva ein bør unngå – sjøl om Jan Erik meinte det kunne vore mogleg å gjere nokre av situasjonane meir realistiske med litt meir førebuing 😄

Kjekt å få vere med på å skape merksemd rundt eit viktig tema, og bidra til ein trygg arbeidskvardag.

👉 Vil du få med deg filmpremieren, må du ta turen til Sjøfartsdirektoratet sitt seminar under Maritim uke i Haugesund i september: https://www.maritimuke.no/program/seminar-for-rederier-i-havbruksnaringen/

🎉 Kranselag på Sævareid BrukI sommar nådde me ein viktig milepæl på Sævareid Bruk, og det måtte sjølvsagt markerast med ...
05/08/2026

🎉 Kranselag på Sævareid Bruk

I sommar nådde me ein viktig milepæl på Sævareid Bruk, og det måtte sjølvsagt markerast med kranselag og kake.

Om lag 50 gjester var innom for å markere milepålen saman med oss. Me samla oss i produksjonshallen som etter kvart skal heite Klimarommet – eit namn som stammar frå tida då det var papp- og kartongfabrikk på Sævareid.

Tusen takk til alle tilsette, entreprenørar, leverandørar og samarbeidspartnarar som har gjort dette mogleg så langt. Me ser fram til fortsetjinga! 🚀

I dag er dagen! 🐟🥳Før gjestene kjem, skal om lag 1000 porsjonar laks gjerast klare til grillen. Her går det på rutine og...
31/07/2026

I dag er dagen! 🐟🥳

Før gjestene kjem, skal om lag 1000 porsjonar laks gjerast klare til grillen. Her går det på rutine og godt lagarbeid: tørke, fjerne bein, smøre, krydre, kutte og pakke. På samlebåndet står ein erfaren gjeng som veit kva som skal til for å gjere laksen klar til fest.

Dette er 32. gongen Gerhard arrangerer Laksafest - sitronpepper har vore ein fast ingrediens sidan starten, og Oddvar har vore med i minst 15 år.

🔥🐟 Me gler oss til fest!

✅ Grillane er på plass✅ Førebuingane går etter planen✅ Yr melder opplettGerhard si vêrbestilling ser ut til å vere godkj...
30/07/2026

✅ Grillane er på plass
✅ Førebuingane går etter planen
✅ Yr melder opplett

Gerhard si vêrbestilling ser ut til å vere godkjend! ☀️😄

Me sjåast på Laksafesten i morgon! 🐟🎉

30/07/2026

Uansett kva vêret byr på, har vi flinke folk med godt humør, klare til innsats 💪

24/07/2026

Om berre sju dagar er det forhåpentligvis fullt rundt desse borda - med gode historier, latter og feststemning.

Me gler oss til årets Laksafest og til å samle folk frå nær og fjern til ein kjekk kveld.

🐟🎉 Berre ei veke igjen!

☀️ Er du ein av dei som saknar dei veldig flotte sommardagane me har hatt denne veka?Sol frå tidleg morgon, skyfri himme...
17/07/2026

☀️ Er du ein av dei som saknar dei veldig flotte sommardagane me har hatt denne veka?

Sol frå tidleg morgon, skyfri himmel og skikkeleg mange varmegrader – slike dagar som gjer seg best ute på fjorden.

Me kan i alle fall by på nokre bilete frå desse solfylte dagane, så kan me drøyme oss litt tilbake i lag 😎

Servicebåten Ararat er bygd om til spylebåt, og dei siste vekene har det vore mykje arbeid med å få alt på plass. Utstyr er montert, kablar er trekt, gardiner hengt opp og utfordringar løyste 💪

Denne veka vart båten klar for oppdrag, og bileta er frå spyling på anlegget på Flornes i går.

– Det er godt å endeleg vere i gang, seier mannskapet. 🚤☀️

👏 Godt jobba, Fjordbruk Service!

Adresse

Alsaker Brygge, Flakkavågsvegen 12
Kvinnherad
5694

Åpningstider

Mandag 08:00 - 16:00
Tirsdag 08:00 - 16:00
Onsdag 08:00 - 16:00
Torsdag 08:00 - 16:00
Fredag 08:00 - 16:00

Telefon

+47 53 43 01 00

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Alsaker Fjordbruk legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Alsaker Fjordbruk:

Snarveier

Del