13/08/2026
Det beste og reinaste, rett frå fjellet.
Løp og kjøp👌🏼
Sognalam med direkte salg av ferske lam heim til deg.😊👍
Ynskjer du å vite kvar maten kjem frå, og ha full kontroll på prosessen frå fjell til bord?
No har du ein unik sjanse til å få tak i kvalitetslam frå Sogn.
Me kan garantere at Sognalamma har beita på urter og næringsrikt gras i fjellet utan kraftfor 🐑
Tørking, eller speking, av pinnekjøt er ikkje vanskeleg,. Du treng ei side av eit lam, gnir sida inn med fint salt ein gang kvar dag i 3 til 4 dagar, så heng du den opp på ein trekkfull kjøleg plass og etter ca 2 mnd er den ferdig. Kanskje har du eit gamalt loft eller ein garasje du kan henge det i?
Sankinga startar 5-6 september og første levering til kunde er forventa i veke 38. Det hastar å bestille om du ynskjer eige pinnekjøt til jul 😊
Nortura Førde slaktar og parterer våre lam, og i år kan me tilby heile lam og grovpartert lam.
Heile lam pr kilo 184,-
Grovpartert pr kilo 194,-
Grovpartert slik 2 lår, 2 sider og 2 bogar.
Bogen er fin til fårikål.
Låra kan bli fenalår eller lammesteik.
Sida gnir du inn med salt og heng opp til tørk, då får du nydeleg pinnekjøtt til jul.😊
Oppskrifter og framgangsmåte finn du på matprat.no.
Eit lam veg mellom 23- 27 kilo.
Frakt til deg er inkludert i kommunane Aurland, Lærdal, Årdal.
Lamma kjem ned frå fjellet i September og me kan levere i veke 38 og 40.
Du melder din interesse med melding på Sognalam si facebookside.🐑👍😊