Heidatun Staudegartneri

Heidatun Staudegartneri Vi produserer hardføre stauder, i hovedsak til annlegg. Privatkundar er velkomne etter avtale. Gartneriet ligg i Volda kommune på Sunnmøre.

Heidatun Staudegartneri starta med produksjon av stauder i 1990, og driv i dag med levering over heile landet. Kundane våre er hagesenter, kommuner, annleggsgatnarar, m.m
Plantene vert overvintra ute, og er dermed godt tilpassa norsk klima. Spesialiteten vår er gamle hagestauder med lang tradisjon i Noreg. Ein god del av plantene er også registrert i Plantearven. http://plantearven.no
Elles har vi eit breitt utvalg av stauder til ulike formål.

Aurikkel - Primula x pubescens - er stauder av god gammal årgang som "har vore ute ei vinternatt før". For nokre dagar s...
28/04/2026

Aurikkel - Primula x pubescens - er stauder av god gammal årgang som "har vore ute ei vinternatt før". For nokre dagar sidan var det vekslande med kuldegrader og snø. Men det riste desse tøffingane fort av seg.

Det er første vårmånaden mars, og vi er klar i startgropa til ny sesong. Været ute er surt og kjølig. Då er det fint å s...
03/03/2026

Det er første vårmånaden mars, og vi er klar i startgropa til ny sesong. Været ute er surt og kjølig. Då er det fint å sjå tilbake på gode minner frå tur til Nordland i haust saman med gode kollegaer. Då var vi blant anna på omvising i Nordlandsparken i Mo i Rana. Eit anlegg som var laga for handtering av overvatn, men som ogso gjer byen frodig og tiltalande. Det gror godt i nord. Bilder frå Nordlandsparken.

Godt nytt år !med eit frodig sommarminne frå Astrup-tunet i Jølster. Her er det brukt gamle tradisjonsrike stauder som h...
02/01/2026

Godt nytt år !
med eit frodig sommarminne frå Astrup-tunet i Jølster.
Her er det brukt gamle tradisjonsrike stauder som har vore vanleg i mange hagar, både på vestlandet og ellers rundt om i landet.
Dagliljer (Hemerocallis), brannliljer (Lilium bulbiferum) prydsvinerot (Betonica syn. Stachys), sibiriris m.f.
Desse staudene er robuste og hardføre og krev lite stell.
Vi gledar oss til å ta fatt på nytt spennande vekstår med nye utfordringar.

Siste dag i september. Kattehalen (Lythrum salicaria) lyser opp i strålande farge og er til glede både for folk og somma...
30/09/2025

Siste dag i september. Kattehalen (Lythrum salicaria) lyser opp i strålande farge og er til glede både for folk og sommarfuglen admiral.

Fin kombinasjon i blomstereng.Makedoniaraudknapp - Knautia macedonica og vanleg kvit ryllik.
02/09/2025

Fin kombinasjon i blomstereng.
Makedoniaraudknapp - Knautia macedonica og vanleg kvit ryllik.

Inspirerande og lærerik tur til Nordland med gode kollegaer.
29/08/2025

Inspirerande og lærerik tur til Nordland med gode kollegaer.

Leikarhuset kan gjerne ha eit lettstelt bed.Hosta, storkenebb og bregner er robuste og treng lite stell. Hosta og storke...
05/08/2025

Leikarhuset kan gjerne ha eit lettstelt bed.
Hosta, storkenebb og bregner er robuste og treng lite stell. Hosta og storkenebb finst i mange ulike variantar.

Eit parti av det populære prydgrasetGulstripa strandrør - Phalaris arundinacea 'Artic Sun' i fin utvikling.Vi har aldri ...
24/07/2025

Eit parti av det populære prydgraset
Gulstripa strandrør - Phalaris arundinacea 'Artic Sun' i fin utvikling.
Vi har aldri før hatt so lang samanhengande periode med varmt og tørt vær. Då er det godt å ha god tilgang på vatn og eit vatningssystem som fungerar.
Prydgraset står fint og frodig. Det vart klipt ned i juni, men vaks raskt og fint til igjen.
Denne sorten av strandrør vart funnen i norsk natur og teken vare på av Håkon Vangsnes, Nautesund Plantesalg. Det vart registrert og oppformeira i England og kom for første gong i salg i 2008.

Mongolsk storkenebb - Geranium wlassovianumEin storkenebb med mange gode eigenskapar.Om våren dannar den dekorative tuer...
15/07/2025

Mongolsk storkenebb - Geranium wlassovianum

Ein storkenebb med mange gode eigenskapar.
Om våren dannar den dekorative tuer med fløyelsmjuke blad i sjateringar av grønt/koparraudt. Seinare kjem langvarig blomstring med mørk lilla blomster. Veks naturleg i bl.a. Mongolia og Sibir og er hardfør og tøff. 35 cm høg, tilpassar seg og er lite kravfull. Rart at denne storkenebben ikkje er meir kjent og brukt.

Stauder spenner over eit vidt fargespekter. Frå dramatisk mørk Iris til kvit prestekrage, eller lyse og lette pastellfar...
16/06/2025

Stauder spenner over eit vidt fargespekter. Frå dramatisk mørk Iris til kvit prestekrage, eller lyse og lette pastellfargar. Alltid noko for ein kvar smak. Namn under bilda.

Eit syn for gudar. Eit utrykk brukt for noko ekstra fint eller spesielt som er verdt å sjå.Gudeblomst - Dodecatheon mead...
27/05/2025

Eit syn for gudar.
Eit utrykk brukt for noko ekstra fint eller spesielt som er verdt å sjå.
Gudeblomst - Dodecatheon meadia, er kanskje eit slikt syn.
30 cm, blomster mai - juni. Hardfør, likar fuktigheit. Visnar ned etter blomstring.

Adresse

Løndalsvegen 54
Lauvstad
6133

Telefon

+4747289602

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Heidatun Staudegartneri legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Heidatun Staudegartneri:

Del