OM KNUT WOLFF AS
Historia om Knut Wolff AS går over 150 år tilbake i tid. Johan Henrik Frantzen Wolff var opprinneleg frå Manger i Hordaland, men den 29 år gamle hordalendingen vart sogning då han kjøpte garden Leirvik i 1855. Den unge mannen skulle vise seg å vere ein driftig handelsmann og lokalpolitikar, og han starta ved sidan av jobben som post- og telegrafstyrar både landhandel og pensjonat heime i Leirvik. Fleire av borna og borneborna etter Johan Henrik arva kremmerånda og starta sine eigne verksemder. Bornebornet Knut Wolff jr. etablerte på 1940-talet sagbruket og byggjevareforretninga som med åra har utvikla seg til dagens Knut Wolff AS. I dag er det Knut sin son Atle som driv familieverksemda vidare, saman med sin son igjen Kevin. Ved sidan av byggjevareforretninga driv Knut Wolff AS og med utleige av eigendom i Leirvik sentrum til anna lokalt næringsliv.