Lom Fjellstyre

Lom Fjellstyre Lom fjellstyre forvaltar bruksrettane i Vårdalen statsallmenning, Visdalen statsallmenning og Leir- o Vel 76 % av Lom kommune er statsallmenning. dekar.

Lom fjellstyre forvaltar bruksrettane i Vårdalen statsallmenning, Visdalen statsallmenning og Leir- og Bøverdalen statsallmenning, som tilsaman har eit areal på ca. 1.2 mill. I tillegg til dette ligg 95 % av Finndalen statsallmenning i kommunen. Denne er på 267.000 dekar og har sitt eige styre samansett av representantar frå både Lom, Skjåk og Vågå kommunar. Ein liten del av allmenningarealet ligg nord for Otta elv og hovuddalføret og fråskild det andre, medan resten samanhangande ligg sør for Otta elv og utgjer sentrale delar av Jotunheimen. Statsallmenninga omfattar m.a. vel halvparten av Jotunheimen nasjonalpark, eller ca. 600 dekar. Mest heile allmenninga er høgfjellsterreng. Berre 2 % av arealet ligg under tregrensa. Terrenget og landskapet er vekslande. Frå vide dalar og avrunda landskapsformer i grenselandet mot Sjodalen i aust, går landskapet over til meire opprevne fjellformasjonar og trongare dalar mot Vest-Jotunheimen. Omlag halvparten av alle 2000meters-toppane i landet ligg i statsallmenninga, deriblant dei to høgste, Galdhøpiggen og Glittertind. Inne iblant desse toppane ligg ei mengde brear av varierande storleik, der Smørstabbreen med sine 15 km2 er den største. Riksveg 55 over Sognefjellet går igjennom dei vestlege delane av allmenninga. Dette er den høgstliggjande fjellovergangen i landet med eit høgste punkt på 1435 m.o.h. Elles går det ei rekkje bomvegar inn i allmenninga. Dei fleste av desse endar opp ved turisthytter. Det går bomveg til Juvasshytta, Leirvassbu, Spiterstulen, Høydalsseter, Sålell og Veodalen. Vegen opp til Juvasshytta, som ligg på 1840 m.o.h., er det høgste ein kjem med bil her i landet. Andre tilkomstvegar til allmenninga er med rutebåten over Gjende til turisthyttene Memurubu og Gjendebu. I Statsalmenninga er det omlag 140 små og store fiskevatn, og 130 km med fiskeførande elver og bekkar. Aure er det einaste fiskeslaget. Berre eit fåtal av vatna er sjølvrekrutterande, og det blir såleis sett ut eitt- eller to-årig settefisk i dei fleste vatna. Det høgstliggjande fiskevatnet er Juvvatnet på 1835 m.o.h. Almenninga har og gode bestander av både storvilt og småvilt.

https://www.lom-fjellstyre.no/aktuelt/ettersyn-av-gjerder
07/09/2026

https://www.lom-fjellstyre.no/aktuelt/ettersyn-av-gjerder

Vi har starta opp med nytt ettersyn av gjerder, og tek sikte på å sjå over alt av gjerde på seter- og tilleggsjord på statsallmenningen denne hausten. Vi rapporterer til grunneigar Statskog SF som handsamar eventuelle pålegg om oppretting etter sine rutinar. Ved manglande oppfylgjing av tidleg...

27/08/2026

Lom fjellstyre har i møte 27. august vedteke slike reguleringar for småviltjakta 2026: -          Dagkvote på 2 ryper* pr. dag -         

21/08/2026

Lirypetaksering for Lom Fjellstyre er nå gjennomført, resultata syner ein kjuklingproduksjon på 4,2 pr. vaksne par og eit tettheitsestimat på 15,8 liryper pr. km2. Med bakgrunn i takseringsresultatet blir det med dette førehandsvarsla slik forslag om regulering av rypejakta gjennom dagkvoter og...

21/08/2026

Smådøla bru blir stengt frå og med måndag 24. august i forbindelse med nødvendig vedlikehald. Vi håpar å være ferdige i løpet av veke 36

Hugs søknadsfrist for kortidsjakt ved Gjende idag.
01/07/2026

Hugs søknadsfrist for kortidsjakt ved Gjende idag.

Har du hugsa søkt storviltjakt? Sjå her for meir informasjon. Søkandsfrist 2. mai. Kortidsjakt ved Gjende kan søkast her , frist 1. juli.

22/06/2026

Vi ynskjer velkomen til den årlege familiefiskedagen ved gapahuken på Dalsvatnet, sundag 28. juni kl. 11.00. Det blir naturstig med premiering, enkel bevertning, kaffe og varm bålpanne for grilling av medbrakt mat. Vel møtt til ein triveleg og sosial dag ved Dalsvatnet!

12/06/2026

Rett til beite i statsallmenningen har alle jordbrukseigedomar som ligg i bygd eller grend som frå gamal tid har hatt slik rett. Utøvinga av retten må skje i tilknyting til drifta av eigedomen som jordbruk. Det er skilnad på beiting knytt til seterdrift, og på lausfe-beiting. Seterbrukarane har...

14/05/2026

Fjellstyrer har omlag kvart 10. år gjennomført kontroll med om utviste setrer i statsallmenningane er i bruk. Det er ikkje gjeve tydelege føringar for slik kontroll av tilleggsjord- og kulturbeite, men det har til no vore naturleg å samkjøre dette med gjennomgangen av setrer. Opplysningar har v...

Minner om at søknadsfrist for støtte frå fjellstyret er 1. juni.
05/05/2026

Minner om at søknadsfrist for støtte frå fjellstyret er 1. juni.

Stønad frå fjellkassaFjellstyret kan løyve midlar til ymse formål etter føresegnane som er gjeve i §11 fjellova: “Fjellstyret avgjer ved vedtak korleis overskot i fjellkassa skal nyttast. Er overskotet større enn det som trengst til tiltak innan allmenningen, kan det av det overskytande lø...

Adresse

Brubakken 2
Lom
2686

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Lom Fjellstyre legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Lom Fjellstyre:

Snarveier

Del