Hageland Litland

Hageland Litland Eit lite, skakt og sjarmerande gartneri starta i 1960 av Berge Litland. Me har det meste til hagen din og hjelper deg gjerne

10/08/2026

No starter salget i hagesenteret vårt 🥰☘️💚

09/08/2026

Sjå kva Siri laga på fredag då 😍💍💍🥂

04/08/2026

Ein favorittstaude i ei favorittpotte 😍

Høstormedrue i krukke kan vanskelig gå gale så lenge du har god drenering. Denne eksakte plantane her har overvintra tre sesonger no men fekk nett nye potter. For kven kan vel la vera å falla for nye fristelser i hagen ? 🙈
Høstormedrua er så vakker med sin bladfarge og har på dette vis prydverdi gjennom heile sesongen. Om ei lite stund vil den få vakre tanker med kvite blomster🌸
Og du? Sjekk dei pottene då 😍

Det regner og hagen er skikkelig fuktig for tida. Dette er eit favorittvér for den hata brunsneglen. Sneglen som kom all...
30/07/2026

Det regner og hagen er skikkelig fuktig for tida. Dette er eit favorittvér for den hata brunsneglen. Sneglen som kom allerede tidleg på 80 talet til Norge. Den høyrer ikkje heime i vår natur og me kan med største iver få lov å ta livet av den.
Det finst så mange råd at ein kan verta svimmel MEN det koker ned til to gode råd:

1. Legg ut Ferramol. Dette er ikkje skadeleg for andre dyr eller for mennesker. Men legg det ut under blad, planker, urner eller andre stader der sneglen gøymer seg på dagtid. Fuglene elsker Ferramol så viktig å gøyma det vekk for dei, for ein ynskjer jo at det er sneglene som skal få det i seg.
Sneglen et dette og dør.

2. Gå ut i hagen i skumringen med ei skarp saks og klipp. Rett under hovudet på den. Faktisk humant og tru meg : dette vert ei fryd å gjera, du må berre «gulpa» deg gjennom dei ti første og vips så finn du gleden i det. Tenk på at for kvar snegl du klipper så sparer du deg for 400!!!!! nye.
(Og nokon av oss synes dette er godt for den mentale helsa, gå ut i hagen på kvelden, kverk nokre brunsnegler og du vert gladare 😂🙈)

Neste innlegg byr på kjekkare bilder men dette er for viktig til å ikkje informera om så sorry for «gulp» men kom deg ut å klipp då!!!! 😂❤️💚💚💚

23/07/2026

Me har fått inn ei tralla med den fantastisk flotte og lettstelte Syrinhortensia 🌸😍
På kampanje denne veka til 299.90 😍

Hageland skriv :

Slik steller du syrinhortensia

Syrinhortensia (hydrangea paniculata) er en vakker blomstrende busk eller oppstammet som tre som gir en vakker blomstring utover sensommer og høst.
Den er hardfør og kan plantes opp til herdighet H5.
Planten trives i vanlig hagejord i godt med fuktighet, og trives i sol til halvskygge.
Den blomstrer med hvite, rosa til burgunderfargede kjegleformede blomster på årets skudd. Blomstringen er et fantastisk syn og fargen skifter gjerne gradvis over en periode.
Den vakre, treaktige busken er hakket mer hardfør enn vanlig hagehortensia. En perfekt prydbusk som gjør seg godt alene eller sammen med andre busker og stauder.
Syrinhortensia er også velegnet i store krukker.
Syrinhortensia har lite med syriner å gjøre, men har fått navnet fordi de vakre blomsterklasene minner om syriner

18/07/2026

Vedlikehald av sommerblomstene dine 🥰
Livet som sommerplante er krevande. Ein sommerplante skal faktisk visa seg frå si beste side ein heil sesong og då treng den stell i form av mat , drikke og fjerning av visne blomster.
Her kjem nokre råd om du vil ha eit optimalt resultat:
🌸om du ikkje har brukt vår aller beste jord, krukkejord så bør du gjødsle. Spør oss så hjelper me deg gjerne, gjødselverden kan vera forvirrande.
🌸vatning. No når det er varmt så bør du vatna kvar dag, helst på kvelden.
🌸knip av visne blomster. Knip eller klipp av ned til første bladet du ser, ikkje berre knip av toppen. Då må blomsten bruka energi på å visna ned stilken som står att.
Ein sommerplante tenkjer at om dei får gå i frø så kan dei kvila, då er jobben deira i boks. Men knip du vekk visne blomster før dei går i frø så lurer du dei til å blomstra vidare. Det skal nevnast at det finst nokre få blomar som er sjølvrensande, som Betulia, den raude Begonia som du ser overalt på gravplassane.
🌸då har me da for denne gang 😂
🌸
Ha ein skikkelig fin sommer der ute 🥰🌸🌸

I dag har me eit bursdagsbarn på jobb 😍Gratulera så mykje vår kjære Ann Kristin 🥰🎂🎈
17/07/2026

I dag har me eit bursdagsbarn på jobb 😍
Gratulera så mykje vår kjære Ann Kristin 🥰🎂🎈

14/07/2026

Vatning i varmen 💦
No når sumaren endeleg kom !!! Då lyt me ut og vatna i hagen. Her kjem gode tips:
-vatn på kvelden når sola er godt på hell. Då fordamper ikkje vatnet vekk men er til full nytte for plantane.
- om du allikevel vatnar på morgonen eller når sola steiker for det er då du har tid så må du vera litt forsiktig. Ein klissvåt plante som står i sol kan “koka” ihjel.
-dusj gjerne blada på plantane om du vatnet på kvelden , dei treng det også i denne varmen. Unngå dette om sola treff rett etter.

Om me har vatningsutstyr til salgs hjå oss? Da har me 😍

10/07/2026

Klart me har VM tilbud 😍 ⚽️⚽️

Har de sett kor fint blærespirea står i blomst rundtomkring akkurat no ?Denne vakre planten som pryder hagen heile seson...
08/07/2026

Har de sett kor fint blærespirea står i blomst rundtomkring akkurat no ?
Denne vakre planten som pryder hagen heile sesongen med blada sine og gjer oss ein ekstra bonus når den blømer 🥰
Blærespirea kan du få i mange ulike sorter og farger (som oftast ein variant av raud) Veldig fin som enkel busk, som hekk (det er eit wow😍) eller oppstamma som på bilde her, ja og så er den veldig fin å bruka i urner.
Planten er nøysom og vintersterk og greier seg meget godt her på Vestlandet 🥰
Kom innom då vel 🥰
Man - fre 9-17
Lørdag 9-16

Adresse

Osterøyvegen 1822
Lonevåg
5282

Åpningstider

Mandag 09:00 - 17:00
Tirsdag 09:00 - 17:00
Onsdag 09:00 - 17:00
Torsdag 09:00 - 17:00
Fredag 09:00 - 17:00
Lørdag 09:00 - 16:00

Telefon

+4756393057

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Hageland Litland legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Hageland Litland:

Snarveier

Del