26/06/2026
Ta turen til vakre Hosanger og Håsong kunstfestival laurdag! Variert program heile dagen, og klokka 15 blir det eit interessant foredrag om sandfarten i fjordane før i tida.
Lørdag 27.06 er Håsong kunstfestival 2026 i gang, hvor Folkeakademiet Osterøy er en av samarbeidspartnerne. Vi har med Inge og Jarle Kallestad, forfatterne av "Sandfolket". De er med oss i Mjøsvågen Landhandleri AS kl 15.00.
Forlaget skriver om boka:
Korleis hadde historia om bygdene i Indre Osterfjorden vore utan sand og sandfart?
Hadde det vore bygder slik vi kjenner dei heilt fram til i dag? Hadde det vore skule og butikk, kyrkje og ungdomshus, musikkorps og bedehus, idrettslag, fiskefestival, flust med naboar og yrande liv på fjorden? Hadde det vore fastbuande som trassa ver og vind, hyttefolk som dobla folketalet i feriane? Hadde det vore vegar med asfalt og kvite striper og bru til veglause gardar? Hadde det vore kjentfolk å treffa på butikken, langs vegen eller i friske klyv til velkjende fjelltoppar med svimlande utsikt? Eller hadde det vore nokre gardar som blei fråflytta for lenge sidan og attgrodde teigar der norsk-amerikanarar leita fånyttes etter røtene sine?
Slike plassar finst, også på Vestlandet. Det er ikkje ei naturlov at eit lokalsamfunn skal overleva eller utvikla seg. Sandfolket er ei bok om singel og sand. Men det er like mykje ei bok om folk, fjordafolk som på godt og vondt opplevde eit eventyr som skulle vara i godt over hundre år. Det er historier om dei som «reiste på sanden», om dei som grov singel og sand frå bakkane sine og om kvinner som gjerne skulle hatt mennene sine litt meir heime. «Det mest gripande og krevjande har vore å fortelja historiene om dei som mista sine kjære i denne næringa. Ei særskilt takk til dei som har bidratt med djupt personlege opplevingar», skriv forfattarbrørne Inge og Jarle Kallestad i føreordet. Faren deira Nils arbeidde i sandfrakten i alle år.
«Me som har skrive denne boka, vaks opp i ei tid då sandfarten prega bygda og fjorden på ein måte som det kanskje er vanskeleg å forstå for dei som er unge i dag. Det ville vera fantastisk om «Sandfolket» kunne finna vegen til lesarar som ikkje veit kva ein vinsj er eller som aldri har høyrt ordet forhaling», heiter det i føreordet.
Boka er rikt illustrert både med mange foto av historisk verdi og ikkje minst heilt nye blinkskot av fotografen Janne Maj Nagelsen. Torbjørn Rørvik står for ein vakker bokbunad.
Denne boka luktar det sjø og olje av!
Kom bli med!
Visit Osterøy