Manger Tannlegesenter

Manger Tannlegesenter Manger Tannlegesenter - Dine tannlegar i Nordhordland Manger Tannlegesenter. Tannlegane Tor Skutle og Sondre Villanger Håland

03/07/2026

Me tar sommarferie fram til 3. August.

Ved behov for akutt hjelp –
kontakt Tannlegevakta i Bergen:
55 31 03 10

Om det er noko som ikkje kan vente, send ein epost til [email protected]

Etter sommarferien går Karoline på barselspermisjon, så det vert litt endringar i løpet av hausten. Evelyn byrjar i 100% stilling, og me får inn ein vikar for Karoline: Ho heiter Diana, og er ei flink, ung dame som skal arbeide hjå oss eit par dagar I veka.

Dette kjem til å medføre ein del endringar for pasientene våre. Me håpar på forståelse for dette.
God sommar!

Me søkjer reinhaldar, 3 kveldar i veka. Passar fint for skuleungdom. Del gjerne :)
19/01/2026

Me søkjer reinhaldar, 3 kveldar i veka. Passar fint for skuleungdom. Del gjerne :)

Renholder, Tannlege Sondre Villanger Håland As, Manger. Søknadsfrist: Søk snarest mulig.

15/10/2025
I mai vert tannpleiar Evelyn Dale Askeland ein del av teamet vårt.Ho kjem til å ta seg av ein del av pasientane våre med...
10/04/2025

I mai vert tannpleiar Evelyn Dale Askeland ein del av teamet vårt.
Ho kjem til å ta seg av ein del av pasientane våre med behov for behandling av periodontitt. I tillegg gjer ho vanlege undersøkjingar og tannrensing, så ein del av dykk vert kalla inn til henne i løpet av det neste året.
Ho er ein erfaren og dyktig tannpleiar, som me er sikre på kjem til å gjere ein framifrå jobb.

Me vonar de tek godt i mot henne!

Det nærmar seg nyttår. Me vil takke for det gamle, og ynskje alt godt for 2025.Hjå oss vert det eit spanande år med stor...
30/12/2024

Det nærmar seg nyttår.
Me vil takke for det gamle, og ynskje alt godt for 2025.
Hjå oss vert det eit spanande år med store endringar. Astrid og Tor pensjonerar seg, og Jasmina og Karoline vert nye ansikt på klinikken vår. Me vonar de vil ta godt imot dei. Saman skal me gjere vårt beste for at de skal få ei god oppleving når de besøkjer oss.
I løpet av januar får me også nytt journal- og telefonsystem. Det vert altså mykje nytt for alle, så me håpar på forståing dersom det oppstår litt rot i byrjinga 😊

Me vil takke Astrid og Tor for godt og hyggeleg samarbeid, og lukke til som pensjonistar!

Godt nyttår!

God jul :)https://www.facebook.com/share/19Ynw6Rk1o/
24/12/2024

God jul :)

https://www.facebook.com/share/19Ynw6Rk1o/

Etter snart 45 år som tannlege går Tor Skutle av med pensjon. Sondre Villanger tar over stafettpinna, saman med eit nytt tilskot ved Manger tannlegesenter.

Adresse

Idrettsvegen 3
Manger
5936

Åpningstider

Mandag 07:30 - 18:00
Tirsdag 07:30 - 15:30
Onsdag 07:30 - 18:30
Torsdag 07:30 - 15:30
Fredag 08:00 - 15:30

Telefon

56371038

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Manger Tannlegesenter legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Manger Tannlegesenter:

Snarveier

Del