23/10/2025
Ny ukas anbefaling - denne gangen fra Roar Madsen, historiker ved NTNU:
SPESIALTILBOD PÅ EIT NØKKELVERK OM DEI SOM STØTTA NASJONAL SAMLING
Mange kjenner til at Alrunen Nordnorsk Antikvariat har mykje litteratur om andre verdskrigen, både lokalt i Nord-Noreg, nasjonalt og også om andre verdskrigen andre stader enn Noreg. Ein stor del av dette materialet er populærframstillingar eller faglege framstillingar av konkrete krigshendingar, men det er også vesentlege innslag av litteratur om bakgrunnen for krigen, litteratur om ideologien som utløyste verdskrigen (nazismen/fascismen) og biografiske verk om meir og mindre kjende aktørar under andre verdskrigen.
Alrunen har no eit spesialtilbod på eit trebandsverk skrive av ein av dei mest kjende personane som var med i Nasjonal Samling under okkupasjonen – Odd (Erling) Melsom (1900-1978).
Dei tre banda har desse titlane:
På nasjonal uriaspost (1975)
Nasjonal Samling og fagorganisasjonen (1978)
Fra kirke og kulturkampen under okkupasjonen. (1980)
Det siste av banda kom ut to år etter at Melsom døydde, og alle banda er gjeve ut med støtte frå likesinna i Institutt for norsk okkupasjonshistorie https://snl.no/Institutt_for_norsk_okkupasjonshistorie
https://snl.no/Odd_Erling_Melsom
Alrunen har to fullstendige sett av denne trilogien på hyllene, og sel desse som komplette sett for 360 kroner.
I dei fyrste tiåra etter krigen skreiv mange tidlegare NS-medlemer og sympatisørar om okkupasjonstida sett frå sine ståstader, og Melsom sitt trebandsverk må tvillaust reknast som sjølve standardverket om NS før og under okkupasjonen - sett frå taparsida i krigen. https://snl.no/Nasjonal_Samling
Odd Melsom hadde viktige posisjonar i «NS-verda» sine organisasjonar, og som gav han oversyn over kva som skjedde i og rundt NS sidan lenge før okkupasjonen.
To år etter skipinga av NS – 17. mai (!) 1933 vart han ansvarleg for NS-organa «Hedmarks fylkesavis», «Frihetskampen» og «Ny Dag». Under okkupasjonen redigerte han det offisielle organet til det nazifiserte LO – «Norsk Arbeidsliv» som på det meste hadde eit opplag på kring 300000 og var Presse og opplysningssjef og nestleiar for det nazifiserte LO frå 1942. Frå 1944 til krigen var slutt, var han også redaktør for NS sitt hovudorgan «Fritt Folk». https://snl.no/Fritt_Folk
I desse rollene var han talsperson for den retninga innanfor NS som hadde brodd både mot kapitalisme og marxisme, men han var også ein tydeleg kritikar av pangermanske idear både i NS og i den tyske okkupantnakta.
I 1948 vart han dømd til 12 års tvangsarbeid i Landssvikoppgjeret.
https://snl.no/landssvikoppgj%C3%B8ret
Frå 1958 til Melsom døydde i 1978, var han redaktør for avisa «Folk og Land» som vart gjeve ut av tidlegare NS-medlemer, frontkjemparar og deira sympatisørar. https://snl.no/Folk_og_land
Rollene Melsom hadde før, under og etter krigen og soninga gjer at Melsom hadde eit oversyn over persongalleriet i «NS-verda» som svært få andre hadde. Det er dette som gjer dei tre bøkene svært verdfulle, dei er fulle av opplysningar om både kjende og svært mange ukjende personar i «NS-verda» og om kva roller dei hadde. I tillegg omtalar dei sjølvsagt også dei politiske motstandarane til NS. Sjølv om siktemålet med bøkene var å utfordra rettsoppgjeret og historieskrivinga om krigen og NS, er det nettopp den massive personaloversikta som gjer bøkene til svært verdfull lesnad for dei som vil læra meir om taparsida under krigen. For meg som historikar er det opplagt at det er verdfullt å kjenna til korleis denne taparsida tenkte både før, under og etter krigen. Like opplagt er det at å søkja slik innsikt ikkje inneber at ein aksepterer tenkinga og historieskrivinga deira, og at framstillingane og vurderingane Melsom gjer, må vurderast kritisk opp mot dei historieforteljingane om denne perioden som ei stor mengd historikarar har produsert.
I det 300 sider lange fyrstebandet (På nasjonal uriaspost. Nødvendig supplement til okkupasjonshistorien) startar Melsom i mellomkrigstida og før NS vart skipa (1933). Her kan ein mellom anna lesa om revolusjonsredsla i mellomkrigstida, NS sine valnederlag i åra før okkupasjonen, 9. april og april-regjeringa til Quisling, administrasjonsrådet, Terboven sitt styre og sensurpolitikk, Quisling si såkalla nasjonale regjering, gniosningane mellom NS/Quisling og Terboven/tyskarane og ei rad andre saksområde.
Band 2 (Nasjonal Samling og fagorganisasjonen. Supplement til okkupasjonshistorien) er noko kortare (238 sider). I den innleiande fyrste delen tek Melsom opp om NS var «sosialistisk» eller «borgerlig» og trekkjer liner frå førkrigstida. I del 2 vert den innleiande delan av okkupasjonstida skildra, medan del 3 handlar om den nazifiserte fagrørsla. Der gjev han også ei framstilling av si eiga rolle. I seinare delar handlar bandet om det Melsom kallar NS sitt «generelle sosiale syn», og ei rad andre tematikkar som t.d. kontroversar med arbeidsgjevarforeininga og andre viktige sider ved arbeidslivet (arbeidstilhøve, forsyningsvanskar, lønsutvikling og inflasjon). I tillegg vert både kritikk av den nazifiserte fagrørsla, kritikk mot okkupasjonsmakta og tilhøvet til bøndene teke opp.
Det tredje bandet har tittelen Fra kirke og kulturkampen under okkupasjonen. Supplement til okkupasjonshistorien og er på 240 sider. Den innleiande delen skildrar mellom anna NS sitt overordna kultursyn, medan del 2 skildrarmellom anna ei av dei viktigaste nyordningane på kultursida – «Kulturtinget», greier ut om kjende kulturpersonlegdomar som slutta opp om NS og om den framtidige organiseringa av kulturlivet. Dei seinare delane er streng tematisk sturkturert om kyrkjestriden, lærarstriden og tvangsdeportasjonane av lærarar, pressa, teatra, musikklivet, biletkunsten, litteraturen, filmsektoren, kringskastinga, byggekunsten, NS og studentane og den særeigne NS-rettskrivinga, her framstilt som eit «høynorsk høvisk mål».
Alle banda har omfangsrike personregister slik at det er lett å bruka desse bøkene som oppslagsbøker, dersom ein til dømes vil vita noko om kva Melsom skriv om Martin Tranmæl, høgrepolitikaren Carl Joachim Hambro, rikskommisær Terboven, Quisling, komponisten David Monrad Johansen, forfattaren Arne Garborg eller skodespelaren Rudolf Rasmussen. Alle banda inneheld også oversyn over viktige kjelder.
Påstanden min er at dette difor er eit røvarkjøp. Ta kontakt med Alrunen eller stikk innom i opningstida dersom du er i eller nær Mosjøen!