Melchiorgarden

Melchiorgarden FARM Melchiorgarden
Melchiorgarden er kjent som eige bruk sidan tidleg på 1700-hundretalet. Garden ligg som nummer to frå sjøen, på ”Dalssida”, i bygda Norddal.

Som ein av tre geitegardar som framleis er i drift i Norddal, samarbeider vi om drifta på Herdalsetra, der geitene oppheld seg på sommarbeite. Her leiger vi ”budeier” til å ta seg av mjølking og ettersyn i juli – august. På setra har vi hytte, som vi leiger ut i periodar av vår, sommar og haust. Kjekjøt har vorte ei etterspurd vare, og april månad er høgsesong. Kjea vert slakta anten vår eller haust. Dei første etter om lag seks veker, og har då ei slaktevekt på rundt fire kilo. Kjea som får gå på sommarbeite, og som ikkje skal brukast som mjølkedyr, vert slakta i september. Dei har då slaktevekt på opp til 15 kg. Geit som ikkje får kje vert og slakta. Desse gjev oss også eit framifrå kjøtprodukt. Ferdig oppmale geitkjøt, eller grovparterte skrottar kan skaffast både vår og haust. Pinnekjøt og spekelår vert produsert i tida fram mot jul, og bør tingast i god tid. Dei siste åra har vi planta ut ca 7 mål bringebær, og sommaren har vi difor hendene fulle med å stelle planter. Torunn si bringebærsylte har vorte svært populær, og frå slutten av juli og ut august er det også ferske bringebær å få i Melchiorgarden. Torunn & Petter

Kjempeflott episode om det vakre området vårt. Du gjorde ein god profil Camilla Tafjord 🤩
07/09/2026

Kjempeflott episode om det vakre området vårt. Du gjorde ein god profil Camilla Tafjord 🤩

Bratte fjell, mektige fossefall og fjorder som skjærer seg gjennom landskapet. Geirangerfjordområdet og Nærøyfjordområdet er vår naturarv til verden.
Bli med Silje Nordnes på en spektakulær reise gjennom Vestnorsk fjordlandskap!
Mandag 7. september kl. 20.00 på NRK1 eller i NRK TV.
https://tv.nrk.no/serie/vaar-verdensarv

22/08/2026

22.08.26 "ka du gjer der?" Ungdyra setter standarden for hausten fjøsen.. 😅😬

Dei er nokre kjekke karar desse tenåringane våre 😍.
01/08/2026

Dei er nokre kjekke karar desse tenåringane våre 😍.

Vi har fått eindel spørsmål i det siste, fleire går att. Det er kjekt at de spør når de lurer på noko🌸
31/07/2026

Vi har fått eindel spørsmål i det siste, fleire går att. Det er kjekt at de spør når de lurer på noko🌸

28.07.26 Melchiorgeitene rapporterer om ein god sommar på Herdalssetra så langt.Videoklipp frå kveldsbeite etter kveldsm...
29/07/2026

28.07.26 Melchiorgeitene rapporterer om ein god sommar på Herdalssetra så langt.
Videoklipp frå kveldsbeite etter kveldsmjølking.

08/07/2026

Kjøttdeig frå flinke bønder i nærområdet 🏔️

Kjøttdeig er kanskje den mest praktiske råvara vi har i kvardagen. Det er enkelt, går raskt å tilberede, og kan brukast til det meste – anten det er snakk om kjøttkaker, taco eller i ein gryterett.

Men det er stor skilnad på kjøttdeig.
Vi har kjøttdeig frå Tindemat frå Jogarden, Brubekken Gardsmeieri, Melchiorgarden og Drotninghaug - Gard og Støl. Når du vel ein av desse i staden for den vanlege masseproduserte kjøttdeigen i butikken, gjer du noko viktig: Du støttar lokale bønder som tek vare på kulturlandskapet og ressursane våre, og du får ei betre råvare på middagsbordet.

Dette har alle desse fire produsentane til felles:

🌱 Bruk av utmarksbeite: Dyra nyttar dei lokale ressursane i skog, mark og på setra så mykje som mogeleg. Det held landskapet ope og gir friske dyr.

🚜 Medveten og berekraftig drift: Enten det er snakk om godkjend økologisk produksjon eller valet om å kutte ut importert soya i fôret, set alle dyrevelferd og natur i førarsetet.

🥩 Kortreist kvalitet: Dette er reine, lokale råvarer foredla av folk som brenn for faget sitt.

Det treng ikkje vere så komplisert. Ved å velje lokal kjøttdeig neste gong du handlar, støttar du opp om matproduksjonen i eige nærområde – og det merkar du på smaken.

01.07.26 ENDELIG fekk   gått turen frå garden nede ved fjorden og heilt opp på Herdalssetra. Her skal dei, i år som i fj...
01/07/2026

01.07.26 ENDELIG fekk gått turen frå garden nede ved fjorden og heilt opp på Herdalssetra. Her skal dei, i år som i fjor og alle åra før det, har sommarjobb og ferie om kvarandre. Dei skal kose seg og beite kulturlandskapet, og samtidig produsere god mjølk til deg og meg.

Adresse

6214
Norddal
6214

Telefon

+4792283477

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Melchiorgarden legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Melchiorgarden:

Snarveier

Del