Kjøt frå Nernes

Kjøt frå Nernes Eg sel kjøt frå eigne dyr. Slakta, modna og partert på godkjent slakteri og levert rett på døra.

Kjøt på lager! Etter ein lengre pause har eg endeleg kjøt på lager igjen. Eg har og om sider fått montert eige fryselage...
16/12/2025

Kjøt på lager!

Etter ein lengre pause har eg endeleg kjøt på lager igjen. Eg har og om sider fått montert eige fryselager på garden så no er det råd å koma til Nernes og hente varer for dei som bur i nærleiken.

Eg får nok ikkje til noko eiga utleveringsrunde i resten av kommunen før jul men dersom nokon i nærområdet har lyst på varer før jul er det berre å ta kontakt så avtaler me anten henting eller levering.

Varer på lager:

Kalvedeig - Kartongar med 12 x 0,5 kg pakkar kr 1250,-

Klassisk blanding kalvekjøt (8-10 kg per kasse) kr 295,- pr kg

Angus Burger - kartong 12 x 2-pak 150 grams burger kr 950,-

Biffstykker av Angus:

Mørbrad av Angus kr 500,- pr kg (har kun 1 stk, den er 2012 gram)

Indrefilet av Angus kr 879,- pr kg (har kun 1 stk, den er 626 gram)

Shortribs av Angus kr 190,- pr kg (stykker ca 1,2 kg kvar)

Tomahawk av Angus kr 590,- pr kg (litt over 1 kg per stk)

T-bone av Angus kr 600,- kg (ca 6-700 gram per stk)

Ta kontakt for bestilling anten på melding her eller til telefon 97041628.

På laurdag er det julemarknad på Kinck-garden. Me har fylt opp lageret og kjem på julemarknad med kjøtprodukt av kalv og...
27/11/2025

På laurdag er det julemarknad på Kinck-garden. Me har fylt opp lageret og kjem på julemarknad med kjøtprodukt av kalv og Aberdeen Angus kvige samt ost frå Hardanger Bygdeysteri.

På laurdag har me med oss:

Angus Tomahawk
Angus T-Bone kotelettar
Angus filetar / biffstykker (Indre, ytre, culotte, mørbrad)
Angus Burger

Kalvedeig i 500 grams pakkar.

Det vert råd å kjøpe gåvekort på kjøtprodukta frå Nernes. Julegåva til den som har alt (bortsett frå kjøtprodukta våre).

Kom på julemarknad, få julestemning og sikre deg dei gode produkta til å nyte i førjulstida eller innimellom tradisjonsmaten.

27/06/2025

Kjekjøt til salgs! Eg har eit lite antal kje tilgjengeleg i neste veke. Dyra vert solgt som heile dyr (7-9 kg pr stk) og er ferdig partert og vakuumert. Heile lår, kotelettar, grytekjøt med bein, grillribber og svangar. Kr 200,- pr kg. skriv ei melding om du vil prøva ferskt kjekjøt. Heilt nydeleg mat! Leverer på døra i ytre deler av Kvam. Leverast ferskt. Eventuelt fryst seinare i veka.

Angus T-bone steikt i smør med kvitløk og rosmarin. Litt svinn må ein rekna med. Har på lager.
21/12/2024

Angus T-bone steikt i smør med kvitløk og rosmarin. Litt svinn må ein rekna med. Har på lager.

Kjøt frå Nernes levert på døra! Blandingskassar med kalvekjøt, kalvedeig og kjøt av Aberdeen Angus. Burger, T-bone, Toma...
16/12/2024

Kjøt frå Nernes levert på døra!

Blandingskassar med kalvekjøt, kalvedeig og kjøt av
Aberdeen Angus. Burger, T-bone, Tomahawk og filetar i store stykker. Del dei opp som du ynskjer eller inviter til heilsteikt Angus-filet!

Endeleg utlevering igjen! Fyrstkomande laurdag,21 desember, er det igjen råd å få dei gode kjøtprodukta frå Nernes Kjøt levert på døra i Kvam. Skaff deg kjøtet til dei gode middagane no.

Kva med kjøt frå Nernes som julegåve i år? Få varene på laurdag eller kjøp eit gåvekort for heimlevering rett heim til den heldige i januar! Gåva til den som har alt utanom kvalitetskjøt frå Nernes!

Denne gongen kan du bestilla:

Klassisk blanding kalvekjøt kartong på ca 10 kg kr 295,- pr kg
Kalvedeig kartong med 5 kg kalvedeig i 0,5 kg pakkar kr 1250,-
Angus-burger kartong med 12 x 2-pak 150 grams burgarar kr 950,-

Enkeltpakkar, kotelettar og filetar:

Angus Burger 2-pak 150 grams burgarar kr 100,-
T-bone kotelettar kr 500 pr kg (ca 4-500 gram per kotelett)
Tomahawk kr 500 pr kg (ca 1 kg pr kotelett, desse er STORE)

Filet-stykker: NB, har kun 2 av kvar!
Culotte - kr 450 pr kg (ca 900-1000 gram pr stk)
Mørbrad - kr 500 pr kg (ca 1500 gram pr stk)
Indrefilet - kr 890 pr kg (ca 500 gram pr stk)

Merk: Enkeltpakkar burger, kotelettar og filetar kan kun bestillast som tillegg til ein av kartongane eller om du bestiller enkeltstykker for til saman kr 1000,-

Meir om produkta:

Klassisk blanding kalvekjøt kr 295,- pr kg
Ein kartong med ca 10 kg kjøt. Inneheld filet, grytekjøt, shortribs (til langtidssteiking eller grytekjøt med bein), steik og 3 kg kalvedeig i 0,5 kg pakkar. Ei god blanding kvalitetskjøt.

Kalvedeig i kartong 10 x 0,5 kg pakkar nydeleg kalvekjøt til kr 1250,-

Angus-burger (kartong) 12 x 2-pak 150 grams burgarar kr 950,-
100 % reine burgarar av Aberdeen Angus. Med ikkje anna innhald enn reint kverna storfekjøt, litt fett (storfe) og 1 % salt har angusburgarane vore ein ubetinga suksess i fleire år. Verkeleg heilt spesielt gode burgarar!

T-bone kotelettar:

Fantastisk gode kotelettar med ytre og indrefilet på bein.

Tomahawk

Kongen av biffkotelettar i den amerikanskje BBQ-tradisjonen. Store stykker entrecotekam med det lange ribbeinet som får den til å sjå ut som ei øks. Stykket for den verkeleg kjøtglade!

Gåvekort

Kjøp eit gåvekort på kvalitetskjøt frå Nernes! Ei gåve utanom det vanlege som garantert vert sett pris på! Bestill varer frå lista over eller gje eit gåvekort på ein valfri sum. Bestiller du varer frå annonsen vert dei reservert og levert på døra til mottakaren i januar. Kjøper du gåvekort med ein valfri sum kan det nyttast av mottakaren på utleveringar annonsert i 2025, til dei prisar som gjeld då.

Ved kjøp av gåvekort på varer frå annonsa treng eg namnet på mottakaren samt adresse og telefonr for utlevering.

Utleveringa vert på laurdag ifrå midt på føremiddagen og utover. Vanskelig å sei akkurat når eg kjem til dei ulike bygdene då det avhenger av kor mange leveringar det vert men nokon må være heime for å ta imot varene. Er vanlegvis i NHS/Øystese rundt kl 12-14.

Bestilling i kommentarfeltet her eller på melding innan fredag 20. desember kl 16. Utleveringa gjeld Kvam herad. For å kunne levere treng eg namn, adresse og telefonnr.

Med atterhald om feil i annonsa.

Gjennom å ta i bruk ny teknologi kan vi nytta beiter som ellers ikkje ville ha blitt brukt. Denne Angus-oksen har gått u...
29/08/2024

Gjennom å ta i bruk ny teknologi kan vi nytta beiter som ellers ikkje ville ha blitt brukt. Denne Angus-oksen har gått ute saman med to kviger sidan i mai på eit beite som ikkje lenger har fungerande gjerder. Den skal no snart på siste reis og bli nydelege kjøtprodukt. Meir rett frå beite er det vanskelig å få det.

09/06/2024

Kjøt frå Nernes levert på døra.

Angus Grillpakkar, kalvekjøt, burger og pølser!

Fyrstkomande laurdag, 15. juni, er det igjen råd å få levert varer med kjøt frå Nernes på døra i Kvam. Varene vert levert frosne rett heim til deg. Eg har med meg kalvekjøt, kalve-burgarar og pølser. Denne gongen har eg og tilgjengeleg grillprodukt av Angus. På tide å sikre seg kjøtet til årets grillsesong!

Bestilling i kommentarfeltet eller på melding. Eg treng adresse og telefonnr og at nokon er heime for å ta imot sånn cirka midt på dagen på laurdag. Sjå nederst for moglegheit til å bestille mindre kvanta av ulike varer.

Denne gongen kan du bestilla:

Klassisk Blanding Kalvekjøt i kartong kr 295,- pr kg kartong på ca 8-10 kg
Kalve-burger kartong med 12 x 2-pak 150 grams burgarar kr 950,-
Kalvepølser 12 x 4-pak 70 grams pølser kr 890,-
Lett blanding Burger og Pølser 6 x 4-pak kalvepølser, og 6 x 2-pak Angus-burger kr 940,-
Stor Angus Grillpakke ca 7 kg grillvarer til kr 2900,- Pakken for den verkeleg kjøtglade BBQ-elskaren. Sjå under for innhald.

Meir om produkta:

Klassisk Blanding Kalvekjøt i kartong kr 295,- pr kg kartong på ca 9-11 kg
Kartongen inneheld ferdig pakka og merka kalvekjøt. Biffstykker, steik, grytekjøt, shortribs (kjøt med bein frå ribbene, flott til sosekjøt, supper og langtidssteiking) og 3 kg kalvedeig i 0,5 kg pakkar.

Kalve-burger (kartong) 12 x 2-pak 150 grams burgarar kr 950,-
100 % reine burgarar av Kalvekjøt. Med ikkje anna innhald enn reint kverna storfekjøt, litt fett (storfe) og 1 % salt har kalveburgarane vore ein ubetinga suksess i fleire år. Verkeleg heilt spesielt gode burgarar!

Kalvepølser (kartong) 12x 4-pak 70 grams pølser kr 890,-
Nydelege røykte og dampa pølser av kalvekjøt. Klare for grill eller steikepanne, passar perfekt i godt brød eller lompe.

Lett blanding pølser og burger kr 940,-

Ein kartong med 6 x 2-pak kalveburger à 150 gram og 6 x 4-pak kalvepølser à 70 gram

Angus Grillpakke

Pakken for den verkeleg BBQ-glade. Her får du ein stor pakke med kjøt frå krysningsdyr NRF+Aberdeen Angus, ein storferase som er kjent for ypperlig marmorering og god smak. Pakken innheld
Tomahawk 1 x ca 700 gram)
T-bone steak 2 x ca 450-550 gram
Ytrefilet 2 x ca 250 gram
Indrefilet 2 x ca 250 gram
Mørbrad 4 x ca 350 gram
Flatbiff 5 x ca 250 gram
Culotte 1 x ca 250 gram
Entrecòte 1 x ca 250 gram
Grytekjøt 2 x 500 gram
Shortribs 1 x ca 350 gram

Det er sjølvsagt mest uråd å treffe akkurat på grammet når ein skjær kjøtstykker men eg justerer når eg pakker kassane slik at får du eit litt lite stykke får du og eit anna som er litt større. Kassane har totalt ca 7 kg grillvarer, så her kan du sikra deg for heile sesongen!

Tilleggsbestilling av mindre kvanta:

Grunna kostnad og tidsbruk kan eg dessverre ikkje tilby heimlevering av små kvanta, td to pakker pølser eller ein pakke kjøtdeig. Men dersom du kjøper ein av kartongane over kan du i tillegg få bestilla akkurat kor få eller kor mange du vil av følgande (så langt lageret rekk):

Kalvedeig 500 gram kr 125,- pr pakke
Kalveburger 2-pak 150 grams burger kr 100,- pr pakke
Kalvepølse 4-pak kr 80,- pr pakke
Surra steik: Rundsteik eller bogsteik av Angus. Ca 1,5 kg per steik. kr 290,- pr kg.
Grytekjøt Angus - pakkar på 500 gram ferdig oppdelt grytekjøt kr 125,- pr pakke
Grytekjøt Kalv - nydeleg lyst kalvekjøt ferdig oppdelt i 500 grams pakkar. kr 125,- per pakke
Grillprodukt av Angus:
Tomahawk - ca 700 gram per stk kr 500,- pr kg
T-bone - ca 450 gram pr stk kr 500,- pr kg
Indrefilet - ca 250 gram pr stk kr 690,- pr kg
Ytrefilet - ca 250 gram pr stk kr 600,- pr kg
Mørbrad - ca 350 gram pr stk kr 450,- pr kg
Flatbiff - ca 250 gram pr stk kr 375,- pr kg
Culotte - ca 250 gram pr stk kr 450,- pr kg
Entrecòte - ca 250 gram pr stk kr 500,- pr kg
Shortribs - ca 350-500 gram pr stk, kr 250,- pr kg (passer og veldig godt til gryter)

Begrensa utvalg så her er det førstemann til mølla.

Bestilling i kommentarfeltet eller på melding til denne sida, betaling med vipps eller kort ved utlevering. I tillegg til bestillinga di treng eg ei adresse og eit telefonnr.

Utleveringa vert laurdag sånn cirka midt på dagen. Start utlevering i ytre deler rundt kl 10. Når eg kjem til akkurat deg er avhengig av kor mange andre bestillingar eg får. Det er viktig at nokon er heime for å ta imot varene eller at vi avtaler kvar eg kan sette dei frå meg dersom du ynskjer det.

Kunder andre stader enn i Kvam kan avtala henting i Nernes.

Med atterhald om feil i annonsa.

14/04/2024

Kundar i gamle Fusa, eller andre som har lyst på ein køyretur til Eikelandosen: Det ligg no ute annonse for kjøtvarer frå Nernes på facebook-sida til Reko-ringen Eikelandsosen!

18/03/2024

Kalvepølsene kan no kjøpast på gardsmatbutikken i Øystese!

Om ikkje lenge vert det igjen råd å bestille kjøt frå Nernes levert heim på døra i Kvam. Denne gongen vert det i tillegg til dei gode kalveprodukta igjen råd å kjøpe Angus Grillpakkar med t-bone, tomahawk og burger. I mellomtida kan dei som ynskjer å prøva kalvepølsene ta seg ein tur til Gardsmatbutikken i Øystese, der finn de dei i frysedisken!

Kjøt frå Nernes levert på døraFyrstkomande laurdag, 28.oktober, er det igjen råd å få levert varer med kjøt frå Nernes p...
24/10/2023

Kjøt frå Nernes levert på døra

Fyrstkomande laurdag, 28.oktober, er det igjen råd å få levert varer med kjøt frå Nernes på døra i Kvam på strekka Mundheim til Øystese. Kalvekjøt i blandingskartong, kalvedeig, burger og, sist men ikkje minst, sesongens store nyheit: Nernes Rå Storfepølse, ein smakseksplosjon på grillen eller steikepanna med oppskrift frå Sør-Afrika!

Denne gongen kan du bestilla:

Klassisk Blanding Kalvekjøt i kartong kr 280,- pr kg kartong på ca 10 kg
Kartongen inneheld ferdig pakka og merka kalvekjøt. Biffstykker, steik, grytekjøt, shortribs (kjøt med bein frå ribbene, flott til sosekjøt, supper og langtidssteiking) og 3 kg kalvedeig i 0,5 kg pakkar.

Kalvedeig i kartong 10x0,5 kg pakkar kr 1250,-

Nydeleg kverna kalvekjøt i 0,5 kg pakningar. Kalvedeig er heilt fantastisk godt og kan ikkje samanliknast med anna kjøtdeig. Perfekt til heimelaga kjøtbollar eller gjer tacoen eit ekstra løft.

Kalveburgarar (kartong) 12 x 2-pak 150 grams burgarar kr 950,-
100 % reine kavleburgarar. Med ikkje anna innhald enn reint kverna kalvekjøt, litt fett (storfe) og 1 % salt har kalveburgarane vore ein ubetinga suksess i fleire år. Verkeleg heilt spesielt gode burgarar!

Kartong Nernes Rå Storfepølse 9 x 4-pak 100 grams pølser. 3,6 kg kr 970,-
Bonden har funne både kona og pølseoppskrift i Sør-Afrika og er like nøgd med begge deler. Ein smakseksplosjon av ei pølse som inneheld karve, kvitløk, koriander og chili (men den er ikkje så sterk, berre litt). Ulikt dei aller fleste pølsene du får er denne verken røykt eller varmebehandla. Det gjer at det er viktig å steike eller grille den skikkelig til den er gjennomsteikt. Då får du ei unikt god og smakfull pølse! Perfekt til årets grillsesong! Og ja, produktet er såpass ferskt at me har ikkje landa endeleg produktnamn enda!

Lett blanding pølser og burger kartong kr 900,-

Ein kartong med 6 x 2-pak kalveburger og 4 x 4-pak rå storfepølser. Kr 900,- per kartong.

Bestilling i kommentarfeltet eller på melding, betaling med vipps eller kort ved utlevering. I tillegg til bestillinga di treng eg ei adresse og eit telefonnr.

Utleveringa vert laurdag formiddag på strekka Mundheim til Øystese. Dessverre rekk eg ikkje lenger innover i heradet på laurdag grunna andre avtalar men om nokon vil koma til Øystese og henta er det sjølvsagt mogleg å avtale.

Om garden og kjøtet:
Garden ligg ved Bondesundet, på vestsida av Hardangerfjorden ved Mundheim. Her driv eg konvensjonell mjølkeproduksjon i lausdrift. Mjølka går for det meste til Tine, litt til Hardanger Bygdeysteri der eg er medeigar. Kjøtet går delvis til Nortura, delvis omset eg det sjølv etter slakting hjå Nortura og pakking/foredling hjå Fana Kjøtt på Nesttun. Har drive med direktesalg av kjøt nokon år no og får særs gode tilbakemeldingar på kjøtet, deigen, burgerane og pølsene. Nernes Kjøt har vore standard på bryllup på Hardingasete i Tørvikbygd i fleire år no og kalveburgerane har vore solgt på Bien Snackbar på Danmarks Plass. Kyr frå Nernes var å finna på menyen på 1877 under Bergen Matfestival i 2021. I tillegg til dette har mykje vore omsett direkte til privatpersonar, heimlevering i 10-kgs kassar. Kalvedeigen er 100% kverna kalvekjøt, burgerane inneheld kun kalvekjøt og fett frå storfe- Kalvepølsene er dampa og røykte med bøkeflis og eignar seg best til steiking og grilling. Dei rå pølsene har oppskrift frå Sør-Afrika. Desse er viktig å varmebehandla godt men resultatet er ei svært saftig og smakfull pølse.I tillegg til kalveslakt sel eg og kjøt frå dyr av rasen Aberdeen Angus. Desse dyra vert slakta ved ca 2 års alder og har garantert beita minst ein sesong. Det er kviger og kastrerte oksar (kastrert med full narkose når dei er ca 6 veker gamle). Rolige og kjekke dyr som beitar godt og veks bra på lite eller ikkje noko kraftfòr. Vonar det smakar!

To flotte Angus tvillingar som fortsatt nyt livet ute.
18/10/2023

To flotte Angus tvillingar som fortsatt nyt livet ute.

Adresse

Nernesvegen, 179
Omastrand
5632

Telefon

+4797041628

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Kjøt frå Nernes legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Snarveier

Del