12/09/2026
På Nore Neset Ungdomsskule har vi no ein skulehage vi kan hauste av 🥬🌿🧄 Desse tre enkle ingrediensene; svartkål, kvitlauk og urter som mynte og bladpersille er så gode saman med litt inspirasjon frå det italienske kjøkkenet. 9.klassingar testa ut ein enkel pastarett der vi kun trong å handle nettopp pasta, olivenolje, sitron og parmesan. Og det beste av alt- alle smakte og likte det 🫶🏻🧄🌿🥬 Denne enkle forretten denne dagen gav meg som lærar så mykje. Å gå ut i skulehagen, hauste saman, vise dei kva vi har av grønnsaker no. Å finne kvitlauk i kjøleskapet som valfaget Skulehage allereie har hausta inn, dette gir meining i faget. Som personen eg har utvikla meg til å bli gjennom arbeid i SIWRAW kjennes det så riktig å bruke dei norske råvarene våre i sesong. Mat og helse faget har store og gode kompetansemål, der svært mange handlar om bærekraftige val og forståing av kva det er i praksis. Håpar du òg vil teste svartkål denne hausten. Tarmbakterier elskar også alle varianter av kål 🥬 Det som er bra for kloden er bra for kroppen 🫶🏻🧄