26/04/2024
FRAMLEIS SVÆRT GODE PRISAR PÅ STÅLPLATER
Neset Lager er ei lita einmanns-bedrift i nærleiken av Sandane som har levert stålplater til kundar frå Ålesund i nord til Bergen i sør i over 40 år. Toppåret så langt var 2022, då eg leverte over 20.000 kvadratmeter plater til små og store prosjekt på Vestlandet.
Kva er så grunnen til at så mange har valt Neset Lager som sin leverandør?
Først og fremst på grunn av rimeleg pris! Med gode kontakter på innkjøps-sida i kombinasjon med små driftsutgifter kan eg tilby dei fleste typer stålplater til svært konkurransedyktige prisar! Min påstand er at du ikkje vil oppnå betre prisar på stålplater enn du får hos meg.
Eg prøver å gje kundane mine god oppfølgjing og ser det som svært viktig å halde leveringstider og avtaler.
God kvalitet er eit anna viktig punkt! Vi får plater frå ein av dei største fabrikkane i Europa (Areco).
Med spesialkappa lengder sparer du både tid og pengar! Dersom tinginga er er over 100 kvadratmeter av ein platetype/farge, er det ikkje tillegg for spesialkappa lengder frå fabrikk. Då er det også mange fargar å velje mellom.
Unngå kondensproblem! Med Arcond antikondensbelegg på undersida av platene unngår du kondensproblem dersom du har eit uisolert bygg utan undertak.
Lagervare: Det er viktig at du kan få plater når du treng dei! Eg har som oftast svarte plater i lengder på 2,5, 3,0, 3,50, 4,0, 4,50 og 5,0 meter og raude plater i lengder på 2,5, 3,0 og 3,5 meter på lager på Sandane.
Alt sjølvsagt i 0,5 mm-kvalitet (ver obs på at du ikkje må samanlikne prisar på 0,4 mm med 0,5 mm - det er stor kvalitetsforskjell).
Beslag i god kvalitet: Eg leverer det meste av svarte beslag frå lokal blikkenslager i 0,6 mm-kvalitet med GreenCoat-belegg.
Mange profilar og kvalitetar: Plater på lager er TP20 (vanleg trapesprofil med 20 mm bølgjehøgd), men eg kan skaffe dei fleste plate- og profiltypane:
Stålplater med taksteinsprofil: Areco Stratos er ei vakker takplate med taksteinsprofil og ekstra sterk overflatebehandling.
Eg kan også levere Grøvik takrenner og Lobas taksikring.
Planlegg du stålhall? Eg har levert til fleire slike og har gode kontakter!
I utgangspunktet må plater hentast på lageret vårt på Sandane, men eg kan i mange høve ordne utkøyring med Tenden Transport.
Eg har absolutt fleksible åpningstider. Ta kontakt for ein «plateprat», gjerne på kveldstid, eller du kan avtale tid for å komme innom lageret ved Kandalsvegen 84. Du kan gjerne hente plater kveld og helg etter avtale.
Det kostar ikkje noko å få eit tilbod frå Neset Lager. Ta kontakt pr. tlf. 944 96808 (gjerne kveld), send ein e-post til [email protected] eller ta kontakt via Facebook.
Ser fram til å høyre frå deg!
Mvh. Neset Lager
Svein Ryssdalsnes
Neset Lager på Sandane leverer alt innan stålplater til kundar frå Sunnmøre i nord til Sognefjorden i sør. Vi er kjende for gode prisar og god service.