11/04/2026
Vi er stadig oftere innom bokbransjen, og det gir mye glede! Det aller siste nå er at vi får forfatterbesøk om kun 6 dager:
BOKBAD - Forfattarmøte på Alfred og biblioteket!
Den 81 år gamle «saudabuen,» Ernst Rolf Midtun, har ein imponerande CV som leiar innan bygg og anlegg i fleire land i Asia og Afrika, men nå kjem han til Sauda for å lansera sin sjølvbiografiske roman, Jenny. Ernst Rolf er nemleg sonen til Ernst Janson som i mange år dreiv Brødrene Janson i Sauda saman med broren, Karl/Kalle.
Jenny og Ernst møtte kvarandre på anlegg i Hellandsbygd under krigen og fekk sonen Ernst Rolf (i boka kalla Jørgen) som blei adoptert bort til Odda etter få veker.
Lesarane kan følga Jørgen gjennom ein tilsynelatande grei oppvekst, men det er noko som «skurrar.» Ved hjelp av hopp i kronologien får me også møta den vaksne, flinke Jørgen som slit med søvnvanskar, uro og angstanfall.
Psykiatrisk ekspertise gjennom mange år er einaste resepten.
Romanen engasjerer lesaren og stiller fleire spørsmål: Kan ein sakna nokon ein aldri har kjent? Kor går grensa mellom å beskytta og å svika? Kva konsekvensar kan det få når andre tar viktige val for deg?
Romanen er eit interessant, lokalt tidsbilde frå 1940- og 1950-talet med tøffe arbeidsforhold, fattigdom og alkoholmisbruk. Ernst Rolf Midtun tok seinare kontakt med faren, og dei hadde eit nært forhold til Ernst døydde i 2010. Ernst Rolf har framleis mange søskenbarn og familie i Sauda.
Vil DU høyra meir om nedturar og oppturar i eit spennande liv, tar du turen til Alfred fredag 17. eller biblioteket lørdag 18. april! Velkommen! Ingen føresetnad at du har lese boka som kan kjøpast til nedsett pris!