Fylkesnes Fisk

Fylkesnes Fisk Fylkesnes fisk er eit lokalt havbruksselskap på Bømlo som driv med matfiskproduksjon av laks.

Me er også involvert i slakting, brønnbåtar og forskings- og utviklingsarbeid.

Har du lyst på ein jobb der du får kjenna både på sjøsprøyt og meistring? Då vil me kanskje ha DEG med på laget vårt!🌊🐟💪...
16/04/2025

Har du lyst på ein jobb der du får kjenna både på sjøsprøyt og meistring? Då vil me kanskje ha DEG med på laget vårt!🌊🐟💪

Fylkesnes Fisk søkjer driftsoperatørar i akvakultur – ei kjekk og utfordrande stilling for deg som trivst ute og er glad i praktisk arbeid! 🙌🚤

Du får:
✅ Frisk luft og varierte dagar
✅ Kjekke kollegaer og godt arbeidsmiljø
✅ Trygg arbeidsplass i ei framtidsretta næring

👉 Les meir og søk her:
https://www.fylkesnesfisk.no/ledige-stillingar-driftsoperatorar-akvakultur

Tips ein ven – eller søk sjølv! Kanskje er det du som blir vår nye kollega? 😄

Me er på jakt etter deg som ønskjer ein variert og fysisk arbeidskvardag, vil ha sjøen som arbeidsplass og gjerne har interesse for oppdrett av fisk.

02/12/2022

Flottaste Laksatrappo i verda! 🐟🪜 Ildsjelene i Bømlo Turlag er trufaste og har jobba i mange år for å få betre forhold opp til Siggjo. Sjekk filmen under og sjå Laksatrappo bli til 😊

Saman med Bremnes Seashore og Fremskridt Laks gjer me at prosjektet kan bli sluttført heilt til topps. ⛰️ Sparebanken Vest er ein trufast samfunnsbyggjar - dei var med på første prosjektet og er også med no 👌

Peter Tubaas er som alltid stødig på kameraet og i redigering! 🎥 Takk!

Så gler me oss til våren kjem, og sherpaene kjem tilbake for å ferdigstilla siste strekket 💪⚒️ Me ønskjer deg ein god tur!

Kjekt å kunna hjelpa Bømlo Sportsdykkere med å rydda utanfor Hiskjo 🤿👍 Nær tre tonn skrot fekk me opp 🚯 Sportsdykkarane ...
10/10/2022

Kjekt å kunna hjelpa Bømlo Sportsdykkere med å rydda utanfor Hiskjo 🤿👍 Nær tre tonn skrot fekk me opp 🚯 Sportsdykkarane har jobba trufast med rydding av havbotnen i mange år, og dei har også planar vidare. Takk! 👌

Åtte dykkarar frå Bømlo Sportsdykkere og mannskap på Fylkesnes Fisk sin kranbåt rydda mellom 2,5 og 3 tonn skrot på Hiskjo på laurdag.

Knallbra jobba - sølvmedalje i B-sluttspelet i Norway Cup. Det var ein spennande finale, med god innsats frå Bremnes! Me...
05/08/2022

Knallbra jobba - sølvmedalje i B-sluttspelet i Norway Cup. Det var ein spennande finale, med god innsats frå Bremnes! Me er stolt sponsor!

Gratulera så mykje me sølvmedalje i B sluttspel Norway Cup.
Fantastisk flott innsats.

LEDIG STILLINGMe har putta ein bråte med grøn teknologi i den nye båten vår, slik at både fisken og folka skal ha det så...
02/03/2022

LEDIG STILLING
Me har putta ein bråte med grøn teknologi i den nye båten vår, slik at både fisken og folka skal ha det så bra som mulig! 🐟🔋🔌

Men nokon må styra spakane ombord 😊🕹️ I operasjonsrommet i "Lysing" sitt operatørane og fjernstyrer spylar og ROV. 🎮

Dette gjer at fisken får så bra miljø som mogleg, med reine og sikre nøter. Kjenner du nokon som vil jobba med grøn teknologi i den blå næringa?

Les meir: www.fylkesnesfisk.no/ledig-stilling-driftsoperator-lysing

Søknadsfrist: 15. mars

Stor stas å endeleg få døypa Hordagut og Horda Pioneer!
04/12/2021

Stor stas å endeleg få døypa Hordagut og Horda Pioneer!

Langs Bryggen i Bergen skjedde det store ting på fredag.

Stor takk til alle som var med på strandryddeaksjonen!
07/10/2021

Stor takk til alle som var med på strandryddeaksjonen!

Me gler oss over fleire nye arbeidsplassar og positiv utvikling for Langevåg og Bømlo!
24/09/2021

Me gler oss over fleire nye arbeidsplassar og positiv utvikling for Langevåg og Bømlo!

No startar snart gravemaskinane på jobben med utbygginga av det nye, enorme lakseslakteriet i Hovlandshagen. Det vil vera i sving om eitt års tid.

Adresse

Fylkesnesvegen
Sistranda
5430

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Fylkesnes Fisk legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Fylkesnes Fisk:

Snarveier

Del