21/03/2025
10 meter med tau har endeleg fått ein ny eigar, 20 år etter bomkjøpet på Sjøen for alle.
Då eg rydda kjellaren for nokre veker sidan fann eg att eit tau eg kjøpte på båtmessa Sjøen for alle. Då eg jobba i DN var det ikkje så ofte eg var på messer, dei andre seljarane var rett og slett mykje betre enn meg. Men, når eg fyrst var der, så havna eg så i kjøpsmodus at eg alltid gjekk i minus. Eg kjøpte golfsett utan å spele golf og tursko og jakke uten å gå i fjellet. Det verste var likevel dette sabla tauet som ein kunne bruke til fortøying og diverse, sjølv om eg ikke har båt men derimot ein ganske solid vannskrekk. Tauet har overlevd flytting og endetider, men no var det på tide å ta det i bruk. Eg skulle på messe igjen, denne gong for å underhalde forsamlinga.
Ahlsell Norge hadde i går si årlege messe i Haugesund, der dei gjer ting litt annleis enn kva eg i alle fall er vane med. Dei startar opp messa klokka 16.00 med middag klokka 20.00. Dermed kunne kundene deira komme etter jobb og slapp å ta seg fri på dagen. Dette må seiast å vere ein meget vellukka løsning. Omlag 400 kunder og leverandørar møtte opp og Quality Maritim i Haugesund var rett og slett stappa. 400 stykk og eit tau var klare for litt liv, rai rai.
På førehand var eg meget bestemt på at eg skulle få dette sabla tauet inn som ein del av underhaldinga. Men, det skjedde ikkje. Om noko, hindra det tauet heller historieforteljinga, for eg tenkte for mykje på ulike måtar å få det inn på. Etter to ganger 10, låg det der, skammens rep, krøllete igjen på gulvet. Eg kunne ikkje ta det heim igjen. Heller ikkje kasta det. Det var dritdyrt i 2004, kosta sikkert ein milion i dag. Det var då eg såg Øyvind.
Øyvind var ein av dei fyrste i salen, sa høgt "Gutar! Me må sitje nærme scena så me ser underhaldninga", og vart ein liten raud tråd. Eg hoppa på den stakkars prosjektleiaren som prøvde å komme seg heim.
- Dette tauet, det skal du få Øyvind.
- Eg?
- Ja, det har du fortent for innsatsen din.
- Jaja, eg har jo båt
Så fekk eg tatt eit bilde og Øyvind vandra ut i Haugesund med eit 23 år gamalt tau, og eit bekrefta inntrykk av folk frå Finnøy, dei er litt rare.