Linda Lid Keramikk

Linda Lid Keramikk I aim to combine aesthetics with functionality making ceramics from stoneware and porcelain. Eg kan også sende varer dersom du ynskjer det.

Eg har hatt yrke som keramikar i snart 25 år , og arbeider med vedfyrt porselen- og steingodskeramikk. For få år sidan flytta eg, saman med mann og to små barn, til eit småbruk i Hardanger. Her har me saman bygd opp ein keramikkverkstad der me lagar bruksting og dekorative gjenstander ,brent i ein stor vedfyrt ovn. Eg lagar produkt både for privatkundar og bedrifter , og leverer keramikkservise og utsmykking til restaurantar , kaféar , lag og organisasjonar. Målet mitt er å laga unike gjenstander som tåler tøff bruk og som eg håpar kan vera til glede og nytte i kvardagen. Brenninga i flammer gjev leira spesielle overflater og fargar og det finst ikkje to gjenstander som blir like. Prosessen med brenning tek ca 60 timar med kontinuerleg fyringsarbeid. Verkstaden finn du i ei svartmåla løe inst i tunet, bygget er frå 1735. Verkstad og utsalg er åpent for besøk heile året , men vil du vera sikker på å treffa oss ring eller send epost for avtale! I tillegg til verkstadutsalget her på tunet kan du finne produkta mine på ulike galleri og handverksutsal rundt om på Vestlandet.

11/09/2026
Takk til alle dykk for ein fin vår og sommar ❤️! Til fantastiske støttespelarar, til kundane, som kjøper kortreist kunst...
08/09/2026

Takk til alle dykk for ein fin vår og sommar ❤️! Til fantastiske støttespelarar, til kundane, som kjøper kortreist kunsthandverk når dei treng ei gåve til seg sjølv eller andre! Tusen takk!! Og fyringshjelparar, positive vener og gode naboar- Takk!! Til arbeidsomme og glade kursdeltakarar , takk! De betyr alt!

Så kjekt å ha keramikk  i vakre Hjertholm i Bergen!
22/08/2026

Så kjekt å ha keramikk i vakre Hjertholm i Bergen!

Takk for fint kunsthåndverkmarked på Kirkeristen!
16/08/2026

Takk for fint kunsthåndverkmarked på Kirkeristen!




I dag fekk denne urna ein ny heim hjå Mette ! Takk sterke Tuva Sandven for eskorte til Bjølsen💪
13/08/2026

I dag fekk denne urna ein ny heim hjå Mette !
Takk sterke Tuva Sandven for eskorte til Bjølsen💪

13/08/2026
12/08/2026





09/08/2026

Glimpses from the train kiln firing this week!




Er du i Oslo neste helg? Kom på det vakre markedet på kirkeristen!
07/08/2026

Er du i Oslo neste helg? Kom på det vakre markedet på kirkeristen!

Sett av en av dagene til Kunsthåndverksmarkedet i Kirkeristen, bak Oslo Domkirke
Velkommen 13-15 august
Spre det , del det !

Adresse

Grøningsvegen 59
Strandebarm
5630

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Linda Lid Keramikk legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Linda Lid Keramikk:

Snarveier

Del