Stryn Handel

Stryn Handel VELKOMMEN TIL STRYN
HANDEL - OG FESTIVALBYGDA I VEST

Stryn Handel er ein frivillig samarbeidsorganisasjon for handels- og servicebedrifter i Stryn.

Kortreist og trygg handel i Stryn - besøk oss da vel :)

Nedteljinga har starta: Berre TO dagar igjen til vi går Heilt på Styr! ⏰💥Har du begynt å tøye ut bankkortet? Det bør du,...
15/07/2026

Nedteljinga har starta: Berre TO dagar igjen til vi går Heilt på Styr! ⏰💥

Har du begynt å tøye ut bankkortet? Det bør du, for på fredag brakar det laus i Stryn!

Fredag 17. og laurdag 18. juli inviterer medlemsbutikkane i Stryn Handel til dei elleville HEILT PÅ STYR-dagane. Lagera skal tømmast, og prisane blir så låge at vi nesten blir litt svimle sjølve. 😵‍💫💸
Gjer deg klar for:
Elleville kupp 🛍️
Tømde l***r og fylte handleposar 📦
God stemning og smilande handelsfolk 😎

Plott det inn i kalenderen med éin gong, og tips ein ven som elskar eit godt kjøp. Vi har vasken klar og gler oss til å sjå deg! 💃🕺

📅 Hugs datoane: Fredag 17. og laurdag 18. juli!

Har du kontroll på livet? Ikkje vi heller! 🤷‍♂️Den 17. og 18. juli går Stryn heilt av hengslene. Det er nemleg klart for...
12/07/2026

Har du kontroll på livet? Ikkje vi heller! 🤷‍♂️

Den 17. og 18. juli går Stryn heilt av hengslene. Det er nemleg klart for Heilt på Styr-dagar!
Medlemsbutikkane våre har teke ein grundig kikk på l***ra sine, og sjefane har fått fullstendig panikk.No skal alt ut – til prisar som gjer at sjølv kalkulatoren byrjar å svette. 🔥

Kva: Heilt på Styr-dagar med ekstrem l***rtømming
Kvar: Hos medlemsbutikkane i Stryn Handel
Når: Fredag 17. og laurdag 18. juli

Her blir det førstemann til mølla for å gjere dei råaste kuppa. Ta med deg naboen, kredittkortet og eit stort handlenett. Vi sjåast til glade (og litt kaotiske) handelsdagar i Stryn! 🛍️✨

For ei fantastisk feiring! 🎉🌴Tusen takk til alle som møtte opp og gjorde karnevalet i sommarglade Stryn laurdag 20. juni...
22/06/2026

For ei fantastisk feiring! 🎉🌴

Tusen takk til alle som møtte opp og gjorde karnevalet i sommarglade Stryn laurdag 20. juni til ein einaste stor folkefest!

Sjølv om værgudane ikkje var heilt på vår side, lét me oss ikkje stoppe. Gatene koka av regnbogefargar, sambarytmer, smil og strålande humør frå både store og små. For ei kreativitet og for eit engasjement – de er fantastiske!

Toget starta ved Strynehallen og gjekk heile vegen til Per Bolstad plass, kor det vart full rulle med leik, moro, gratis frukt, ballongar og god stemning. Den tøffe karnvalsbilen til Tommy og Bjørn Tommy leia an samt atvi hadde politiekskorte!

Ein ekstra stor gratulasjon går til vinnarane av dei tre beste kostyma – for nokre kreative og sprø kreasjonar me fekk sjå!

Takk til alle som tok turen, dansa med oss og bidrog til årets kanskje mest fargerike dag.
No er sommaren offisielt i gang i Stryn! ☀️🌈

Del gjerne dine beste blinkskot frå dagen i kommentarfeltet! 📸👇

Stryn Handel

Trass øsepøsande regn gjekk karnevalet fargerikt og lydhøyrd gjennom Stryn sentrum laurdag.

🌧️ Yr seier regn? Vi seier REGNBUE OG KARNEVAL! 🌈Vêrmeldinga er kanskje litt grå, men laurdag 20. juni skal Stryn sentru...
18/06/2026

🌧️ Yr seier regn? Vi seier REGNBUE OG KARNEVAL! 🌈

Vêrmeldinga er kanskje litt grå, men laurdag 20. juni skal Stryn sentrum koke av fargar, rytmer og pur glede! Vi drit i drosje-vêr og inviterer til folkefest. Finn fram det mest kreative, sprøe eller fargesprakande du har i skapet – no skal vi vise Yr kven som bestemmer!

🏆 Kven blir årets karnevalskonge eller -dronning?Vi kårar og premierer dei 3 artigaste og mest kreative kostyma! Her er det berre å la fantasi og gjenbruk blome. Blir det deg, naboen eller ein heimelaga superhelt som stikk av med premien?🎉

Dette skjer i sentrum på laurdag:
🥁 Karnevalstog: Vi dansar laust til heite sambarytmer gjennom gata!
🎈 Gratis heliumsballongar: Fargerik moro til dei minste!
🧸 Ringobamsen: Klar for kos, bilete og high-fives!
🏰 Hoppeslott: Hopp i det – bokstaveleg tala!
🍎 Gratis frukt og leikar: Energi og moro for alle barna.

Ta på deg regnponchoen over superheltkpappaen om du må – dette vil du ikkje gå glipp av! Toget startar kl. 12:00, så møt opp i god tid.Følg med på Facebook-sida til Stryn Handel for fullt program og eksakte tidspunkt! 🥳

Bli med på årets mest fargerike dag i sommarglade Stryn! 🥳🎉Laurdag 20. juni inviterer Stryn Handel til dundrande karneva...
14/06/2026

Bli med på årets mest fargerike dag i sommarglade Stryn! 🥳🎉

Laurdag 20. juni inviterer Stryn Handel til dundrande karnevalsfest, og vi vil ha med DEG! Finn fram ditt mest kreative, morosame eller sprøe kostyme – her er alt lov!

Dette skjer:
📍 Kl. 11.45: Oppstilling til karnevalstoget ved Strynehallen.

🚛 Kl. 12.00: Toget startar! Karnevalsbilen leiar an med fengande rytmer og ekte sydenstemning gjennom gatene.

🎈 Leik og moro: Toget endar på Per Bolstad plass der det blir full rulle for både små og store barn.

Gled deg til:
🏰 Hoppeslott og spretten moro!
🍌 Gratis, frisk frukt frå Rema 1000.
🎈 Fargerike heliumsballongar frå Stryn Bokhandel/Ringo.
✨ God stemning, leik og fellesglede i sentum.

Premiering! 🏆
Vi kårar dei 3 mest kreative, artige og oppfinnsame kostyma i toget. Her er det berre å la barna (og dei vaksne!) bruke fantasien!

Ta med familie, vener og naboar til Stryn sentrum laurdag 20. juni. La oss skape ein uforgløymeleg folkefest saman! ☀️🙌

🌼 God pinse frå oss i Stryn Handel 🌼Vi ønskjer alle kundar, fastbuande og tilreisande ei riktig fin pinse her i vakre St...
22/05/2026

🌼 God pinse frå oss i Stryn Handel 🌼

Vi ønskjer alle kundar, fastbuande og tilreisande ei riktig fin pinse her i vakre Stryn 💚
Enten du nyt rolige dagar i bygda, fjellturar, handel eller gode opplevingar saman med familie og vener, håpar vi du får ei helg fylt med sol, smil og gode minner.

Ta gjerne turen innom dei flotte butikkane, kaféane og verksemdene våre – vi set stor pris på at de handlar lokalt og brukar Stryn 💛 God Pinse ! - Stryn Handel

Vi held langopne butikkar i Stryn - da har du godt med tid til å få gjort unna julehandlen. Vi gler oss til å helse deg ...
14/12/2025

Vi held langopne butikkar i Stryn - da har du godt med tid til å få gjort unna julehandlen. Vi gler oss til å helse deg velkomen inn i butikkane våre. 🛍️🎁🛍️🎁🎅🤶
Nokre butikkar i Stryn sentrum har eigne opningstider.
For meir informasjon om opningstidene
www.strynhandel.no
Gå inn på kvar medlem sine eigne nett-/
Facebook-/ Instagram sider
Handel i Stryn

I dag har vi søndagopne butikkar i Stryn. Vi ynskjer velkommen til hyggeleg julehandel 🛍️🎁🤶🎅Nokre butikkar i Stryn sentr...
14/12/2025

I dag har vi søndagopne butikkar i Stryn. Vi ynskjer velkommen til hyggeleg julehandel 🛍️🎁🤶🎅

Nokre butikkar i Stryn sentrum har eigne opningstider.
For meir informasjon om opningstidene
www.strynhandel.no
Gå inn på kvar medlem sine eigne nett-/
Facebook-/ Instagram sider
Handel i Stryn

✨Julegrantenning i Stryn✨ Vi inviterer store og småtil ei magisk start på adventstida! 🎄🎺 Stryn Musikklag sørgjer for ek...
24/11/2025

✨Julegrantenning i Stryn✨

Vi inviterer store og småtil ei magisk start på adventstida! 🎄

🎺 Stryn Musikklag sørgjer for ekte julestemning med vakker musikk.

👧👦Barnekoret syng jula inn med varme og glede.

⛪Julehelsing frå både kyrkja og Stryn Handel.

🎅Og sjølvsagt – Julenissen kjem for å dele ut gåver til alleborna!

Ta med familie og vener ogbli med når vi tenner julegrana og fyller sentrum med lys, glede ogførjulsmagi. ✨❤️

Velkomen! 🎄✨

Her er pressemeldinga frå Stryn Handel som vi sende til Fjordingen.God handel i Stryn I siste Fjordingen (24.10.2025) ku...
29/10/2025

Her er pressemeldinga frå Stryn Handel som vi sende til Fjordingen.

God handel i Stryn

I siste Fjordingen (24.10.2025) kunne ein få inntrykk av at ein opplever ein butikkdød i Stryn. Dette er langt frå kva som er sanninga i denne saka.

🌟Audhild Viken har valt å ikkje satse i Stryn. Då dei starta opp for 5 månader sidan sa dei tydleg at dei ville ha eit prøveår før dei tok endeleg avgjersle.
🌟Stryn Kiosk legg ikkje ned, dei flyttar drifta si.
🌟Intersport avviklar men ny butikk er på veg inn.

Så summa sumarium så er ikkje situasjonen så svart som Fjordingen skriv i sin artikkel.
🌟Vi har lagt bak oss ein veldig god sommarsesong som viser rekordomsetning i juli. Juli har utvikla seg til å bli toppmånad for butikkane i Stryn. Vi går no i møte ein haust der vi opplever auka besøk og handel.

🌟Tala til Stryn Torg m.a viser ein samla omsetningsvekst hititil i år på om lag 8%, der samtlege butikkar har ein auke.

Dette er ein trend som vi også ser hjå dei andre medlemmene i Stryn Handel.

🌟Stryn kan skilte med å vere festivalbygda i området og dette er med på dra mykje folk til bygda og setje Stryn på kartet. Dette har naturleg nok ein positiv innverknad på den totale handelen i Stryn både når det gjeld butikkar, kafear og overnatting.
Det er sjølvsagt at nokre periodar er betre enn andre, og at det svingar frå bransje til bransje.
🌟Så samla sett så er det ei positiv utvikling for handelen i Stryn sentrum

At nokre butikkar vel å leggje ned drifta si, det er det marknaden som bestemmer og dette er heilt normalt i ein marknad med fri konkurranse. Nokre legg ned, andre vel å satse vidare, samt at nye aktørar kjem på plass. Dette er det tydlegaste teiknet på at Stryn er eit levande handelssamfunn. At nye aktørar kjem inn på bana, er med på å skjerpa konkurransen i handelsnæringa og dette er berre positivt for alle både butikkane og for kundane våre.

Virke sine prognosar for julehandelen i 2025 forventar ein totalomsetning på ca. 138,7
milliardar kroner (inkl. mva.), ein vekst på 3,5 % fra året før. I snitt vil kvar hushaldning bruke rundt 24 900 kroner på julegåver og anna julemat. Auken skuldast høgare lønnsvekst, lågare straumprisar og ei forventning om at rentetoppen er nådd. Dette vil vi også merke når det gjeld handelen i Stryn.

🌟Stryn Handel skal fortsette jobben med å marknadsføre Stryn som handels- og festivalbygda i Nordfjord. Vi vil mane til samarbeid mellom alle som driv handel og service i Stryn. Vi står mykje sterkare samla. Stryn Handel vil også halde fram arbeidet med å vere ein viktig samarbeidspartner når det gjeld å fylle opp dei få ledige lokala som er i Stryn sentrum.

Helsing Stryn Handel

Link under til artikkel i Fjordingen.no
https://www.fjordingen.no/nyhende/n/B05n57/avviser-butikkdoed-handelen-i-stryn-aukar

Adresse

Stryn
6783

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Stryn Handel legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Stryn Handel:

Snarveier

Del