Jord og Fjord Sykkylven

Jord og Fjord Sykkylven Gaver og Interiør - Jord og Fjord lokal mat og drikker som ligger i Kyrkjevegen 31 i Sykkylven

Heilt fersk LANGEFILET og SEIFILET i dag! Er du snar, har den ikkje rekt å fryse endå🐋🐋Påfyll av FISKEKAKER ❤️
19/09/2026

Heilt fersk LANGEFILET og SEIFILET i dag! Er du snar, har den ikkje rekt å fryse endå🐋🐋
Påfyll av FISKEKAKER ❤️

I kveld har vi henta varer frå REKO-ringen og fylt på med kaffi frå Roald Kaffebrenneri ☕️Vi har òg nokre nyheiter denne...
17/09/2026

I kveld har vi henta varer frå REKO-ringen og fylt på med kaffi frå Roald Kaffebrenneri ☕️

Vi har òg nokre nyheiter denne gongen 💚
• Hovdenakk Hjort: Dampemør, grytekjøt og kjøtdeig av hjort
• Skjeltoletunet: Klippfiskbollar
• Solbakken gard: Bacon, spekepølse og leverpostei

I morgon kjem fredagsbaksten som vanleg frå Bakerinnå og Sylteormen 🧁 Vi gler oss!

Velkomen innom for ein hyggeleg helgehandel! 🥰

Tusen takk til alle som tok turen innom oss på barnas dag i helga 🥰 Det var utruleg kjekt å helse på så mange nye ansikt...
14/09/2026

Tusen takk til alle som tok turen innom oss på barnas dag i helga 🥰 Det var utruleg kjekt å helse på så mange nye ansikt!

Det blir fort mykje snakk om godmaten til helga, men god kvardagsmat er minst like viktig. Her er eit lite utval av det du finn i disken hjå oss om dagen:

• Hyse, lange, sei og torsk frå Tafjord Fisk og Vilt
• Kjøtdeig av geit, svin og økologisk storfe
• Burgerar frå Hovdenakk Hjort og Tindemat
• Pølser, middagskaker og brennsnut frå Skjeltoletunet
• Pølser, kjøtpudding og kjøtbollar frå Solbakken Gård

Stikk gjerne innom for ein hyggeleg handel. Velkomen!

11/09/2026

Endeleg fredag! Baksten er på plass og vi er klare til å ta imot deg med smaksprøvar og kaffi. Velkomen innom for ein hyggeleg helgehandel! ☕️🥐

10/09/2026

Det er snart fredag! 🌟

Vi får som vanleg fersk bakst frå Bakerinnå, Sylteormen og Blakstad Gard! I tillegg serverer vi smaksprøvar på nydeleg spekepølse og ost. Hyllene og frysarane våre er fulle av fantastisk lokalmat og god drikke.

Velkomen innom for ein hyggeleg handel 💚

Vanskeleg å finne gåve til den som har alt? Vi hjelper deg! Hos oss får du cellofanposar så du kan setje saman gåva sjøl...
07/09/2026

Vanskeleg å finne gåve til den som har alt? Vi hjelper deg! Hos oss får du cellofanposar så du kan setje saman gåva sjølv, eller du kan velje ein av dei ferdige gåveposane våre. Sjå til dømes denne: ein nydeleg reinsdyrkopp, hjortepølse frå Hovdenakk hjort og kaffi frå Roald kaffebrenneri. Kanskje den perfekte gåva til ein jeger?

Da er det straks helg igjen, og vi har fylt opp diskene for helgehandelen 💚I dag har vi henta påfyll frå Reko-ringen og ...
03/09/2026

Da er det straks helg igjen, og vi har fylt opp diskene for helgehandelen 💚

I dag har vi henta påfyll frå Reko-ringen og blant anna:
• Ribbeside og lår/bog av geit frå Melchiorgarden
• Hjorteburger og spekepølse frå Hovdenakk Hjort

Frå kl. 11.00 får vi ferske bakervarer:
• Kastanjebrød og surdeigsbrød frå Sylteormen er tilbake og selvfølgelig alle favorittene frå Bakerinnå
• Glutenfritt brød frå Blakstad Gard

Kom gjerne innom for ein kaffikopp og ein smaksprøve.
Det er utruleg kjekt å sjå både nye fjes og faste kundar hos oss. Takk for at dykk vel å bruke og støtte det lokale tilbodet 🤩

Opningstider:
Fredag: 10:00 – 18:00
Lørdag: 10:00 – 15:00

Velkommen til oss på Jord og Fjord.

💚 Vi brenn for lokalt handverk og fantastiske råvarer!Vi er så utruleg stolte og takknemlege over å samarbeide med så ma...
31/08/2026

💚 Vi brenn for lokalt handverk og fantastiske råvarer!

Vi er så utruleg stolte og takknemlege over å samarbeide med så mange flinke og engasjerte produsentar. Saman skapar vi eit levande utval av alt det beste regionen vår har å by på. Men – det er alltid plass til fleire godbitar i hyllene våre! 🌟Er det noko du saknar i butikken?

Har du eit favorittprodukt du ikkje finn hos oss, eller kjenner du til ein lokal produsent vi berre må sjekke ut? Send oss ei melding eller legg igjen ein kommentar her! 👇

Sjå på denne fantastiske gjengen vi allereie har med på laget:
Linge • Nergarden • Melchior • Kaltegarden • Tunvoll Bigård • Hermans Honning • Tafjord fisk og vilt • Hjørundfjord Fruktpresseri • Solbakken gard • Skarbø Gard • Valldal Safteri • Muri Gård • Drotninghaug • Tindemat • Bakerinnå • Sylteormen • Blakstad Gard • Kry Kombucha • Fredly Gard • Derinngarden • Brubekken Gardsmeieri • Skjeltoletunet • Stolte Anton • Roald Kaffebrenneri • Hovdenakk Hjort
💚

Nyheit i hyllene! ☕️På biletet ser du Asgeir som akkurat leverte første forsyning med ferskbrent kaffi til oss! Vi har n...
30/08/2026

Nyheit i hyllene! ☕️

På biletet ser du Asgeir som akkurat leverte første forsyning med ferskbrent kaffi til oss! Vi har nemleg starta eit samarbeid med Roald Kaffebrenneri og merkevaren deira, Brend.

Roald Kaffebrenneri er ei lita familiebedrift som held i Smegarden på Vigra. Her brenn dei kaffien i små porsjonar kvar veke, noko som gjer at vi får han rett frå brenneriet og heilt fersk til hyllene våre.

No finn du desse fem typane hos oss:

☕️ Sunnmøring (130 kr)

Ei god og ukomplisert blanding av bønner frå Sør- og Mellom-Amerika. Ein klassisk kvardagskaffi til ein hyggeleg pris.

☕️ Kaffislabberas (140 kr)

Ei tradisjonsrik Java Mocca-blanding med bønner frå Indonesia og Etiopia. Fruktig, fyldig og passar like godt til kvardag som til helgebesøk.

☕️ Mørkbrend (140 kr)

Ein litt mørkare brent kaffi med bønner frå Sør-Amerika. Særleg god til espresso, kaffimaskin eller om du likar kaffien med mjølk.

☕️ Brend – Etiopia (140 kr)

Ein smaksrik og utprega fruktig kaffi frå Yirgacheffe, med hint av modne bær og fersken. Gjer seg aller best på presskanne eller handbrygg.

☕️ Brend – Costa Rica (140 kr)

Kaffi frå det kjende Tarrazú-området. Ein rund og balansert kaffi med låg syre, fyldig kropp og eit lite hint av blomar og svart te.

Velkomen innom Jord og Fjord for å sikre deg ein pose fersk kaffi frå Vigra! 🌿

Endeleg fredag! Frå kl. 11:00 fyller vi disken med rykande fersk bakst rett frå Bakerinnå! 🥐✨Her er alt det nydelege du ...
28/08/2026

Endeleg fredag! Frå kl. 11:00 fyller vi disken med rykande fersk bakst rett frå Bakerinnå! 🥐✨
Her er alt det nydelege du kan velje og vrake i frå kl. 11:

🌾 Ferske brød
• Olivenbrød • Onsdagsbrød • Rugbrød

🥐 Søtbakst
• Pistasjknute • Skulebolle • Skillingsbolle • Wienerbrød • Kveitebolle • Aniskringle

🍰 Kaker
• Gulrotkake • Swissrullar • Napoleonskake • Sjokoladekake • Skilpadde • Suksessterte • Marsipankake • Jordbær- og bringebærterte • Grovkake • Brownie

💚 Glutenfrie brød og baguetter fra Blakstad Gard

☕ Ta ein pust i bakken hjå oss
Du er meir enn velkomen til å slå deg ned og nyte godsakene her. Vi spanderer sjølvsagt ein varm kaffikopp til alle som ønskjer det!

Elles er hyllene stappfulle av god lokalmat, så her ligg alt til rette for ein skikkeleg god start på helga. 💚

Sjåast vi frå kl. 11 på Jord og Fjord? Hjarteleg velkomen innom! ✨

Adresse

Kyrkjevegen 31
Sykkylven
6230

Åpningstider

Mandag 10:00 - 17:00
Tirsdag 10:00 - 17:00
Onsdag 10:00 - 17:00
Torsdag 10:00 - 18:00
Fredag 10:00 - 18:00
Lørdag 10:00 - 15:00

Telefon

+4770251256

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Jord og Fjord Sykkylven legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Jord og Fjord Sykkylven:

Snarveier

Del