18/03/2026
ÅRETS VAKRASTE EVENTYR 25 APRIL 2026
Overgangstur Sykkylven-Urke/Trandal
Hardhaus, Hjørundfjord Mountain guide og sjølvaste grillandslaget inviterer til guida sosialtur på ski til Hjørundfjorden. I tett samarbeid med Christian Gaard på Trandal.
Årets tur er den tradisjonelle ruta mellom Brunstad og Urke, med ein vri.
Turen vert som før der me går Gullmorbeekka med valfri vitjing av Brunstadhornet. Men i staden for å kjøre straka vegen til Langsetra kan den som vil gå over Gullmorryggen og krysse Gullmorbeen. Derifrå gjeng me opp i Geitskaret og kjører moreneryggane ned mot Isavatnet. Derifrå kjører me ned igjen til Urke. Der vil me verte henta av Urketaxien og frakta til Kai huset.
På Kai huset vert det grilling med grillandslaget med pølser i verdensklasse frå Ole Arnstein Ringdal Her vert det sang, musikk,andakt,dans,bading,øldrikking, røling, og historieforteljing.
Etter ei ykt vert me frakta til Christian Gaard på Trandal for eit gourmet måltid.
Beate Nathalie Storeide lovar god stemning og god mat Ho har også teke sangtimar i vinter og vil synge nokre egenkomponerte låtar. Dette gledar eg meg til seier ho på telefonen. Hardhaus gjengen lovar høglytt applaus . Det vert også i år delt ut premiar i ulike kategoriar.
Når me e leide går det båt attende til Sykkylven.
Tidspunkta kjem når vi har kontroll på kor mange og kven som blir med.
Ditte verte steikje løye. Hiv dokke med , me lovar god stemning og godt ver.🙂⛷️💯👌🍆
NB! Begrensa antall plassar.
Påmelding til
[email protected]
Info på tlf: 45235902 eller 95065934 Hjørundfjord Mountain Guide eller 97521271 Hardhaus
Ditte blir steike bra.