Liv Randi Bjørlykke oppretta forlaget i 2010. Siste utgivelser: 2022: Ospahjellen Kåserisamling. Kastet har vore fråflytta i 60 år, og snart er alt gløymt.
Adresse
Sykkylven
Telefon
Nettsted
Varslinger
Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Bjørlykke forlag legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.
Kontakt Bedriften
Send en melding til Bjørlykke forlag:
Snarveier
Type
Lokalhistorie og humor
Utgivelser:Liv Randi Bjørlykke: Osvikboka, 2010 Liv Randi Bjørlykke: Mobil på bussen, 2011. Kåserisamling. Liv Randi Bjørlykke: CD, Kåseri Liv Randi, 2012 Eystein Hjelme: Nøysemd, 2012 Liv Randi Bjørlykke: Kastet, 2013 Eystein Hjelme: Nøysemd 2, 2013 Liv Randi Bjørlykke: Ramnungar ropar, 2014. Kåserisamling. Eystein Hjelme: Nøysemd 3, Frå fjøre til fjells og heilt til Natal, 2014 Liv Randi Bjørlykke: Sti-Anna og Tafjordulukka 2016 ISBN 978-82-998409-7-2
Liv Randi Bjørlykke: Eg var finare før, 2017, ISBN 978-82-998409-8-9. Kåseri. Ny bok i mai 2019: HOTEL SYLTE. Eit trehotell i Valldalen frå 1870-åra. Kr 300 pluss porto. ISBN 978-82-998409-9-6 Om "Kastet" Ein gong var Kastet krongods. I juni kom boka om den fråflytta garden som ligg ved Tafjorden, inst i Storfjorden på Sunnmøre. Kastet har vore fråflytta i 60 år, og snart er alt gløymt. Forfattaren har samla stoff som elles ville ha gått i gløymeboka. Boka kan bestillast ved å sende melding til forfattaren. Prisen er kr. 250 pluss porto. Rikt illustrert. ISBN 978-82-998409-3-4 Liv Randi Bjørlykke har lest inn ein CD der ein kan høyre henne fortelje om julefestane i gamle dagar, orkanen Dagmar og andre hendingar som ein kan lage kåseri om. Tittelen er "Kåseri Liv Randi". Pris 150 kroner. "Nøysemd" av Eystein Hjelme kom i 2012 og er utselt. "Nøysemd 2" kom i 2013 og handlar om gjenbruk og matauk. Pris kr 250. ISBN 978-82-998409-4-1 "Nøysemd 3" - Frå fjøre til fjells og heilt til Natal kom i 2014. Pris kr 250. ISBN 9788299840965. Om "Osvikboka" Liv Randi Bjørlykke oppretta eige forlag i 2010. Ho hadde då manuset til ”Osvikboka” klart, eit prosjekt ho hadde hatt i arbeid lenge. I boka er det 200 bilete frå Norddal kommune, og ei fyldig utgreiing om folk og hendingar i og rundt garden Osvik, som ligg i Verdsarvområdet ved Storfjorden på Sunnmøre. ”Osvikboka” er hittil selt i over 500 eksemplar. Pris kr 200 + porto. Om forfattaren Liv Randi Bjørlykke: Liv Randi Bjørlykke har også skrive ei ættesoge for Stordal kommune. Tidlegare har ho gitt ut 10-15 bøker og hefte på Lunde Forlag, Oslo. Ved sidan av skrivinga har ho vore journalist og lærar. I fritida har ho takka ja til mange oppdrag som kåsør, både i NRK og ved lokale arrangement. Ho er født i Sykkylven i 1948. Om forfattaren Eystein Hjelme: Snikkarmeister og lærar Eystein Hjelme frå Valldal har lenge forfatta artiklar i aviser og publikasjonar. No gir han ein serie bøker som handlar om nøysemd, eit temma som fengar mange lesarar. Bøkene handlar om å bruke augene i naturen, slik folk gjorde før, og bruke ressursar som blåbær, brenne-nesle og andre plantar. I ei tid prega av stadig større forbruk peikar han på korleis tidlegare generasjonar levde og kva teknikkar dei bruka for å kunne overleve med små ressursar. Bøkene kan tingast her, og prisen er kr. 250,- pluss porto. Eystein Hjelme bur på Valle i Skodje, Sunnmøre.