Nisser Hyttegrend

Nisser Hyttegrend Hyttegrend på vestbreidda av innsjøen Nisser i Nissedal, Telemark. Totalpakke, nykkelferdig hytte, Velkomen til Nisser Hyttegrend!

Nisser Hyttegrend ligg idyllisk til ved Nisser, og har tomter og hytter for sal og utleige med fantastisk utsikt! Nissedal er ein ekte heilårsdestinasjon med aktivitetsmoglegheitar både på sumar- og vinterstid. Vestsida av Nisser er kjent for sine lange, kvite sandstrender i tillegg til kulpar og jettegryter, og er eit badeeldorado for borna. Oppmerka turløyper, gode fiskemoglegheitar, sykkelstiar, klatremoglegheitar og kort veg til alpinsenter gjer Nissedal til eit populært hytteområde. Nisser Hyttegrend ligg ved vatnet, og tomtene har ei spektakulær utsikt over Nisser og dei blankskurde fjella omkring. Me byr på blant anna:

- Bading i krystallklart vatn på kvite sandstrender
- Fiske i Nisser, som er ein av Noregs store innsjøar, over 4 mil i lengde, i tillegg til fjellvatn i nærleiken
- Oppmerka tur- og skiløyper, bl.a. ”Fjone Høgfjell” og Hægefjell, som ligg på 1022 m.o.h.
- Sykling i et variert og godt terreng, ideelt for både downhill- og landevegssykling
- Klatring i et av Noregs mest bruka klatreområde, her finn ein blant anna den verdskjente ruta ”Via Lara”. Nisser Hyttegrend har og innandørs klatrevegg for dei minste og buldrerom for våte dagar
- Alpint ved Gautefall Alpinsenter, ca. 25 min og Vrådal Panorama Skisenter ca. 50 min
- Bær og sopp av alle slag
- Fantastisk utsikt og stillheit
- Nisser Hyttegrend og Camping ligg ca. 500 m frå hyttefeltet, og har ein sumaropen kiosk, trampoliner, Tarzanslynge, hestar og andre aktivitetar. Her kan og leigast festlokale til bryllup og bursdagar o.l.

https://www.facebook.com/share/p/1E84ibcHX7/?mibextid=wwXIfr
02/07/2026

https://www.facebook.com/share/p/1E84ibcHX7/?mibextid=wwXIfr

I morgo blir det kveldsopent og konsert med Synne Sanden på Turine 😊❤️☀️ Me kjem òg til å lage pizza, så bestill gjerne på førehand viss nokon har lyst på pizza? 😊🍕spekeskinke eller pepperoni 👌 Me sjåast i morgo 😊❤️🎶🍕🥂🍾✨

Vegarbeidet er 9 km frå Treungen mot Fjone
29/05/2026

Vegarbeidet er 9 km frå Treungen mot Fjone

Mellombels stenging av Fv 3380 ved Omnen

Arbeidet med fjellsikring startar måndag 1. juni og er planlagt ferdig torsdag 18. juni.

Telemark fylkeskommune melder at vegen blir stengd i korte periodar i løpet av dagen:

Måndag, tysdag og torsdag
kl. 08.30 - 14.30
kl. 16.30 - 19.00
Onsdag
kl. 08.30 - 12.30
kl. 16.30 - 19.00
Det vil bli sett opp skilt som viser når vegen er stengd.

28/04/2026
😀Marknad på Fjone!Det vert marknad på ungdomshuset på Fjone laurdag og sundag den 12. og 13. juli, frå kl 11.00 16.00.Lo...
07/07/2025

😀Marknad på Fjone!
Det vert marknad på ungdomshuset på Fjone laurdag og sundag den 12. og 13. juli, frå kl 11.00 16.00.
Lokale utstillarar.
Enkel kafé.
Velkommen små og store.

Adresse

Nisser Hyttegrend 1
Treungen
3855

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Nisser Hyttegrend legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Nisser Hyttegrend:

Snarveier

Del