23/07/2026
Sorteringsmerka gjer det enklare å velje rett dunk – men korleis skal vi sortere det som er laga av fleire materiale? ♻️
Hovudregelen er:
👉 Det som er laga av fleire materiale, skal i restavfall.
Grunnen er at desse tinga ikkje kan gjenvinnast til nye produkt.
Døme kan vere:
• Potetgullposar av plast/papir og aluminium
• Pringles-boksar av papp med metallbotn
• Pillebrett av plast og aluminium
Det finst nokre unntak, som mjølkekartongen – denne skal sorterast som kartong, og du treng ikkje å ta av korka før du kastar den. Korka blir fjerna i gjenvinningsprosessen 👍
💡Restavfallet blir ikkje til nye ting, men blir sendt til energigjenvinningsanlegget Tafjord Kraftvarme i Ålesund. Ved forbrenning blir restavfallet omdanna til straum og varme i bygningar🔥⚡På den måten bidreg restavfallet til mykje lys og mykje varme. 😊