12/08/2026
Eg skulle jo eigentleg ha nokre dagar FRI… 😅 Men så står rylliken der og freistar meg! Og då klarar jo ikkje eg å gå forbi. 🌿😂 Så det måtte bli tinkturproduksjon i bobilen!
Vil du òg prøve å lage rylliktinktur til ditt eige heimeapotek? Gjer som meg:
Eg plukkar rylliken når han er tørr og fin, helst etter nokre timar med opphald og sol. Eg vel nøye kva blomar eg haustar, og plukkar aldri alt i eit felt – marihøner og andre småkryp må få sitt dei òg! 🐞💚
Eg plukkar berre dei knallfine blomane som er i full, frisk blomstring, aldri dei som har begynt å bli brune. Og eg luktar på nokre her og der: Eg vil ha den herlege, karakteristiske, krydra og litt kamferaktige ryllikdufta. 🌼
Så er det superenkelt:
🌿 Grovklipp rylliken.
🌿 Fyll glaset ca. ⅔, laust – ikkje stapp.
🌿 Fyll på sterk alkohol til all rylliken er godt dekt. Til ferske plantar brukar eg minst 60 %.
🌿 Merk glaset med plante og dato.
🌿 Rist/rugg glaset litt dei første dagane.
🌿 La stå mørkt i 4–6 veker – sil av, og tinkturen er klar! ✨
Alkoholen fungerer som ekstraksjonsmiddel og trekkjer ut ei heil blanding av plantestoff frå rylliken. 🌿✨
Eg brukar rylliktinktur som botanisk ingrediens i fleire av Vossabia-produkta våre, men eg likar også å ha ryllik i heimeapoteket. Då bruker eg 20-40 dråpar i eit glas med vatn 1-3 gonger om dagen, alt etter kvifor eg bruker den.
Ryllik er ei fantastisk urt med svært lange tradisjonar. På denne campingturen har me faktisk allereie hatt bruk for ryllik fleire gonger – turen har vore litt forfølgd av uhell 😅😱
Ryllik har tradisjonelt vore brukt på mange måtar, mellom anna ved små sår og blødingar og ved fordøyingsplager, forkjøling og feber. Både fersk og tørka ryllik kan derfor vere ei kjekk urt å kjenne når ein er på tur. 🌿
Så kanskje du òg får lyst til å lage din eigen rylliktinktur? Elles kan du snart kjøpe vår 🥰
Universalplanten ryllik 💚 Heime og på camping!
Det er Vossabia-style det 😂🌿🚐