09/09/2026
🍁Me søker 1 - 2 nye butikkmedarbeidere 🍁
Butikken er i full forvandling, og når me snart opnar dørene igjen med nytt konsept og nye varer, treng me fleire med på laget ! 💚
Me søkjer 1-2 medarbeidere til deltid/ tilkallling, med mulighet for meir etter kvart.
Me ser først og fremst etter deg som passar inn hjå oss- lang CV og mange års erfaring er ikkje det viktigste.
Du bør være:
✨️ Over 18 år
✨️ Må kunne snakke og forstå norsk godt, slik at du kan kommunisere trygt med kundane våre
✨️ Blid, positiv og glad i folk
✨️ Pålitelig og ansvarsfull
✨️ Sjølvstendig og trygg på å jobbe aleine
✨️ Ein som ser kva som må gjerast, og tek initiativ
✨️ Glad i kundeservice og opptatt av at kundane skal føle seg velkomne
✨️ Fleksibel og kunne jobbe både kvardagar og lørdager
Det er ein stor fordel om du er har interesse for klede, mote og butikk, og gjerne sosiale medium- men det viktigste er personlighet, arbeidslyst og godt humør 😀
Hjå oss skal det vera lav terskel for latter, god stemning og eit godt samarbeid. Samtidig er me ein liten butikk, så når du er på jobb må du kunne ta ansvar og halde butikken i gang på eigen hand.
🍁 Oppstart i oktober, etter avtale.
Kanskje det er akkurat DEG me leiter etter?
Send ein kort søknad der du fortel litt om deg sjølv, og kvifor du har lyst å jobba hjå oss. Og kor mykje du har mulighet til å jobba.
Du treng ikkje senda CV.
Søknad sendes på mail til: [email protected]
Søknader blir vurdert fortløpende, so send gjerne søknaden so fort som mulig 😊
Del gjerne - kanskje den rette personen finst i vennegjengen din? 💚