Garn Senter

Garn Senter Garn Senter er ein tradisjonsrik spesialforretning for garn ,stifta i 1969. Me er i dag framleis ei frittståande familiedrevet verksemd . Velkommen innom J

Hjå oss vil du finna dei fleste garnkvalitetar og tilbehør som Du treng for å trylla fram dei finaste plagg. Med omlag 190 forskjellige garnkvalitetar , endå fleire strikkehefter,nødvendig tilbehør, knappar og ikkje minst vår unike fagkunnskap ligg alt tilrette for ein god strikkeopplevelse .....igjen ..og igjen .. Me fører kvalitetar fra dei fleste store leverandørar som :
Dalegarn, Sandnes, Pt / Rauma , Drops, Viking, Hillesvåg, og Nøstebarn. For at Du skal få ta del i dei siste trendar og nyheiter..og at me skal skal kunna tilby Deg den kunnskap som Du fortjener ,deltek me på messer , ofte i samarbeid med dei andre spesialforretningane i FAGSTRIKK.

Me har vore på  messe på Lillestrøm og mykje nytt er på veg 🧶. Nye garnkvalitetar til strikking og hekling. Vesker frå M...
31/08/2026

Me har vore på messe på Lillestrøm og mykje nytt er på veg 🧶. Nye garnkvalitetar til strikking og hekling. Vesker frå Muud og Re-design. Berre og gle seg til strikkehausten.
Dagen vart avslutta med og legga ned blomar ved slottet. Sterk og sjå og oppleva ❤️

I morgo er startar salget 🤩 Me har 20 % på alt garn fram til og med laurdag. Kom innom så hjelper deg med små og store p...
25/08/2026

I morgo er startar salget 🤩 Me har 20 % på alt garn fram til og med laurdag. Kom innom så hjelper deg med små og store prosjekt.

Me får ikkje nok av Fryd Sweater, så her har me fått strikka opp ein ny versjon i haustlege fargar 🍁🍂 Denne gongen brukt...
05/08/2026

Me får ikkje nok av Fryd Sweater, så her har me fått strikka opp ein ny versjon i haustlege fargar 🍁🍂 Denne gongen brukte me Alpakka Lin frå Rauma Garn 🦙🤍 Dette resulterer i ein lett og fin gensar, på knapt 300 gram 🧶 Kanskje kan dette vera ditt nye haustprosjekt? 😍

Me har forelska oss heilt i Storblomgenser frå Alexandra Schonhowd Sørensen 🤎💙💖 Oppskrifta gjer deg moglegheit til å vel...
29/07/2026

Me har forelska oss heilt i Storblomgenser frå Alexandra Schonhowd Sørensen 🤎💙💖 Oppskrifta gjer deg moglegheit til å velja mellom enkel hals og rette ermer, eller dobbel hals og formsittande ermer. Denne er strikka med enkel hals og rette ermer 🧶 Garnet som er brukt er Tumi og Plum frå Rauma Garn ✨

Her finst mange lekre farge- og garnkombinasjonar. Kom innom så hjelper me deg med ditt neste prosjekt i ruskevêret 🤩🌧️

Vega Tee frå LE KNIT / Lene Holme Samsøe , strikka i Tynn Line og Alpakka følgetråd frå Sandnes Garn 🌷🌿Vega Tee har ein ...
17/07/2026

Vega Tee frå LE KNIT / Lene Holme Samsøe , strikka i Tynn Line og Alpakka følgetråd frå Sandnes Garn 🌷🌿

Vega Tee har ein avslappande og feminin passform, med båthals som gjer at den fell lett over skuldrene. Kombinasjonen av Tynn Line og Alpakka følgetråd gjer den også perfekt til norsk sommar ☀️🍃 Me har fleire fargar å velja mellom, og hjelper deg med både garn og oppskrift 🧶 Og vil du strikka den med lange ermer, er det ingenting i vegen for det!

Hekla ein bøttehatt til kampen i morgo 🇳🇴⚽️Me har hekla opp ein i ull. Fleire kvalitetar i raudt, kvitt og blått i ull h...
10/07/2026

Hekla ein bøttehatt til kampen i morgo 🇳🇴⚽️
Me har hekla opp ein i ull. Fleire kvalitetar i raudt, kvitt og blått i ull har me framleis ein del av 🧶
Kom innom i dag så hjelper me deg.

Heilt nytt garn i hyllene 🤩 Mashdale frå Filcolana 🧶 Garnet består av 25% Masham Wool og 75% Corriedale Wool. Det har ei...
03/07/2026

Heilt nytt garn i hyllene 🤩 Mashdale frå Filcolana 🧶 Garnet består av 25% Masham Wool og 75% Corriedale Wool. Det har ein løpemeter på 125 pr 50 gram, og strikkefastleik 21-23 på pinne 3-4.

Det som gjer dette garnet ekstra spesielt er at det berre er at den brune Mashame-ulla er ufarga, medan Corriedale-ulla er farga. Dette gjer eit veldig fint fargespel 🤗

Vil du prøva garnet til helga? Filcolana har mellom anna tre gratis oppskrifter med dette garnet på nettsida si, me hjelper deg gjerne med å finna ditt neste prosjekt 👋🏻

📸 2, 3 og 4: Filcolana.dk

Lyst på din heilt eigen, heimelaga supportarhatt til VM? 🇳🇴 Kjøp garn i dag, og begynn til kampen mot Frankrike i kveld ...
26/06/2026

Lyst på din heilt eigen, heimelaga supportarhatt til VM? 🇳🇴 Kjøp garn i dag, og begynn til kampen mot Frankrike i kveld 🤩⚽️ Me har fleire alternativ til garn du kan bruka, som til dømes dobbel eller trippel tråd Mandarin Petit frå Sandnes Garn eller dobbel tråd Pelini frå Rauma Garn 🧶

Me hjelper deg òg med oppskrift. Både Garn og Greier, Helene Spilling Ødegaard og Rauma Garn har oppskrift du kan bruka for å laga bøttehatt i Norgesfargane 🇳🇴 Dei to sistnemnde er gratis, men det er mogleg å gje eit valfritt bidrag til Barnekreftforeningen, noko både me og Helene Spilling Ødegaard gjerne oppmodar til 🥰

📸 2: Sofie Hodne
📸 3: Helene Spilling Ødegaard

På utkikk etter eit lett, luftig og raskt plagg å strikka? Vara Mohair Tee frå .siri er strikka i tre trådar Primo Tynn ...
19/06/2026

På utkikk etter eit lett, luftig og raskt plagg å strikka? Vara Mohair Tee frå .siri er strikka i tre trådar Primo Tynn Silk Mohair frå Sandnes Garn på pinne 5,5, så denne går unna på pinnane 🤩 Den har ein lett og ledig passform, med eit mjukt uttrykk og subtile linjer. Fin over både sommarkjolar, dongeri eller kvifor ikkje ei skjorte? 🌻

Har du ikkje høyrd om Primo frå Sandnes Garn før? Dette er deira nye Silk Mohair-garn, laga av kun silke og mohair 🐐 Du kan også bruka andre typar silk mohair, slik som Silk Mohair frå Isageryarn og Tilia frå Filcolana , om du ynskjer det.

Kom innom oss så hjelper me deg gjerne med fargar og kvalitetar 👋🏻

Sit du og lurar på kva du skal strikka på? Eller kanskje har du berre lyst på eit nytt prosjekt i den nye veka som kjem?...
14/06/2026

Sit du og lurar på kva du skal strikka på? Eller kanskje har du berre lyst på eit nytt prosjekt i den nye veka som kjem? 🫣 Lun Lenibluse frå Rauma er ein lett og fin gensar på berre 250 gram, strikka i den nyaste garnkvaliteten til Rauma, Lun Merino 🤩⚖️

Ikkje berre er den god å bruka og fin å sjå på - den er også veldig enkel å strikka 🧶 Er du ein av mange som fylgjer med på fotball-VM i desse dagar er denne gensaren altså heilt super som enkel TV-strikk 📺⚽️🥇

Adresse

Vangsgata 50
Vossavangen
5700

Åpningstider

Mandag 09:00 - 17:00
Tirsdag 09:00 - 17:00
Onsdag 09:00 - 17:00
Torsdag 09:00 - 19:00
Fredag 09:00 - 19:00
Lørdag 09:00 - 16:00

Telefon

+4756511662

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Garn Senter legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Garn Senter:

Snarveier

Del